Bible

Transform

Your Worship Experience with Great Ease

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Exodus 36

:
Norwegian - NO1938N
1 Og Besalel og Oholiab og alle dei andre kunstnarane, som Herren hadde gjeve vit og kunnskap, so dei skyna seg alt arbeidet som laut til når heilagdomen skulde gjerast ferdig, dei gjorde i alle måtar so som Herren hadde sagt.
2 For Moses kalla Besalel og Oholiab og alle hage menner som hadde fenge kunstnargåva frå Herren, alle som hugen dreiv, til å taka fat verket og fullføra det.
3 Og dei fekk hjå Moses heile den reida som Israels-borni hadde bore fram til det arbeidet som laut gjerast so heilagdomen kunde verta ferdig. Men folket bar av seg sjølve nye gåvor til han kvar morgon.
4 Og alle dei meistrane som stod fyre alt arbeidet heilagdomen, kom ein for ein til Moses frå arbeidet sitt,
5 og sa: Folket kjem med mykje meir enn me treng til det verket som Herren vil ha gjort.
6 let Moses ropa ut yver heile lægret: Anten det er mann eller kvinna, so tarv ingen syta for fleire gåver til heilagdomen. So let folket vera å koma med meir.
7 Men det vyrket som var frambore, var nok, og meir enn nok, til alt arbeidet som skulde gjerast.
8 So tok alle dei hagaste handverkarane til å arbeida tabernaklet. Dei gjorde det av ti åklædevever av fint tvinna lingarn og blå og purpurraud og karmosinraud ull, og i dei var det innvove kjerubar i kunstvevnad.
9 Kvar vev var åtte og tjuge alner lang og fire alner breid; alle vevene heldt same målet.
10 Fem av vevene skøytte dei i hop til eit teppe, og like eins dei hine fem vevene.
11 I jaren den fyrste veven, ytst det eine teppet, gjorde dei lykkjor av blå ull, og sameleis i jaren den ytste veven i det andre teppet.
12 Femti lykkjor sette dei den fyrste veven og femti lykkjor i jaren den som høyrde til det andre teppet, soleis at lykkjone svara mot kvarandre.
13 Og femti gullkrokar gjorde dei og hekta åklædeteppi i hop med, so det vart eitt hus av dei.
14 So vov dei ryor av geiteragg til tekkja yver tabernaklet; elleve sovorne ryor vov dei.
15 Kvar vev var tretti alner lang og fire alner breid; alle dei elleve vevene heldt same målet.
16 Fem av ryevevene skøytte dei i hop til eit teppe for seg, og dei hine seks til eit anna teppe.
17 I jaren den fyrste veven i det eine teppet gjorde dei femti lykkjor, og i jaren den andre skøytingsveven femti lykkjor.
18 Og femti koparkrokar gjorde dei til å festa raggeteppi i hop med, so det vart eit tak av dei.
19 Sidan gjorde dei eit tak av raudleta verskinn til å leggja yver raggeteppi og eit tak av takasskinn til å leggja ovanpå det att.
20 So gjorde dei plankane åt tabernaklet. Dei var av akasietre og vart reist ende.
21 Ti alner lange var dei og halvonnor aln breide,
22 og kvar planke var der tvo tappar med ei tverrlist imillom. So gjorde dei med alle plankane i tabernaklet.
23 Tjuge av dei plankane som dei gjorde til tabernaklet, reiste dei solsida, sudsida.
24 Og fyrti sylvstabbar gjorde dei til å setja under desse tjuge plankane, tvo stabbar under kvar planke, so båe tappane kunne festast i dei.
25 Til den andre sida av tabernaklet, nordsida, gjorde dei og tjuge plankar
26 med sine sylvstabbar, tvo til kvar planke.
27 Til baksida av tabernaklet, vestsida, gjorde dei seks plankar,
28 og til hyrno den same sida, tvo plankar;
29 dei var tviluta alt nedantil, og båe lutene held fullt mål heilt upp åt taket til den fyrste ringen. So gjorde dei med båe tvo, i båe hyrno.
30 Soleis kom det baksida åtte plankar med sine sylvstabbar, sekstan sylvstabbar, tvo til kvar planke.
31 So gjorde dei tverrstenger av akasietre, fem til plankane den eine sida av tabernaklet,
32 fem til plankane den andre sida, og fem til plankane baksida av tabernaklet, mot vest.
33 Og midtstongi laga dei so at ho gjekk tvert yver frå ende til ende, midt etter plankeveggen.
34 Plankane klædde dei med gull, og ringane dei, som tverrstengene skulde liggja i, gjorde dei heiltupp av gull. Tverrstengene klædde dei og med gull.
35 So gjorde dei forhenget. Det var av blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn; kjerubar vov dei inn i, i kunstvevnad.
36 Dei gjorde fire akasiestolpar til å hengja det og klædde dei med gull; hakane dei var av gull. Og dei støypte fire sylvstabbar til dei.
37 Til tjelddøri gjorde dei eit teppe av blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn. Det var utsauma med rosor;
38 dei gjorde fem stolpar til det, med hakane som høyrde attåt, og klædde stolpehovudi og teinane med gull. Dei fem stabbane som høyrde til, gjorde dei av kopar.