Bible

Focus

On Your Ministry and Not Your Media

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Ezekiel 24

:
Norwegian - NO1938N
1 Herrens ord kom til meg i det niande året, den tiande dagen i tiande månaden, og det lydde so:
2 Menneskeson! Skriv upp åt deg namnet denne dagen, nett denne dagen! Babel-kongen hev lægra seg mot Jerusalem nett i denne dag.
3 Og set fram ei likning for den trassige ætti og seg til dei: So segjer Herren, Israels Gud: Set gryta, set henne og slå vatn uppi henne!
4 Hav kjøtstykki nedi henne, gode stykke alle, lår og bog! Fyll henne med dei likaste mergbein!
5 Tak det likaste av småfenaden og gjer so eit eldsmål uppunder henne til å koka beini! Lat det fosskoka! Beini nedi henne kokar alt.
6 Difor segjer Herren, Israels Gud, so: Usæl blodbyen, den rusta gryta, som rusti ikkje hev gjenge av! Tak utor henne stykke for stykke! Det vert ikkje lutkasting um det.
7 For blodet ho hev rent ut, er der endå; ho hev helt det ut snaude berget, ho hev ikkje rent det ut jordi, so moldi kunde løyna det.
8 Eg vilde sleppa harmen min laus, eg vilde taka hemn; difor let eg blodet koma snaude berget, so det ikkje skulde verta løyndt.
9 Difor segjer Herren, Israels Gud, so: Usæl blodbyen! Eg og vil gjera eldsmålet stort.
10 Legg dugeleg med ved, kveik upp elden! Koka kjøtet møyrt, og lat sodet verta innkoka, so beini vert brende,
11 og lat henne standa tom glørne, so ho vert heit og koparen glodheit, so ureinska kann smelta utor henne og rusti tærast burt!
12 Eg møddest so sårt med henne men endå gjekk ho ikkje av, denne tjukke rusti. I elden med rusti hennar!
13 Ureinska di er ei skam; etter di eg freista å reinsa deg, men du ikkje vart rein, so skal du ikkje verta rein heretter fyrr eg fær døyva min harm deg.
14 Eg, Herren, hev tala; det kjem, og eg vil setja det i verk; eg let det ikkje ugjort og sparer ikkje og angrar ikkje; etter di åtferd og dine gjerningar skal dei døma deg, segjer Herren Israels Gud.
15 Herren ord kom til meg, og det lydde so:
16 Menneskeson! Sjå, med ein brådaude tek et frå deg den som dine augo hev hugnad i; men du skal ikkje harma deg og ikkje gråta, og ikkje ei tåra renna.
17 Sukka i løynd og haldt ikkje syrgjehøgtid som etter ein avliden! Bitt huva di deg og tak skor føtene, sveip ikkje noko kring skjegget og et ikkje mat som folk sender deg!
18 So tala eg til folket um morgonen, og kona mi døydde um kvelden; og morgonen etter gjorde eg som eg var fyresagd.
19 sa folket til meg: Vil du ikkje segja oss kva det skal tyda at du fer so åt?
20 Eg svara: Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
21 Seg til Israels-lyden: So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg vanhelgar heilagdomen min, som de lit i ovmod, som augo dykkar hev hugnad i, og sjeli dykkar trår etter; og sønene og døtterne dykkar, som de hev leivt etter dykk, skal falla for sverd.
22 skal de gjera som eg hev gjort: De skal ikkje sveipa noko kring skjegget dykkar og ikkje eta maten som folk sender dykk;
23 huvone dykkar skal de hava hovudet og skorne dykkar føtene de skal ikkje barma dykk og ikkje gråta; men de skal visna burt i dykkar misgjerningar og sukka dykk imillom.
24 Esekiel skal vera eit teikn for dykk; heiltupp som han hev gjort, skal de gjera. Når det kjem, skal de sanna at eg er Herren, Israels Gud.
25 Og du menneskeson! Den dagen eg tek frå dei deira trygd, deira herlege frygd, det som augo deira hadde hugnad i, og sjeli deira trådde etter, sønene og døtterne deira,
26 den dagen skal det koma rømingar til deg og gjera det kunnigt for folk.
27 Den dagen skal du lata upp munnen, når rømingane er komne, og du skal tala og ikkje lenger vera mållaus, og du skal vera eit teikn for dei, og dei skal sanna at eg er Herren.