1Kong Nebukadnesar gjera eit bilete av gull, seksti alner høgt og seks alner breidt; det fekk han sett upp i Duradalen i Babelsfylket.
2So sende kong Nebukadnesar ut menner som skulde stemna i hop satrapane og jarlane og landshovdingane og yverdomarane og skattmeistrane og dei lovkunnige og domarane og alle andre embetsmenner i fylki og beda dei koma vigsla av det biletet som kong Nebukadnesar hadde fenge reist.
3Då samla dei seg, satrapane og jarlane og landshovdingane og yverdomarane og skattmeistrane og dei lovkunnige og domarane og alle andre embetsmenner i fylki og skulde vigsla det biletet som Nebukadnesar hadde fenge reist, og då dei so stod framfor det biletet som Nebukadnesar hadde fenge reist,
4ropa herolden med høg røyst: Det vere dykk sagt, de folk og ætter og tungemål:
5Når de høyrer ljoden av horn og fløyta og citar og harpa og lutt og spel og alle andre slag strengespel, skal de falla ned og tilbeda det gullbiletet som kong Nebukadnesar hev fenge reist.
6Den som ikkje fell ned og tilbed, skal i same stundi kastast i den brennande eldomnen.
7So snart alt folket no høyrde ljoden av horn og fløyta og citar og harpa og lutt og spel og alle andre slag strengespel, fall dei ned, alle folk og ættar og tungemål, og tilbeda det gullbiletet som kong Nebukadnesar hadde fenge reist.
8Men straks etter stod nokre kaldeiske menner fram og klaga jødane.
9Dei tok til ords og sa til kong Nebukadnesar: Kongen leve æveleg!
10Konge, du hev gjeve det påbodet at kvar og ein som høyrde ljoden av horn og fløyta og citar og harpa og lutt og spel og alle andre slag strengespel, skulde falla ned og tilbeda gullbiletet,
11og at den som ikkje fall ned og tilbad, skulde verta kasta i den brennande eldomnen.
12Det er nokre jødiske menner, Sadrak, Mesak og Abed-Nego, som du sette til å styra Babelsfylket; desse mennene hev ikkje ansa påbodet ditt, konge! Dei dyrkar ikkje dine gudar, og ikkje tilbed dei gullbiletet som du hev fenge reist.
13Då vart Nebukadnesar vreid og harm og baud at dei skulde føra fram Sadrak, Mesak og Abed-Nego. Og dei førde mennene fram for kongen.
14Nebukadnesar tok til ords og sa til dei: Er det med vilje at de, Sadrak, Mesak og Abed-Nego, ikkje dyrkar min gud og ikkje tilbed det gullbiletet som eg hev fenge reist?
15Ja, ja, alt skal verta godt at, so framt de er viljuge til å falla ned og tilbeda det biletet som er hev fenge gjort, når de høyrer ljoden av horn og fløyta og citar og harpa og lutt og spel og alle andre slag strengespel; men dersom de ikkje tilbed, so skal de i same stundi verta kasta i den brennande eldomnen, og kven er den gud som då kann frelsa dykk or mi hand?
16Sadrak, Mesak og Abed-Nego svara kongen: Nebukadnesar, det tarv me ikkje gjeva deg noko svar på.
17Vår Gud, han som me dyrkar, maktar å frelsa oss; or den brennande eldomnen og or di hand, konge, vil han frelsa.
18Men um han ikkje det vil, so skal du vita, konge, at me dyrkar ikkje dine gudar kor som er, og at me ikkje vil tilbeda det gullbiletet som du hev fenge reist.
19Då rann det slikt sinne i Nebukadnesar mot Sadrak, Mesak og Abed-Nego at han reint skaptest um i andletet. Han tok til ords og sa at dei skulde gjera omnen sju gonger so heit som elles var turvande,
20og sette nokre handfaste karar i heren hans til å binda Sadrak, Mesak og Abed-Nego og kasta dei i den brennande eldomnen.
21So vart mennene bundne og kasta i underklædi, kjolane og kappone og dei andre klædi sine og kasta i den brennande eldomnen.
22Men etter di bodet åt kongen var so strengt, og omnen difor var so uhorveleg uppheta, drap eldslogen dei som hadde ført Sadrak, Mesak og Abed-Nego dit upp.
23Men dei tri mennene, Sadrak, Mesak og Abed-Nego, vart kasta bundne ned i den brennande eldomnen.
24Då vart kong Nebukadnesar fælen og stod brått upp. Han tok til ords og sa til rådsherrane sine: Var det ikkje tri menner me batt og kasta i eldomnen? Dei svara kongen: Jau visst, konge!
25Han tok til ords att og sa: Men eg ser fire menner som gjeng lause og leduge inne i elden, og det finst ikkje mein å sjå på dei; og den fjorde ser ut som ein gudeson.
26Dermed gjekk Nebukadnesar burtåt døri på den brennande eldomnen. Han tok til ords og sa: Sadrak, Mesak og Abed-Nego, de tenarar åt Den Høgste Gud, kom ut! Då gjekk Sadrak, Mesak og Abed-Nego ut or elden.
27Og satrapane og jarlane og landshovdingane og rådsherrane kom saman; dei såg at elden ikkje hadde havt nokor makt yver lekamen åt desse mennene, og at håret på hovudi deira ikkje var svidt, og at underklædi deira ikkje var skadde; ja, ein kunde ikkje ein gong kjenna lukti av noko brent på dei.
28Då tok Nebukadnesar til ords og sa: Lova vere guden åt Sadrak, Mesak og Abed-Nego, som sende engelen sin og frelste tenarane sine, som leit so fast på han at dei gjorde imot bodet åt kongen og våga livet, so dei ikkje skulde nøydast til å tilbeda nokon annan gud enn sin eigen gud.
29So gjev eg no dette bodet den som segjer noko vondt um guden åt Sadrak, Mesak og Abed-Nego, kva folk eller ætt eller tungemål han so høyrer til, han skal hoggast i sund, og huset hans skal gjerast til ein sorphaug; for det finst ingen annan gud som kann hjelpa so som han.
30So let kongen Sadrak, Mesak og Abed-Nego koma til stor æra og makt i Babelsfylket.