2 Chronicles 36NO1938N

1So tok landslyden og gjorde Joakas, son åt Josias, til konge i Jerusalem etter far hans.

2Joakas var tri og tjuge år gamal då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i tri månader.

3Men kongen i Egyptarland sette han av, so han ikkje fekk råda i Jerusalem lenger, og kravde av landet ei bot på hundrad talent sylv og eit talent gull.

4So gjorde han - Neko, egyptarkongen, Eljakim, bror hans, til konge yver Juda og Jerusalem og brigda namnet hans til Jojakim, men tok Joakas, bror hans, med seg til Egyptarland.

5Jojakim var fem og tjuge år gamal då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i elleve år. Han gjorde det som Herren hans Gud mislika.

6Nebukadnesar, kongen i Babel, gjorde ei herferd imot han og batt han med tvo koparlekkjor og vilde føra han til Babel.

7Nokre av eignelutene i Herrens hus førde han - Nebukadnesar - til Babel og sette dei i templet sitt i Babel.

8Det som meir er å segja um Jojakim og dei avstyggelege ting han gjorde, og alt anna vondt som fanst hjå han, det stend skrive i boki um Israels- og Juda-kongane. Jojakin, son hans, vart konge etter han.

9Jojakin var attan år gamal då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i tri månader og ti dagar. Han gjorde det som Herren mislika.

10Ved årsskiftet sende kong Nebukadnesar herfolk og let dei føra han til Babel, og med han dei dyre eignelutene i Herrens hus; og han gjorde Sedekias, bror hans, til konge yver Juda og Jerusalem.

11Sedekias var ein og tjuge år gamal då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i elleve år.

12Han gjorde det som Herren hans Gud mislika; han audmykte seg ikkje for Jeremias, profeten, som tala ord frå Herrens munn.

13Han gjorde og uppreist mot kong Nebukadnesar, som hadde late han sverja seg truskap ved Gud. Han var hardnakka og strid i hugen og vilde ikkje venda um til Herren, Israels Gud.

14Alle hovdingane for prestane og landslyden forsynda seg og storleg og fylgde alle dei avstyggelege skikkane åt heidningfolki; og dei gjorde Herrens hus ureint, det som HAN hadde helga i Jerusalem.

15Herren, deira fedre-Gud, sende dei seint og tidleg fyretolor med utsendingane sine; for han tykte synd i folket sitt og bustaden sin.

16Men dei spotta Guds utsendingar og vanvyrde ordi hans og hædde profetane hans, til Herrens harme mot folket hans vart so stor at det ikkje fanst botevon meir.

17So let Herren kaldearkongen draga ut imot dei, og HAN drap med sverdet dei unge mennene deira i det heilage huset deira; han sparte korkje svein eller møy, ikkje gamle eller gråhærde folk heller - Herren gav dei alle i hans hender.

18Alle dei ting som fanst i Guds hus, både store og små, og skattane, både dei som var gøymde i Herrens hus, og dei som kongen og hovdingane hans åtte - alt tok han med seg til Babel.

19Dei brende upp Herrens hus og reiv ned murane kring Jerusalem; alle slotti i byen sette dei og eld på, og alle dei dyre eignelutene som fanst der, vart øydelagde.

20Dei som sverdet hadde leivt, førde han i utlægd til Babel. Der laut dei vera trælar for han og sønene hans; til dess persarriket fekk makti.

21Soleis skulde det røynast, det ordet som Herren hadde tala gjenom Jeremias' munn - til dess landet hadde svara sabbatsåri sine; alt medan det låg audt, fekk det kvila - til sytti år var lidne.

22So var det i fyrste styringsåret åt Kyros, kongen i Persia; då vekte Herren, som vilde at det skulde ganga fram det han hadde tala gjenom Jeremias' munn, slike tankar i Kyros, kongen i Persia, at han let ropa ut i heile sitt rike og endå til kunngjera i brev:

23So segjer Kyros, kongen i Persia: Herren, Gud i himmelen, hev gjeve meg alle kongerike på jordi, og han hev sett meg fyre at eg skal byggja han eit hus i Jerusalem og Juda. Er det nokon av dykk som høyrer til folket hans, so vere Herren hans Gud med han, og han kann få fara dit!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 36.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.