Amos 4NO1938N

1Høyr dette ordet, de Basans kyr på Samariafjellet, de som trælkar dei små og er harde mot fatigfolk, de som segjer til mennene dykkar: Kom med vin, so me fær drikka!

2Herren, Israels Gud, hev svore ved sin heilagdom: Sjå, dagar skal koma yver dykk då dei dreg dykk av stad med hakar, og dei siste av dykk med fiskekrokar,

3og ut gjenom murbroti skal de fara, kvar og ei si eigi leid, og burtslengde skal de verta i slottet, segjer Herren.

4Gakk til Betel og synda, til Gilgal og synda til gagns, ber fram slaktofferet dykkar kvar morgon, dykkar tiender tridje kvar dag,

5brenn til takkoffer brød som er syrt, lys ut godvilje-offer, gjer det kjent! For slikt er det de likar, de Israels-born, segjer Herren, Israels Gud.

6Og eg lét dykk då ganga med munnen tom i kvar ein av byane dykkar, eg lét dykk vera forutan brød i kvar ein av heimane dykkar; men de vende ikkje um til meg, segjer Herren.

7Det var eg som heldt regnet att for dykk tri månader fyre skurden; ein by let eg det regna yver, ein annan fekk ingen ting; ein åker fekk regn, ein annan vart brend, av di regnet ikkje kom der;

8og tvo, tri byar sjangla av stad til same by, vilde få seg vatn, men dei fekk ikkje sløkkja torsten; men de vende ikkje um til meg, segjer Herren.

9Eg søkte dykk med moldaks og rust; grashoppen åt upp dykkar mange hagar og vingardar og fiketre og oljetre; men de vende ikkje um til meg, segjer Herren.

10Eg sende sotti på dykk som ein gong i Egyptarland, eg drap dykkar sveinar med sverd og let hestane verta til herfang, og illteven frå dykkar falne her let eg dykk få upp i nosi; men de vende ikkje um til meg, segjer Herren.

11Eg støytte ned byar ibland dykk, som då Gud støytte ned Sodoma og Gomorra, og de vart som ein brand dei hev berga or elden; men de vende ikkje um til meg, segjer Herren.

12Difor vil eg fara åt med deg, Israel, so som eg hev sagt. Og sidan eg vil fara so åt med deg, so bu deg til å møta din Gud, Israel!

13For sjå, han som lagar fjelli og skaper vinden, og som kunngjer ein mann hans tankar, han som gjer morgonroden til myrker og skrid fram yver høgdene på jordi - Herren, allhers Gud, er namnet hans.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Amos 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.