Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

Deuteronomy 17

:
Norwegian - NO1938N
1 Du skal ikkje ofra til Herren din Gud ein ukse eller sau som hev noko lyte eller mein; for det er ein styggedom for Herren din Gud.
2 Finst det i nokon av dei byane som Herren din Gud gjev deg, ein mann eller ei kvinna av lyden som gjer det Herren din Gud mislikar, og bryt pakti hans,
3 og tvert imot det eg hev sagt, gjeng av og tener andre gudar og tilbed dei eller soli eller månen eller heile himmelheren,
4 og dette vert sagt deg, og du fær høyra um det, so skal du granska saki vel; og syner det seg å vera sant, er det visst og vitnefast at slikt skjemdarverk er gjort i Israel,
5 skal den mannen eller kvinna som hev gjort det brotet, førast ut til tingstaden og steinast i hel, anten det er mann eller kvinna.
6 Etter vitnemål frå tvo eller tri mann lyt den vera dømd som skal lata livet; han skal ikkje missa livet etter ein manns vitnemål.
7 Vitni skal fyrst lyfta handi til å drepa han, og sidan heile folket. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.
8 Er ei sak for vand for deg å døma i, anten det er ei dråpssak eller ei rettstretta eller eit søksmål for helseskade, eller kva det elles er for saker som kann koma upp i byane dine, so skal du gjera deg reidug og fara upptil den staden som Herren din Gud vel seg ut.
9 Der skal du ganga til Levi-prestane og til den domaren som er, og spyrja deg fyre, og dei skal segja deg korleis domen retteleg skal vera.
10 Og du skal fylgja den fyresegni dei gjev deg den staden som Herren vel seg ut; du skal i alle måtar gjera soleis som dei lærer deg.
11 Den lovi dei lærer deg, og den domen dei segjer deg, skal du halda deg etter og ikkje vika av frå det dei segjer deg fyre, korkje til høgre eller til vinstre.
12 Men den mannen som er so vyrdlaus at han ikkje vil høyra presten, som stend det i Herrens tenesta, eller domaren, den mannen skal døy. Soleis skal du rydja det vonde ut or Israel.
13 Og heile folket skal høyre det og ottast, so dei ikkje fer so vyrdlaust åt meir.
14 Når du kjem inn i det landet som Herren din Gud gjev deg, og hev lagt det under deg og fest bu der, og du kjem at du vil setja ein konge yver deg, liksom alle folki rundt ikring deg,
15 so skal du taka til konge yver deg den som Herren din Gud kårar ut. Ein av brørne dine skal du taka til konge; du ikkje taka ein framand, ein som ikkje er bror din.
16 Men han skal ikkje halda mange hestar og ikkje senda folket attende til Egyptarland, so han kann seg mange hestar; for Herren hev sagt dykk: Den vegen skal de ikkje fara meir!
17 Og han skal ikkje taka seg mange konor, so hugen hans kjem avveg. Ikkje heller skal han draga i hop mykje sylv og gull.
18 Når han hev stige upp kongsstolen, skal han denne lovi hjå Levi-prestane og henne avskrivi åt seg i ei bok;
19 og den skal han hava hjå seg og lesa i alle sine levedagar, so han kann læra å ottast Herren sin Gud og akta alle desse lovbodi og fyresegnene og leva etter dei,
20 og so han ikkje skal ovmoda seg yver brørne sine og vika av ifrå bodet, korkje til høgre eller vinstre; skal han leva lenge i riket sitt i Israel, både han og sønene hans.