Ecclesiastes 4NO1938N

1Framleides såg eg på alle dei valdsverk som vert gjorde under soli; eg såg at dei som vart trælka, gret, og ingen trøysta dei; eg såg at valdsmennene bruka makt mot dei, og ingen trøysta dei.

2Då laut eg segja at dei avlidne, dei som alt hadde fenge døy, dei var sælare enn dei levande, dei som endå var i live;

3men sælare enn båe tvo er den som ikkje hev vorte til endå, og som hev sloppe å sjå dei vonde verk som folk gjer under soli.

4Og eg såg at alt strev og all dugleik i arbeidet hev sin grunn i at den eine er meir æregjerug enn hin; det og er fåfengd og jag etter vind.

5Dåren legg hendene i fanget og tærer på sitt eige kjøt.

6Betre ein neve med ro enn båe hendene fulle av strev og jag etter vind.

7Og endå meir fåfengd vart eg var under soli,

8Stundom stend ein mann åleine og hev ingen annan med seg, korkje son eller bror, og like vel er det ingen ende på alt strevet hans, og augo hans vert ikkje mette av rikdom. Men kven strevar eg for og neittar meg sjølv det som godt er? Det og er fåfengd, og ei leid plaga er det.

9Tvo er betre farne enn ein, for dei hev god løn for strevet sitt;

10um dei dett, kann den eine reisa upp felagen sin; men stakkars den som er åleine, for dett han, hev han ingen til å reisa seg upp!

11Like eins når tvo ligg i hop, so vert dei varme; men korleis kann den som ligg åleine, verta varm?

12Og um nokon kann vinna yver den som er åleine, so kann tvo standa seg imot han, og tritvinna tråd slit ein ikkje av so snart.

13Betre å vera ein fatig og vis ungdom enn ein gamal fåviting til konge, som ikkje lenger hev vit til å lata seg segja;

14for or fangehuset kjem den eine ut og vert konge; hin vert fatig, endå han er fødd i kongedømet sitt.

15Eg såg alle levande som ferdast under soli, fylgja med ungdomen, han den nye, som skulde koma i staden for den gamle.

16Det var ingen ende på alt det folket han var førar for. Like vel hev dei ingi gleda av han, dei som sidan kom; for dette og er fåfengd og jag etter vind.

17Akta foten din når du gjeng til Guds hus! Det er betre at ein kjem dit og vil høyra, enn at dårar ber fram offer; for dei veit ikkje at dei gjer vondt.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.