1So høyr no, Israel, dei lovene og bodi eg lærer dykk, og haldt dykk etter dei, so de kann få leva og koma inn i det landet som Herren, Gud åt federne dykkar, vil gjeva dykk, og eigna det til dykk!
2De skal ingen ting leggja attåt det som eg segjer dykk fyre, og ingen ting taka ifrå, men lyda Herrens bod som eg no ber fram for dykk.
3De såg sjølve kva Herren gjorde då det hende dette med Ba'al-Peor; alle dei som fylgde Ba'al-Peor; rudde Herren din Gud ut or lyden;
4men de som heldt fast ved Herren dykkar Gud, de hev alle fenge leva til denne dag.
5Sjå, eg hev lært dykk lover og bod, soleis som Herren min Gud sa til meg, so de skal leva etter dei i det landet de kjem inn i og fær i eige.
6So akta då på dei og lev etter dei! Då fær de ord for visdom og klokskap hjå andre folkeslag; for når dei høyrer um alle desse lovene, kjem dei til å segja: For eit vist og vitugt folk det må vera, dette store folket!
7For kvar finst det eit folk, um det er aldri so stort, som hev sine gudar so nær seg som Herren vår Gud er oss, kvar gong me kallar på han?
8Og kvar finst det eit folk, um det er aldri so stort, som hev so rettvise lover og bod som heile denne lovi eg legg fram for dykk i dag?
9Men vara deg og akta deg vel, at du ikkje gløymer det du såg for augo dine. Lat det aldri ganga deg ut or hugen so lenge du lever, og gjer det kunnigt for borni og barneborni dine,
10det du såg den dagen du stod framfor Herren din Gud innmed Horeb, og Herren sa til meg: Kalla folket i hop! Eg vil lata dei høyra ordi mine, so dei kann læra å ottast meg all den tid dei lever på jordi, og læra borni sine det same.
11Då kom de innåt og stod nedunder fjellet, og fjellet stod i ljos loge til langt upp i himmelen, men rundt ikring var myrker og skyer og skodd.
12Og Herren tala til dykk midt utor elden; de høyrde ljoden av ordi, men nokon skapnad såg de ikkje; de høyrde berre ljoden.
13Då lyste han pakti si for dykk og sa de skulde halda henne, dei ti bodordi; og han skreiv dei på tvo steintavlor.
14Og meg bad Herren same gongen å læra dykk lover og bod, som de skal leva etter i det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.
15Tak dykk då vel i vare, so sant de hev livet kjært - for de såg ikkje nokon skapnad då Herren tala til dykk på Horeb midt utor elden -
16at de ikkje gjer so stor ei synd at de lagar dykk noko utskore bilete, noko gudebilete som likjest mann eller kvinna
17eller noko av dei firføtte dyri på jordi eller nokon av fuglane som flyg uppi lufti,
18eller noko av kreket som krabbar på marki, eller nokon av fiskane som sym i vatnet utfyre landjordi.
19Og når du lyfter augo dine upp imot himmelen og skodar soli og månen og stjernone, heile himmelheren, tak deg då i vare at du ikkje let deg dåra, so du tilbed dei og dyrkar dei, dei som Herren din Gud hev gjeve åt alle folk under heile himmelen!
20Men dykk tok Herren og førde ut or jarnomnen, or Egyptarland, so de skulde vera hans eige folk, soleis som de no er.
21Og Herren vart harm på meg for dykkar skuld og svor at eg ikkje skulde sleppa yver Jordan og ikkje koma inn i det gilde landet som Herren din Gud gjev deg til odel og eiga.
22For eg lyt døy i dette landet, og slepp ikkje yver Jordan; men de skal koma yver og få det gilde landet til eigedom.
23Akta dykk då at de ikkje gløymer pakti Herren dykkar Gud hev gjort med dykk, og lagar dykk noko utskore bilete som likjest nokon ting i verdi; for det hev Herren din Gud forbode deg!
