1Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
2Korleis kann de bruka dette ordtøket i Israels land: Federne et sure druvor, og borni vert sårtennte?
3So visst som eg lever segjer Herren, Israels Gud: De skal ikkje få bruka dette ordtøket meir i Israel.
4Sjå alle sjeler høyrer meg til, både sjeli åt faren og sjeli åt sonen; meg høyrer dei til; den som syndar han skal døy.
5Og når ein mann er rettferdig og gjer rett og rettferd,
6ikkje et [avgudsoffer] på fjell og ikkje lyfter augo til dei ufysne avgudane åt Israels-lyden og ikkje skjemmer kona åt næsten sin og ikkje kjem nær ei kvinna når ho er urein,
7og ikkje er hard imot nokon, men let skuldmannen få pantet sitt att. Ikkje ranar og røvar, men gjev den svoltne brød og klæder den nakne,
8ikkje låner ut for renta og ikkje tek yvermål, held si hand borte frå urett, feller rett dom mann og mann imillom,
9lever etter mine bod og held mine lover, so han gjer det som rett og godt er - han er rettferdig, leva skal han, segjer Herren Israels Gud.
10Men fær han ein son som vert ein valdsmann, som renner ut blod og gjer noko slag at alt dette
11som ikkje noko av dette ber seg åt [som faren hev gjort], men endå til eit [avgudsoffer] på fjelli og skjemmer kona åt næsten sin,
12er hard imot armingen og fatigmannen, ranar og røvar, ikkje gjev pantet att, lyfter augo til dei ufysne avgudane fer med styggedom,
13låner ut for rente og tek yvermål - skulde so han få leva! Alt dette avstyggelege hev han gjort; lata livet skal han, blodet hans skal koma yver han.
14Men fær so han att ein son som ser alle syndene som far hans gjer - ser dei og ikkje gjer det same,
15ikkje et [avgudsoffer] på fjelli og ikkje lyfter augo til avgudane åt Israels-lyden, ikkje skjemmer kona åt næsten sin,
16ikkje er hard imot nokon, ikkje tek pant, ikkje ranar og røvar, men gjev den svoltne sitt brød og klæder den nakne
17ikkje forgrip seg på armingen, ikkje tek renta eller yvermål, men gjer etter mine lover og lever etter mine bod, so skal han ikkje døy for misgjerningi åt far sin; leva skal han.
18Men far hans, som for med valdsverk, rana og røva frå bror sin og gjorde det som ikkje er godt, millom landsmennene sine, sjå, han lyt døy for si misgjerning.
19Men de segjer: Kvifor skal ikkje sonen bera misgjerningi åt faren? - Sonen hev då gjort rett og rettferd, alle mine bod hev han halde og gjort etter dei; leva skal han.
20Den som syndar, han skal døy; ein son skal ikkje bera misgjerningi åt far sin, og ein far skal ikkje bera misgjerningi åt son sin; yver den rettferdige skal hans rettferd vera, og yver den ugudlege skal hans gudløysa vera.
21Men når den ugudlege vender um frå alle syndene han hev gjort, og held alle mine bod og gjer rett og rettferd, då skal han leva og ikkje døy.
22Alle misgjerningane han hev gjort skal vera gløymde; for den rettferd skuld som han hev gjort, skal han leva.
23Skulde eg hava hugnad i det at den ugudlege døyr? segjer Herren, Israels Gud. Trur de ikkje at eg heller vil han skal venda um frå sin veg og leva?
24Men når ein rettferdig vender um frå si rettferd og gjer urett, all slik styggedom som dei ugudlege fer med, skulde han då få leva? Alle dei rettferdige gjerningar han gjorde, skal verta gløymde; for svikferdi si og for syndi han gjorde, skal han døy.
25Og de segjer: Herrens åtferd er ikkje rett. Høyr då, du Israels-lyd! Er ikkje mi åtferd rett? Er det ikkje dykkar åtferd som ikkje er rett?
26Når ein rettferdig vender um frå si rettferd og gjer urett, so lyt han bøta for det og døy; for den uretten han gjer, skal han døy.
27Og når ein ugudleg vender um frå si ugudlege åtferd og gjer rett og rettferd, so skal han berga sitt liv.
28Han såg alle misgjerningane han hadde gjort, og vende um frå dei; leva skal han - han skal ikkje døy.
29Men Israels-lyden segjer: Herrens åtferd er ikkje rett. Er ikkje mi åtferd rett, du Israels-lyd? Er det ikkje dykkar åtferd som ikkje er rett?
30Difor vil eg døma dykk, du Israels-lyd, kvar og ein etter hans åtferd, segjer Herren, Israels Gud. Vend um og vend dykk burt frå alle dykkar brot, so ikkje nokor misgjerning skal føra dykk til fall!
31Kasta frå dykk alle dykkar brot som de hev misfare dykk med, og få dykk eit nytt hjarta og ei ny ånd! Kvifor vil de døy, du Israels-lyd?
32For eg vil ikkje at nokon skal døy, segjer Herren, Israels Gud; so vend då um, so skal de leva!