Bible

Simplify

Your Church Tech & Streamline Your Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Amos 3

:
Norwegian - NO1938N
1 Høyr dette ordet som Herren hev tala imot dykk, de Israels-born, mot heile den ætti som eg hev ført upp frå Egyptarlandet:
2 Einast dykk vilde eg kjennast ved av alle ætter jordi; difor vil eg heimsøkja dykk for alle misgjerningane dykkar.
3 Tru tvo gjeng i lag utan dei vart samde um det?
4 Tru løva burar i skogen utan ho hev funne eit rov? Let ungløva høyra sitt mål frå hiet utan ho hev veidt eitkvart?
5 Tru fuglen fell i snara marki utan at snara er sett for han? Sprett snara upp frå marki, tru, utan at noko sit fast?
6 Eller ljomar vel luren i ein by utan at folket fær støkk? Eller hender ei ulukka i ein by utan at Herren hev gjort det?
7 For Herren, Israels Gud, gjer ingen ting utan at han hev forkynt si løynråd for tenarane sine, profetane.
8 Når løva burar, kven lyt ikkje reddast då? Når han talar Herren, Israels Gud, kven lyt ikkje tala profetord?
9 Ropa ut i slotti i Asdod og i slotti i Egyptarland, seg: Samla dykk Samariafjelli og sjå for ei uro der er, og for valdsverk som råder der!
10 Dei veit ikkje å gjera det som rett er, segjer Herren, dei som haugar upp valdsverk og tjon i slotti sine.
11 Difor, so segjer Herren, Israels Gud: Fiendar skal koma og kringsetja landet. Dei skal støyta ned borgi di, so du misser di vern, og slotti dine skal verta plundra.
12 So segjer Herren: Som hyrdingen bergar or løvegapet tvo leggbein eller ein øyrelapp, so skal Israels born verta berga, dei som sit i Samaria i sofakråi og putor av damask.
13 Høyr og vitna mot Jakobs hus, segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud:
14 Den dagen eg heimsøkjer Israel for deira misgjerningar, vil eg heimsøkja Betels altar, so altarhorni vert avhogne og fell til jordi;
15 både vinterhus og sumarhus vil eg slå ned, og filsbeinhusi skal siga i røys, og mange hus skal verta øydde, segjer Herren.