Ezekiel 23NO1938N

1Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

2Menneskeson! Det var tvo kvinnor, døtter åt ei mor.

3Dei dreiv hor i Egyptarland, i sin ungdom dreiv dei hor; der tukla dei med brjosti deira og tok på deira møyarbarm.

4Den eldste heitte Ohola, og systeri Oholiba. Og dei vara mine og fødde søner og døtter. Um namni deira er å segja: Ohola er Samaria og Oholiba Jerusalem.

5Ohola dreiv hor og var utru mot meg; ho tok til å lysta etter elskarane sine, etter assyrarane, grannane hennar,

6der dei kom klædde i blått purpur og var jarlar og landshovdingar, fagre sveinar alle saman, ridarar på hestane sine.

7Ho heldt seg med dei i hordom, med alle dei gildaste av Assurs-sønene; ho sulka seg med alle som ho lyste etter - med alle avgudane deira.

8Med sin horelivnad frå Egyptarland gav ho ikkje upp; for dei hadde lege med henne i hennar ungdom, og dei hadde teke på hennar møyarbarm og helt ut yver henne sin hordom.

9Difor gav eg henne i hendene på elskarane hennar, i hendene på Assurs-sønene, som ho lyste etter.

10Dei nækte blygsli hennar; sønene og døtterne hennar tok dei, og henne sjølv drap dei med sverd; ho vart namngjeti millom kvinnor, og dom heldt dei yver henne.

11Og endå Oholiba, syster hennar, såg det, vart ho skamlausare i sine lyster enn ho, og verre i sin hordom enn syster si.

12Ho lyste etter Assurs-sønene, jarlar og landshovdingar som dei var, og grannar, gildt klædde, ridarar på sine hestar, fagre sveinar alle saman.

13Eg såg at ho var sulka; ein og same veg gjekk dei båe.

14Men ho for endå lenger med hordomen sin. Då ho såg mannsbilete som var rita på veggen, bilete av kaldearar, måla med raude leter,

15med belte um lendene, med nedhangande farga huvor på hovudet, å sjå til som vognkjempor alle saman, bileti av Babels-sønene, som hev Kaldea til heimland,

16då brann ho av lystnad fyrst ho såg dei for sine augo, og ho sende bod til dei i Kaldea.

17Og Babels-sønene kom til henne og låg med henne i elskhug og sulka henne med hordomen sin; men då ho vel var utsulka med dei, vende hennar sjel seg frå dei.

18Då ho for so berrsynt fram med sin hordom og nækte blygsli, vende mi sjel seg frå henne, liksom mi sjel hadde vendt seg frå syster hennar.

19Men ho gjekk endå lenger i sin hordom; ho kom i hug ungdomsdagane sine, då ho dreiv hor i Egyptarlandet,

20og tok til å lysta etter horkarane der, som hadde kjøt nett som asen og fløde som hestar.

21So trådde du på nytt lag etter ulivnaden i din ungdom, då egyptarane tok på barmen din for di du hadde møyarbrjost.

22Difor, Oholiba, segjer Herren Israels Gud, so: Sjå, eg eggjar elskarane dine imot deg, dei som sjeli di hev vendt seg frå, og let dei koma yver deg frå alle leider.

23Babels-sønene og alle kaldearane, Pekod og Sjoa og Koa, og alle Assurs-sønene med dei, fagre sveinar, jarlar og landshovdingar alle saman, vognkjempor, namngjetne menner, ridande på hestar alle saman.

24Dei skal koma yver deg med stridsmakt, vogner og hjul, og med ein flokk men folkeslag; stor skjoldar og små-skjoldar og hjelmar skal dei setja upp imot deg rundt ikring, og eg vil setja dei til domarar, og dei skal døma deg med domane sine.

25Eg vil lata deg få kjenna min brennhug, og dei skal fara fram med det i vreide; nosi og øyro skal dei skjera av deg, og dei som vert att av deg skal falla for sverd; dei skal taka sønene og døtterne dine, og dei som vert att av deg, skal elden øyda.

