Exodus 24NO1938N

1Og til Moses sa han: Stig upp til Herren, du og Aron og Nadab og Abihu og sytti av dei øvste i Israel, og de skal tilbeda medan de endå er langt undan.

2Men Moses åleine skal ganga fram til Herren, dei hine må ikkje ganga fram, og ålmugen må ikkje stiga med han upp.

3Då Moses kom og bar upp for folket alle Herrens bod og alle lovene, då svara heile folket med ein munn; Alle dei ordi som Herren hev tala, vil me halda oss etter.

4So skreiv Moses upp alle Herrens ord, og morgonen etter reis han upp i otta og bygde eit altar innunder fjellet og reiste tolv minnesteinar for dei tolv Israels-ættene.

5Sidan sende han ut nokre unge menner av Israels-borni, og dei bar fram brennoffer og slakta uksar og ofra takkoffer til Herren.

6Og Moses tok helvti av blodet og hadde i bollane; og den andre helvti skvette han på altaret.

7So tok han paktboki og las upp for folket, og dei sa: Alt det Herren hev sagt, vil me gjera og vera lydige.

8Då tok Moses blodet og skvette på folket og sa: Sjå, dette er blodet til den pakti som Herren gjer med dykk, og som er grunna på alle desse bodi.

9Sidan gjekk dei upp, Moses og Aron og Nadab og Abihu og sytti av dei øvste i Israel,

10og dei såg Israels Gud; under føtene hans var som eit golv av safirhellor, klåre som himmelen sjølv.

11Og han lyfte ikkje handi mot dei utvalde av Israel; dei skoda Gud, og sidan åt dei og drakk.

12Og Herren sa til Moses: Kom upp til meg på fjellet og ver her eit bel, so skal eg gjeva deg steintavlor og lovi og bodet, som eg hev skrive upp til rettleiding for dei!

13Då gjekk Moses i veg med Josva, fylgjesveinen sin, og Moses steig upp på Gudsfjellet.

14Og til dei øvste i Israel sa han: Ver no her og bia på oss til me kjem attende! Her er Aron og Hur; dei skal vera hjå dykk. Er det nokon som hev ei sak, so kann han ganga til dei.

15So steig Moses upp på fjellet, og skyi sveipte seg tett ikring nuten.

16Herlegdomen åt Herrens heldt seg på Sinaifjellet, og skyi gøymde det i seks dagar. Den sjuande dagen ropa Herren på Moses utor skyi.

17Og herlegdom åt Herrens var å sjå til for augo åt Israels-borni som ein logande eld på fjelltinden.

18So gjekk Moses inn i skyi og steig upp på fjellet. Og Moses var på fjellet i fyrti dagar og fyrti næter.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Exodus 24.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.