24For Herren din Gud er ein øydande eld, ein streng Gud.
25Når du fær born og barneborn, og de vert gamle i landet, og de då er so gudlause at de lagar dykk noko utskore bilete av noko slag, og soleis gjer det som Herren dykkar Gud mislikar, og argar han upp,
26so tek eg i dag himmel og jord til vitne på at de snart skal verta utrudde or det landet de fær i eige når de kjem yver Jordan; de skal ikkje få leva der lenge, men verta heiltupp utøydde.
27Herren skal spreida dykk millom folki; berre nokre få av dykk skal vera att millom dei heidningfolki han fører dykk til;
28og der lyt de dyrka gudar som mannehender hev laga, stokk og stein, som korkje kann sjå eller høyra eller eta eller lukta.
29Der skal de søkja Herren din Gud, og du skal finna han når du søkjer han av alt ditt hjarta og all din hug.
30Når du er i vande, og alt dette kjem yver deg, langt fram i tidi, då skal du venda um til Herren din Gud og lyda etter ordi hans.
31For Herren din Gud er ein miskunnsam Gud; han slepper deg ikkje og let deg ikkje ganga til grunns; han gløymer ikkje den pakti han gjorde med federne dine, og det han då lova.
32For spør deg berre fyre um dei framfarne dagar, som var fyre di tid, alt ifrå den dagen då Gud skapte menneskja på jordi, spør frå den eine enden av himmelen til hin um det hev hendt eller vore spurt noko so stort som dette,
33um noko folk hev høyrt Guds røyst tala midt utor elden, soleis som du hev gjort, og endå fenge leva,
34eller um Gud hev bode til å vilja henta seg eit folk midt ut or eit anna folk med plagor og teikn og under og ufred og med sterk hand og strak arm og store, skræmelege verk, soleis som du sjølv såg at Herren din Gud gjorde med dykk i Egyptarland.
35Men alt dette fekk du sjå, so du skulde vita at Herren er Gud, han og ingen annan.
36Frå himmelen let han deg høyra røysti si, av di han vilde rettleida deg, og på jordi synte han deg den store elden sin, og midt utor elden høyrde du ordi hans.
37Han hadde lagt hug til federne dine og kåra ut ætti deira; difor førde han deg ut or Egyptarland med si store makt
38og vil for di skuld driva han ut folk som er større og sterkare enn du, so han kann føra deg inn i landet deira og lata deg få det til odel og eige, soleis som du no ser.
39So skal du då i dag vita og leggja deg på hjarta at Herren er Gud både uppi himmelen og nedpå jordi, han og ingen annan;
40og haldt lovene og bodi hans, som eg lærer deg i dag; då skal det ganga deg vel og borni dine etter deg, og du skal få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg til æveleg eiga.
41I den tid skilde Moses ut tri byar austanfor Jordan,
42so ein dråpsmann kunde røma dit når han hadde drepe nokon uviljande og ikkje bar hat til han frå fyrr; rømde han til ein av desse byane, skulde han vera trygg for livet sitt.
43Det var Beser i øydemarki på sletta for rubenitane, og Ramot i Gilead for gaditane, og Golan i Basan for manassitane.
44Her er då den lovi som Moses la fram for Israels-borni;
45dette er dei vitnemåli og fyresegnene og bodi som Moses lyste for Israels-borni på ferdi frå Egyptarland,
46på hi sida av Jordan, i dalen midt for Bet-Peor, i det landet som Sihon, amoritarkongen, hadde ått, han som budde i Hesbon, og som Moses og Israels-borni vann yver då dei kom frå Egyptarland;
47då tok dei både hans land og landet åt Og, kongen i Basan, landet åt båe amoritarkongane som budde austanfor Jordan,
48frå Aroer, som ligg innmed Arnonåi, til Sionsfjellet, det som dei kallar Hermon,
49og heile Moalandet austanfor Jordan alt til Moavatnet, nedanfor Pisgalidene.