Ezekiel 19NO1938N

1Og du, set i med ein syrgjesong yver Israels fyrstar

2og seg: Kvar er mor di? Ei løvemor. Millom løvor låg ho; millom ungløvor ol ho sine ungar.

3Ho fødde upp ein av ungane sine; ei ungløva vart han, han lærde å rana og røva, menner åt han.

4Men heidningfolk fekk høyra um han; han vart fanga i deira grav, og med naseringar på vart han førd til Egyptarland.

5Då ho såg ho hadde venta til fåfengs, at all hennar von var spilt, so tok ho ein til av sine ungar og gjorde ei ungløva av han.

6Han sveiv ikring millom løvor, ei ungløva sjølv, og han lærde å rana og røva, menner åt han.

7Han skjemde enkjone deira og la deira byar øyde, og landet og alt som der var, tok fæla av buringi hans.

8Då sette dei garnet sitt upp imot han, folki frå fylki rundt ikring, og breidde det ut yver han; han vart fanga i gravi dei grov.

9So gav dei han krok i nosi og sette han i eit bur og førde han til kongen i Babel; der sette dei han i ei tjukkmura borg, so ingen skulde høyra røysti hans meir på Israelsfjelli.

10Medan du fekk vera i ro, var di mor som eit vintre planta attmed vatn; rikt på frukt og på greiner var det av alt det vatnet det hadde.

11Det fekk sterke greiner, tenlege til styrarstavar, høgt voks det upp millom skyene, og det var audsynt for si høgd og dei mange rankane sine.

12Då vart det rive upp i harm og kasta på jordi, og austanvinden forturka frukti; dei sterke greinene på det vart rivne av og torna; elden åt dei upp.

13No er det planta i øydemarki, i eit land so turt og tyrst.

14Og eld gjekk ut frå den kvistute greini; han øydde frukti, og det hev ikkje meir nokor sterk grein til styrarstav. - Ein syrgjesong er dette, og til ein syrgjesong skal det verta.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 19.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.