Ezekiel 39NO1938N

1Og du menneskeson, spå mot Gog og seg: So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg kjem yver deg, Gog, du fyrste yver Ros, Mesek og Tubal!

2Eg vil snu deg um og jaga deg fram og føre deg upp frå landet lengst nord i heimen og lata deg koma upp på Israelsfjelli.

3Der vil eg slå bogen din utor vinstre handi og lata pilene dine detta utor høgre handi.

4På Israelsfjelli skal du falle, du og all herskarane dine og folkeslagi som er med deg; eg gjev deg til mat åt alle slag rovfuglar og åt villdyri på marki.

5På marki skal du falla; for eg hev tala, segjer Herren, Israels Gud.

6Og eg vil senda eld mot Magog og mot dei som bur trygt i øylandi; og dei skal sanna at eg er Herren.

7Mitt heilage namn vil eg gjera kunnigt bland mitt folk Israel, og aldri meir vil eg lata mitt heilage namn verta vanhelga; og folkeslagi skal sanna at eg er Herren, heilag i Israel.

8Sjå, det kjem, det hender, segjer Herren, Israels Gud; det er dagen som eg hev tala um.

9Då skal dei som bur i Israelsbyane, ganga ut og gjera upp eld og nøra han med herbunader og små og store skjoldar, med bogar og piler og stavar og spjot, og dei skal bruka det til å elda med i sju år;

10dei skal ikkje henta ved or marki og ikkje hogga i skogane, men med herbunadene skal dei elda; og dei skal rana sine ransmenner og herja sine herjarar, segjer Herren, Israels Gud.

11På den dagen vil eg gjeva Gog ein gravstad i Israel, Ferdamannsdalen austanfor havet, og han skal stengja vegen for ferdafolket; der skal dei gravleggja Gog og heile mannemugen hans og dei skal kalla staden Gogs-muge-dalen.

12I sju månader skal Israels-lyden halda på med å jorda dei, so landet kann verta reinsa.

13Heile landslyden skal vera med og jorda dei, og det skal gjera dei namngjetne den dagen eg syner meg herleg, segjer Herren, Israels Gud,

14Dei skal velja ut nokre menner som stødt skal fara um i landet, og andre som skal hjelpa dei til å jorda dei som ligg att utyver marki rundt ikring i landet, so dei fær reinsa det. Når sju månader er lidne, skal dei taka til med leitingi;

15og når dei er ute på si ferd, dei skal fara um i landet, og einkvan av dei fær sjå eit mannebein, so skal dei setja upp et merke der, til gravarane fær grave det ned i Gogs-muge-dalen.

16Det skal vera ein by der med namnet Hamona. Soleis skal og dei reinsa landet.

17Og du menneskeson! So segjer Herren, Israels Gud: Seg til allslags fuglar og til alle villdyri på marki: Samla dykk saman og kom, sanka dykk frå alle leider til slaktofferet som eg slaktar åt dykk, eit stort slaktoffer frå Israelsfjelli; de skal få eta kjøt og drikka blod.

18Kjøt av kjempor skal de få eta, og blod frå fyrstar skal de få drikka, verar, lamb og bukkar og uksar, gjødde i Basan alle i hop.

19De skal få eta dykk mette på feitt og drikka dykk drukne på blod av slaktofferet som eg slaktar åt dykk.

20De skal verta mette ved mitt bord med ridehestar og vognhestar, med kjempor og hermenner av alle slag, segjer Herren, Israels Gud.

21Eg vil syna meg herleg millom folki, og alle folki skal sjå den domen som eg hev halde, og mi hand som eg hev lagt på dei.

22Israels-lyden skal sanna at eg er Herren deira Gud, frå den dagen og framleides;

23og folkeslagi skal skyna at det var for si misgjerning Israels-lyden vart burtførd, for di dei for med svik imot meg, so eg løynde mi åsyn for dei og gav dei i fiendehand, so dei fall for sverd alle saman,

24etter deira ureinskap og deira brot for eg fram imot dei og løynde mi åsyn for dei.

25Difor segjer Herren, Israels Gud, so: No vil eg enda Jakobs fangetid og miskunna heile Israels-lyden og vera ihuga for mitt heilage namn.

26Og dei skal bera si skam og all si utrue framferd imot meg, når dei bur trygt i landet sitt, og ingen skræmer dei.

27Når eg fører dei attende frå folkeslagi og sankar dei frå fiendelandi og syner min heilagdom på dei for augo på dei mange folki,

28då skal dei sanna at eg er Herren deira Gud; for um eg førde dei burt til folkeslagi, so hev eg samla dei att i deira eige land og let ikkje ein einaste av dei vera att der ute.

29So vil eg aldri meir løyna mi åsyn for dei, for eg vil renna ut min Ande yver Israels-lyden, segjer Herren, Israels Gud.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 39.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.