26Dei skal draga av deg klædi og taka dei gilde prydnadstingi dine.

27Soleis vil eg gjera ende på di skjemdarferd og din horelivnad frå Egyptarlandet, og du skal ikkje meir lyfta augo dine til dei og ikkje tenkja på Egyptarland meir.

28For so segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg gjev det i hendene på dei som du hatar, i hendene på dei som di sjel hev vendt seg frå.

29Og dei skal fara fram mot deg i hat og taka alt det du hev streva i hop, og lata deg etter seg naki og berr; horeblygsli di skal verta nækt, og di skjemdarferd og din hordom skal verta synberr.

30Dette skal dei gjera med deg av di du for etter heidningfolk i hordom, av di du sulka deg med dei ufysne avgudane deira.

31Du hev fylgt i faret åt syster di; difor gjev eg deg same staupet som ho laut tøma.

32So segjer Herren, Israels Gud: Staupet åt syster di skal du drikka, det djupe og vide; du skal verta til lått og spott - det tek mykje.

33Av rus og sorg skal du verta full - eit staup med øyding og tyning er staupet åt Samaria, syster di.

34Du skal drikka det ut til siste dropen, og du skal gnaga på broti av det og flengje brjosti dine sund; for eg hev tala, segjer Herren, Israels Gud.

35Difor segjer Herren, Israels Gud, so: Etter di du gløymde meg og kasta meg attum din rygg, so skal du bøta for di skjemdarferd og din hordom, du og.

36Og Herren sa til meg: Menneskeson! Vil du døma Ohola og Oholiba? Minn dei um styggedomen deira!

37For dei hev drive hor, og det er blod på hendene deira, med dei ufysne avgudane sine hev dei drive hor; ja, jamvel borni sine, som dei hadde født åt meg, hev dei lata ganga gjenom elden, so dei skulde eta dei.

38Dette og gjorde dei mot meg: Same dagen sulka dei heilagdomen min og vanhelga sabbatane mine.

39Same dagen som dei hadde slakta borni sine åt sine ufysne avgudar, kom dei inn i min heilagdom og vanhelga han; sjå, soleis for dei åt i mitt hus.

40Ja, dei sende jamvel bod etter menner som skulde koma langveges ifrå; ein sendemann vart skikka av stad, og sjå, dei kom; då hadde du lauga deg for dei og sminka augo og teke på deg dine prydnadsting.

41Og du sat på ein briken legebenk, og framanfor han var duka eit bord, og min røykjelse og min olje hadde du sett på det.

42Ståket av ein velnøgd lyd kunde ein høyra der inne, og attåt dei mennene av folkehopen som var der, henta dei drykkjebrør frå øydemarki, og dei gav dei armband på hendene og ei prydeleg kruna på hovudet,

43Då sa eg um den utlevde skjøkja: No fyrst driv dei ukjurskapen i det store med henne, ja med henne.

44Dei gjekk inn til henne nett som dei gjeng inn til ei skjøkja; soleis gjekk dei inn til Ohola og Oholiba, horkonone.

45Men rettferdige menner skal døma dei, som ein dømer horkonor og kvinnor som renner ut blod; for horkonor er dei, og det er blod på hendene deira.

46For so segjer Herren, Israels Gud: Eg vil føra fram ein folkeskare mot dei og lat dei lida hard medferd og plundring.

47Folkeskaren skal steina dei i hel og hogga dei sund med sverdi sine; sønene og døtterne deira skal dei drepa, og husi deira skal dei brenna upp.

48Soleis vil eg gjera ende på skjemdarferdi i landet, og alle kvinnor skal læra å vara seg, so dei ikkje fer med slik ei skjemdarferd som de.

49Dei skal leggja skjemdarferdi dykkar på dykk sjølve, og de skal bøta for dykkar synder med dei ufysne avgudane dykkar, og de skal sanna at eg er Herren, Israels Gud.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 23.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.