Bible

Elevate

Your Sunday Morning Worship Service

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Exodus 37

:
Norwegian - NO1938N
1 So gjorde Besalel kista. Ho var av akasietre, halvtridje aln lang, halvonnor aln breid og halvonnor aln høg.
2 Han klædde henne med skirt gull både innan og utan, og gjorde ein gullkrans henne rundt ikring.
3 Og han støypte fire gullringar, som han feste i dei fire føtene kista, tvo den eine sida og tvo den andre.
4 So gjorde han stenger av akasietre og klædde dei med gull
5 og smøygde dei inn i ringane sidone av kista til å bera henne etter.
6 So gjorde han ein nådestol, av skirt gull, halvtridje aln lang og halvonnor aln breid.
7 endane av den gjorde han tvo kjerubar; av drive gull gjorde han dei
8 den eine kjeruben ytst den eine enden og den andre ytst hin enden; i eitt med nådestolen gjorde han kjerubane, ein kvar ende.
9 Kjerubane heldt vengene utbreidde og upplyfte, so dei tekte yver nådestolen med vengene sine, og andleti deira snudde mot kvarandre; dei vende augo mot nådestolen.
10 So gjorde han bordet; det var av akasietre, tvo alner langt og ei aln breidt og halvonnor aln høgt.
11 Han klædde det med skirt gull og gjorde ein gullkrans det rundt ikring.
12 Rundt um det gjorde han ei list so breid som ei hand, og listi sette han og ein gullkrans som gjekk heilt ikring.
13 So støypte han fire gullringar og sette i hyrno dei fire bordføtene.
14 Ringane sat tett uppmed listi, dei var til å smøygja berestenger inn i.
15 Stengene gjorde han av akasietre og klædde dei med gull; dei var det bordet skulde berast etter.
16 So gjorde han dei kjeraldi som skulde setjast bordet, fati og skålene som høyrde til, og bollane og kannone som skulde skjenkjast drykkoffer av, alt av skirt gull.
17 So gjorde han ljosestaken; den var av skirt gull, og drive arbeid var det, både hoven og leggen. staken var det blomar med knuppar og utsprotne blad, og dei var samgjorde med han.
18 Seks armar greina seg ut ifrå han, tri den eine sida og tri den andre.
19 den eine armen var det tri utsprotne mandelblomar med knupp og blad, og den andre armen var og tri utsprotne mandelblomar med knupp og blad, og soleis alle dei seks armane som greina seg ut ifrå ljosestaken.
20 sjølve staken var det fire utsprotne mandelblomar med knupp og blad,
21 ein blomsterknupp under dei fyrste tvo armane, og ein under dei neste tvo armane, og ein under det tvo øvste armane - ein knupp under kvart par av dei seks armane som greina seg ut ifrå ljosestaken.
22 Både blomsterknuppane og armane var samsmidde med staken; alt var eit heilgjort arbeid av drive, skirt gull.
23 Sidan gjorde han lampone til ljosestaken, sju i talet, og saksene og saksplatone som høyrde til, alt av skirt gull.
24 Ein talent skirt gull bruka han til ljosestaken og alle gognene som høyrde til.
25 So gjorde han røykofferaltaret av akasietre, ei aln langt, ei aln breidt, firkanta, og tvo alner høgt. Horni det var i eitt med sjølve altaret.
26 Han klædde det med skirt gull både ovanpå og rundt ikring sidone og horni, og gjorde ein gullkrans det heilt ikring.
27 Nedanfor kransen dei tvo sidone sette han tvo gullringar, tvo kvar sida, til å smøygja stenger inn i, som altaret skulde berast etter.
28 Stengene og gjorde han av akasietre og klædde dei med gull.
29 So laga han den heilage salvingsoljen og den reine, angande røykjelsen, same måten som salveblandarane gjer det.