Ecclesiastes 3NO1938N

1Alt hev si stund, og ei tid er sett for alt tiltak under himmelen.

2Fødast hev si tid og døy hev si tid; planta hev si tid og riva upp det som er planta, hev si tid;

3drepa hev si tid og lækja hev si tid; riva ned hev si tid og byggja upp hev si tid;

4gråta hev si tid og læ hev si tid; syrgja hev si tid og dansa hev si tid;

5kasta stein hev si tid og sanka stein hev si tid; fangtak hev si tid og halda seg frå fangtak hev si tid;

6leita hev si tid og missa hev si tid; gøyma hev si tid og kasta burt hev si tid;

7riva sund hev si tid og sauma i hop hev si tid; tegja hev si tid og tala hev si tid;

8elska hev si tid og hata hev si tid; ufred hev si tid og fred hev si tid.

9Kva vinning fær då den som gjer noko, av strevet han hev med det?

10Eg såg på den plaga som Gud hev gjeve mannsborni å plagast med.

11Alt hev han laga fagert til si tid; ja, æva hev han lagt i hjarta deira, men so at menneskja ikkje kann skyna til fullnads det verk som Gud hev gjort, frå upphav og til endes.

12Eg skyna at dei ikkje hev noko anna godt enn å gleda seg og goda seg so lenge livet varer;

13men når ein mann, kven han so er, fær eta og drikka og njota livet for strevet sitt, so er det og ei Guds gåva.

14Eg skyna at alt det Gud gjer, det varer æveleg; ikkje kann ein leggja noko til, og ikkje kann ein taka noko ifrå. Det hev Gud gjort so, av di me skal ottast han.

15Det som er, det var alt fyrr, og det som koma skal, det hev og vore fyrr; Gud leitar upp att det framfarne.

16Framleides såg eg under soli: I domarstolen, der sat gudløysa, og der som rettferdi skulde råda, der rådde gudløysa.

17Då sa eg med meg sjølv: Gud skal døma både den rettferdige og den gudlause; for hjå han er det sett ei tid for alt tiltak og for kvart verk.

18Eg sa med meg sjølv: Det er for mannsborni skuld dette hender, so Gud kann prøva dei, og so dei kann sjå at dei i seg sjølve ikkje er anna enn dyr;

19for lagnaden åt mannsborni er som lagnaden åt dyri, ja, same lagnaden fær dei; som den eine døyr, so døyr den andre, og EIN livsande hev dei alle; menneskja hev ingen fyremun framfor dyri; for alt er fåfengd.

20Alle gjeng til EIN stad; alle er komne av moldi, og alle skal attende til moldi.

21Kven veit um åndi åt menneski stig uppetter, og um åndi åt dyri fer ned til jordi?

22So skyna eg at ingen ting er betre for mannen enn at han gled seg i arbeidet sitt; for det er det gode som han fær; for kven let han få sjå det som skal koma etter han?

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.