Exodus 23NO1938N

1Far ikkje med ljugardrøs! Slå ikkje lag med ein gudlaus mann, so du vitnar med han og hjelper uretten!

2Fylg ikkje flokken i det som vondt er! Tala ikkje soleis på tinget at du hallar etter hopen og rengjer retten!

3Um det so er ein arming, so skal du ikkje snilda på saki hans.

4Når du finn ein ukse eller eit asen som hev vildra seg burt, og som uvenen din eig, so skal du hava dei attende til han!

5Når du ser at asnet åt uvenen din hev sige under kløvi, so må du ikkje tenkja på å ganga ifrå han; du lyt hjelpa han å løysa kløvi!

6Reng ikkje retten for fatigfolk på tinget!

7Hald deg burte frå ei rang sak, so du ikkje vert skuld i at ein saklaus og rettferdig mann let livet! For den som er skuldig, dømer ikkje eg fri.

8Tak ikkje mutor! For mutone blindar dei som ser, og rengjer saki for dei som hev rett.

9Far ikkje hardt med dei framande! For de veit korleis det er å kjenna seg framand; de var sjølve framande i Egyptarlandet.

10Seks år skal du så til jordi di og hausta det ho ber;

11men det sjuande skal du lata henne liggja og kvila, so dei fatige i landet kann finna noko å leva av, og det som dei leiver, må villdyri eta, sameleis skal du gjera med vingarden din og oljetrei.

12Seks dagar lyt du gjera arbeidet ditt; men den sjuande dagen skal du kvila, so uksen din og asnet ditt kann hava ro og tenaren din og den framande mannen fær kvila seg ut.

13I alt det eg hev sagt ifrå um, lyt de vara dykk. Namnet åt andre gudar må de ikkje nemna! Slikt må du aldri taka på tunga!

14Tri gonger um året skal du halda høgtid for meg.

15Fyrst er det usyrdebrødhelgi; då skal du i sju dagar eta usyrt brød, soleis som eg hev sagt deg, på den tid eg hev sett, i abib månad; for då tok du ut frå Egyptarland. Og ingen må visa seg tomhendt for augo mine.

16So er det skurdhelgi, når du skjer fyrstegrøda av det du sådde på åkeren, og so hausthelgi, når året er ute, og du samlar i hus det du hev avla på marki.

17Tri gonger um året skal alle karmennene dykkar møta Herren, Israels Gud.

18Du skal ikkje bera fram blodet av slaktofferet mitt i hop med brødet som er syrt, og feittet av høgtidsofferet mitt må ikkje verta liggjande natti yver, til morgons.

19Det aller fyrste av grøda på marki di skal du bera til huset åt Herren din Gud. Du skal ikkje koka eit kje i mjølka åt mor si.

20Sjå, no sender eg ein engel framfyre deg; han skal vara deg på vegen og føra deg fram til den staden som eg hev etla deg.

21Tak deg i vare for han og lyd etter ordi hans! Set deg ikkje upp mot han! Han vil ikkje tola broti dykkar; for namnet mitt er i han.

22Men lyder du so sant etter ordi hans og gjer alt det eg segjer, so skal eg hata dei som hatar deg og trengja dei som trengjer deg.

23For engelen min skal ganga fyre deg og føra deg fram til det landet som amoritane og hetitane og ferisitane og kana'anitane og hevitane og jebusitane bur i, og eg vil øyda dei ut.

24Du skal ikkje tilbeda gudane deira og ikkje tena dei! Du skal ikkje gjera som dei gjer, men du skal riva ned avgudsbileti og slå sund minnesteinane deira.

25De skal tena Herren dykkar Gud! Då skal han signa både brødet og vatnet for deg, og sjukdom skal eg halda burte frå deg.

26Det skal ikkje finnast ei kvinna i landet ditt som fer ille eller ikkje er barnkjømd. Du skal få leva alderen ut.

27Fælska for meg skal eg senda fyre deg; alle dei folki du kjem til, skal eg forvilla; eg skal laga det so at alle fiendane dine syner deg ryggen.

28Ein kvefsesvarm vil eg senda fyre deg; den skal støkkja burt både hevitane og kana'anitane og hetitane.

29Eg vil ikkje driva dei ut på eitt år; for då kunde landet øydast og villdyri verta for mange for deg.

30Smått um senn vil eg jaga dei ut for deg, til dess du veks til, so du kann taka landet i eige.

31Og riket ditt det skal rekka frå Raudehavet til Filistarhavet og frå øydemarki til elvi; for eg vil gjeva i hendene dykkar dei som bur og byggjer i landet, og du skal driva dei ut.

32Aldri må du laga noko samband med dei eller gudane deira.

33Dei må ikkje bu i landet ditt, so dei fær lokka deg til å synda mot meg; for då kom du til å tena gudane deira, og det vert deg til ei snara.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Exodus 23.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.