Daniel 4NO1938N

1Kong Nebukadnesar til alle folk og ætter tungemål som bur på heile jordi: Heil og sæl!

2Eg hev funne for godt å kunngjera dei teikn og under som Den Høgste Gud hev gjort mot meg.

3Kor store er ikkje teikni hans, og mektige hans under! Riket hans er eit æveleg rike, og velde hans varer frå ætt til ætt.

4Eg, Nebukadnesar, sat i god ro i huset mitt og levde lukkeleg i slottet mitt.

5Då hadde eg ein draum; han skræmde meg, og eg tok fæla av draumsviv i mi seng og av syner som eg såg.

6Difor gav eg det påbodet at dei skulde henta alle vismennene i Babel til meg, so dei kunde tyda draumen for meg.

7So kom då runemeistrane og åndemanarane og kaldearane og stjernetydarane inn, og eg fortalde dei draumen; men dei kunde ikkje segja meg korleis han skulde tydast.

8Til slutt kom Daniel og inn for meg, han som hadde fenge namnet Beltsasar etter namnet på guden min, og som åndi åt dei heilage gudane er i, og eg fortalde han draumen:

9Beltsasar, du som er den øvste millom runemeistrane! Eg veit at åndi åt dei heilage gudane er i deg, og at ingen løyndom er for vand for deg; so seg meg kva eg såg i draumen min, og kva det tyder!

10Dette er dei synene eg hadde medan eg kvilde på lægjet mitt: Eg såg i syni mi eit tre som stod midt på jordi, og som var ovleg høgt;

11det var eit stort og sterkt tre, og so høgt at det rakk til himmels, og ein kunde sjå det alt til enden av jordi;

12lauvet på det var fagert, og det bar mykje frukt, so det gav føde åt alle; dyri på marki fann skugge under det, og fuglane i lufti budde i greinene på det, og alt levande fekk si føda frå det.

13So såg eg i synene som eg hadde på lægjet mitt, eg ein heilag vaktar som steig ned frå himmelen.

14Han ropa med høg røyst, og ordi hans lydde so: Fell treet, hogg greinene av det, riv lauvklædnaden av og spreid frukti ikring! Dyri som ligg under det, skal røma, og fuglane fljuga burt ifrå greinene på det.

15Men lat stuven med røtene standa att i jordi, men bunden med lekkjor av jarn og kopar, midt i grøne graslendet! Av doggi frå himmelen skal han vætast, og som dyri skal han eta urter på marki.

16Hjarta hans skal skapast um, so det ikkje er eit mannehjarta meir; eit dyrehjarta skal han få, og sju tider skal skrida fram yver han.

17Denne bodskapen grunnar seg på ei rådgjerd av vaktarane, og slik avgjerd hev dei heilage teke i denne saki, so alle som lever, skal sanna at den Høgste hev makt yver kongedømet hjå menneski og gjev det til kven han vil, og set den ringaste millom menneski til å råda yver det.

18Soleis var draumen som eg, kong Nebukadnesar, hadde; no må du, Beltsasar, tyda han for meg. For ingen av vismennene i riket mitt kann segja meg kva han tyder; men du kann det, av di åndi åt dei heilage gudane er i deg.

19Då stod Daniel, han som dei og kalla Beltsasar, ei stund forfærd, og tankane hans skræmde han. So tok kongen til ords og sa: Beltsasar, lat ikkje draumen og det som han tyder, skræma deg! Beltsasar svara: Herre, gjev draumen måtte gjelda dei som hatar deg, og tydingi på han fiendane dine!

20Treet du såg, som var so stort og sterkt, og so høgt at det rakk til himmels, og som ein kunde sjå yver heile jordi,

21og som hadde so fager lauvklædnad og bar so mykje frukt at det gav føda åt alle, treet som dyri på marki heldt til under, og som fuglane i lufti hadde reir i greinene på,

22det er du sjølv, konge, du som er so stor og mektig; stordomen din hev vakse so han når til himmels, og veldet ditt rekk alt til enden av jordi.

23Men at kongen såg ein heilag vaktar kom steig frå himmelen og sa: Fell treet og øydelegg det, men lat stuven med røtene standa att i jordi, bunden med lekkjer av jarn og kopar midt i grøne graslendet! av doggi frå himmelen skal han vætast og millom dyri på marki skal han hava sin lut, til dess sju tider hev skride fram yver han -

24det tyder, konge, og so er rådgjerdi åt den Høgste, den som kjem yver min herre kongen:

25Du skal verta utstøytt frå menneski og bu hjå dyri på marki; gras skal du eta som uksane, og av doggi frå himmelen skal du verta vætt, og sju tider skal skrida fram yver deg, til dess du sannar at den Høgste hev makt yver kongedømet hjå menneski og gjev det til kven han vil.

26Men at det vart sagt at ein trestuven og røtene skulde standa att, det tyder at du skal få hava riket ditt frå den tid du sannar at himmelen hev makti.

27Difor må du, konge, lata mitt råd tekkjast deg og løysa deg frå syndene dine med rettferd og frå misgjerningane dine med sælebot mot armingar, um lukka di skal vara.

28Alt dette kom yver kong Nebukadnesar.

29Då tolv månader var lidne, gjekk han ein gong ikring på taket av kongsslottet i Babel.

30Då tok kongen til ords og sa: Er ikkje dette det store Babel, som eg hev bygt til kongssæte med mi veldige makt og til æra for min herlegdom?

31Fyrr kongen endå hadde tala til endes, kom det brått ei røyst frå himmelen: Til deg, kong Nebukadnesar, vert no dette ordet sagt: Riket er teke frå deg,

32frå menneski vert du utstøytt, og hjå dyri på marki skal du bu, gras skal du eta som uksane, og sju tider skal skrida fram yver deg, til dess du sannar at den Høgste hev makt yver kongedømet hjå menneski og gjev det til kven han vil.

33I same stunda slo dette ordet til på Nebukadnesar; han vart utstøytt frå menneski og åt gras som uksane, og kroppen hans vart vætt av dogg frå himmelen, til dess håret hans voks og vart som ørnefjører, og neglene hans vart som fugleklør.

34Men då tidi var lidi, lyfte eg, Nebukadnesar, augo mine upp til himmelen og fekk vitet mitt att. Då lova eg den Høgste og prisa og æra han som lever æveleg, han som hev eit velde som er eit æveleg velde og eit rike som varer frå ætt til ætt.

35Alle som bur på jordi, er som inkje å akta; han gjer kva han vil, både med himmelheren og med dei som bur på jordi, og det finst ingen som kann meinka han og segja til han: Kva gjer du?

36So fekk eg då på den tidi vitet mitt att, og eg fekk att den herlegdomen som høyrde mitt kongedøme til, mi drust og mi glans, og rådsherrane og stormennene mine leita meg upp; eg vart innsett i kongedømet mitt att og fekk endå større makt enn fyrr.

37No prisar og høglovar og ærar eg, Nebukadnesar, kongen i himmelen; for alle hans gjerningar er sanning og stigane hans er rettferd, og han kann bøygja ned dei som ferdast i ovmod.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Daniel 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.