Deuteronomy 18NO1938N

1Ingen av Levi-prestane, ingen som høyrer til Levi-ætti, skal få nokon lut eller arv liksom dei andre Israels-borni. Dei skal leva av Herrens eldoffer og alt anna som høyrer han til,

2og ikkje få nokon arv tilliks med brørne sine; Herren er arven deira, soleis som han hev sagt dei.

3Høyr no kva prestane hev rett til å krevja av folket: Dei som ofrar slaktoffer, anten av storfeet eller av småfeet, skal gjeva presten bogen og kjakane og vinstri.

4Det fyrste av kornet du avlar, og av vinane og oljen og den fyrste ulli av sauene dine skal du gjeva han.

5For han og sønene hans hev Herren din Gud valt seg ut millom alle ættene dine, so dei skal standa og gjera tenesta i Herrens namn alle dagar.

6Når ein levit som held til i nokon av byane dine kringum i Israel, kjem til den staden som Herren vel seg ut, so skal han vera velkomen;

7han kann gjera tenesta i Herrens namn, liksom dei andre levitane, brørne hans, som stend der framfor Herrens åsyn,

8og han skal få sin lut av offergåvone tilliks med dei, umfram dei pengane han fær når han sel det han hev rett til etter federne sine.

9Når du kjem til det landet Herren din Gud gjev deg, so skal du ikkje taka etter dei folki som bur der, og fara med slik styggedom som dei fer med.

10Hjå deg må ingen finnast som let son sin eller dotter si ganga gjenom elden, eller som fær med spådomskunster, eller som spår av skyene eller tyder varsel, ingen trollmann

11eller heksemeister, ingen som spør daudingmanarar, ingen spåmann, ingen som søkjer råd hjå dei avlidne.

12For alle som gjer sovore, er ein styggedom i Herrens augo, og for slik styggedom skuld er det Herren driv dei ut for deg.

13Ulastande skal du vera for Herren din Gud.

14For desse folki som du skal driva ut, lyder etter runekallar og spåmenner; men deg hev Herren din Gud forbode alt slikt.

15Ein profet som eg, av ditt eige folk, av brørne dine, skal Herren din Gud reisa upp åt deg; han skal de høyra på.

16Herren din Gud skal gjera det som du bad um attmed Horeb, den dagen de var samla der, då du sa: Eg torer ikkje høyra på Herrens røyst lenger, og denne store elden toler eg ikkje å sjå på meir; for då lyt eg døy.

17Då sa Herren til meg: Det er rett det dei hev sagt.

18Ein profet vil eg reisa upp for dei av deira eige folk, ein som du, og leggja ordi mine i munnen hans, og han skal tala til dei alt det eg segjer han fyre.

19Og den som ikkje høyrer på ordi mine, dei som han skal tala i mitt namn, han skal få svara for det.

20Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn, og eg ikkje hev sett han til det, eller talar han i namnet åt andre gudar, so skal den profeten døy.

21Og um du segjer med deg: Korleis kann me vita um eit ord kjem frå Herren eller ikkje? -

22so høyr her: Når ein profet talar i Herrens namn, og det han hev sagt ikkje hender og ikkje gjeng fram, so hev det ordet ikkje kome frå Herren; då er det noko profeten hev våga seg til å tala på eigi hand, og du tarv ikkje vera redd han.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 18.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.