1I det fem og tjugande året etter me vart burtførde, ved nyårsleite, den tiande dagen i månaden, i det fjortande året etter byen vart teken, nett den dagen kom Herrens hand yver meg, og han førde meg dit.
2I syner frå Gud førde han meg til Israelslandet og sette meg ned på eit ovhøgt fjell, og på det var det liksom ein uppbygd by i sud.
3Dit førde han meg, og sjå, der stod det ein mann som var å sjå til som kopar; han heldt ei linsnor og ei mælestong i handi, og han stod i porten.
4Mannen tala til meg og sa: Menneskeson, sjå med augo dine og lyd etter med øyro dine og akta vel på alt det eg syner deg! For du er førd hit, so eg kann få syna deg det. Kunngjer for Israels-lyden alt det du ser!
5Og sjå, det var ein mur utanum huset rundt ikring. Mælestongi som mannen heldt i handi, var seks alner lang, kvar aln ei handbreidd lenger enn ei vanleg aln, og han mælte breiddi på muren: ei stong, og høgdi: ei stong.
6So kom han til den porten som snudde i aust og steig uppetter troppestegi; og han mælte dørstokken i porten; han var ei stong breid - det var den fyrste dørstokken, og han var ei stong breid.
7Kvart vaktrom var ei stong langt og ei stong breidt; millom vaktromi var det fem alner, og dørstokken i portane innmed forhalli i porten innvendes var ei stong.
8Han mælte forhalli i porten innvendes; ho var ei stong.
9Og han mælte forhalli i porten; ho var åtte alner, og stolpane hans; dei var tvo alner; forhalli i porten låg på innsida.
10Vaktromi i porten mot aust var tri på kvar sida; alle tri var like store, og stolpane på båe sidor var og like store.
11So mælte han dørviddi på porten: ti alner, og lengdi på porten: trettan alner.
12Framfor vaktromi var det ei sval på ei aln, og på hi sida like eins ei sval på ei aln, og kvart vaktrom var seks alner på den eine sida og seks alner på hi.
13So mælte han porten frå taket på det eine vaktromet til taket på hitt; breiddi var fem og tjuge alner, dør midt imot dør.
14Han gjorde stolpane seksti alner høge, og tett innåt stolpane låg fyregarden, rundt ikring porten.
15Frå framsida på inngangsporten til framsida på forhalli i den indre porten var det femti alner.
16Det var vindaugo med fast traleverk fyre på vaktromi og på stolpane deira innantil imot porten rundt ikring, og like eins på hallene; soleis var det vindaugo rundt ikring innantil, og på stolpane var det palmor.
17So førde han meg til den ytre fyregarden, og sjå, der var kovar og eit steinlagt golv i fyregarden rundt ikring; det var tretti kovar på steingolvet.
18Steingolvet låg frammed sideveggene på portane, jamlangt med portlengdene; det var det lægre steingolvet.
19Han mælte breiddi frå framsida åt den nedre porten til den ytre framsida åt den indre fyregarden: hundrad alner austetter og nordetter.
20So mælte han lengdi og breiddi på den porten som snudde i nord, og som høyrde til den ytre fyregarden.
21Den og hadde tri vaktrom på kvar sida, og stolpane og hallene var like store som dei i den fyrste porten; femti alner lang og fem og tjuge alner breid var han.
22Vindaugo og hallene og palmone her var like stor som i den porten som vende i aust; på sju troppesteg steig dei upp i han, og hallene låg framanfor dei.
23Og porten til den indre fyregarden låg midt imot porten som vende i nord og i aust, og han mælte hundrad alner frå port til port.
24So let han meg ganga sudetter, og sjå, der var ein port som snudde i sud; og han mælte stolpane og hallene der og; dei heldt same mælet som hine.
25Det var vindaugo på han og på hallene rundt ikring, like eins som dei andre vindaugo; han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.
26Troppi der hadde sju steg, og hallene låg framanfor dei, og på stolpane var det palmor, ei på kvar sida.
27Og det var ein port til den indre fyregarden på sudsida, og frå den porten til sudporten mælte han hundrad alner.
28So førde han meg til den indre fyregarden gjenom sudporten, og han mælte sudporten: han heldt same målet som hine.
29Og vaktromi og stolpane og hallene der heldt same målet som hine, og det var vindaugo på han og på hallene rundt ikring; han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.
30Og det var haller rundt ikring, fem og tjuge alner lange og fem alner breide.
31Hallene snudde ut imot den ytre fyregarden, og på stolpane var det palmor, og troppi hadde åtte steg.
32So førde han meg til din indre fyregarden på austsida, og han mælte porten: han heldt same målet som hine.
33Vaktromi og stolpane og hallene der heldt same målet som hine; og det var vindaugo på han og på hallene rundt ikring; han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.
34Hallene låg ut imot den ytre fyregarden, og det var palmor på stolpane på båe sidor, og troppi hadde åtte steg.
35So førde han meg til nordporten og mælte han: han heldt same målet som hine;
36like eins mælte han vaktromi, stolpane og hallene der, og det var vindaugo på han rundt ikring; han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.
37Stolpane der snudde imot den ytre fyregarden, og det var palmor på stolpane på båe sidor, og troppi hadde åtte steg.
38Det var ein kove med dør i portstolpane; der skulde dei skylja brennofferet.
39Og i forhalli åt porten stod det tvo bord på kvar sida til å slakta brennofferet og syndofferet og skuldofferet på.
40Innmed den ytre sideveggen, når ein steig upp i inngangen til nordporten, stod dei og tvo bord, og innmed hin sideveggen på forhalli åt porten stod det like eins tvo bord.
41Det vart då fire bord innmed kvar sidevegg på porten, i alt åtte bord; på dei skulde dei slakta.
42So stod der fire bord til brennofferet; dei var av tilhoggen stein, halvonnor aln lange og halvonnor aln breide og ei aln høge; på dei skulde dei leggja ambodi til å slakta brennofferet og slaktofferet med.
43Tvigreina nabbar, ei tverrhand breide, var feste på huset rundt ikring, og på bordi skulde offerkjøtet leggjast.
44Utanfor indreporten var det kovar åt songarane i den indre fyregarden, innmed sideveggen på nordporten, og framsida deira snudde i sud; og ei onnor koverad låg innmed sideveggen på austporten, med framsida mot nord.
45Og han tala til meg og sa: Denne koveradi, som snur i sud med framsida si, er åt dei prestane som hev umsut med det som skal gjerast i huset;
46men den koveradi som snur i nord med framsida si, er åt dei prestane som hev umsut med altartenesta; det er Sadoks-sønene dei av Levi-sønene som kjem nær innåt Herren og tener han.
47So mælte han fyregarden: han var hundrad alner lang og hundrad alner breid i firkant; og altaret stod framanfor huset.
48So førde han meg til forhalli i huset og mælte stolpane i forhalli: dei var fem alner på den eine sida og fem alner på hi, og breiddi på porten: tri alner på kvar sida.
49Forhalli var tjuge alner lang og elleve alner breid, og ho hadde troppesteg som dei steig upp til henne på; og innmed stolpane stod det sulor, ei på kvar sida.