1Dette er no alt det andre brevet eg skriv til dykk, de kjære, av di eg atter ved påminning vil vekkja dykkar reine hug
2til å minnast dei ord som fyrr er tala av dei heilage profetar, og bodet frå Herren og frelsaren, som apostlane dykkar hev forkynt,
3med di de fyrst og fremst veit dette at i dei siste dagar skal det koma spottarar med spott, som fer fram etter eigne lyster
4og segjer: Kvar er lovnaden um hans atterkoma? for ifrå den tid då federne sovna av, stend alt so som frå upphavet av skapningen.
5For dei som kjem med dette påstandet, er blinde for at himlar var det frå gamal tid og ei jord som hadde vorte til ut av vatn og gjenom vatn ved Guds ord,
6og dermed gjekk den verdi som då var, under i vassflaumen.
7Men dei himlar som no er, og jordi er ved det same ordet sparde til elden, og vert upphaldne til den dagen då dei ugudlege menneske skal verta dømde og fortapte.
8Men dette eine må de ikkje vera blinde for, de kjære, at ein dag er for Herren som tusund år, og tusund år som ein dag.
9Herren er ikkje langdrygjen med lovnaden, so som sume held det for ei drygjing; men han er langmodig med dykk, av di han ikkje vil at nokon skal verta fortapt, men at alle skal koma til umvending.
10Men Herrens dag skal koma som ein tjuv; då skal himlane forgangast med dundrane ljom, og himmelklotane skal koma i brand og verta uppløyste, og jordi og alle verk på henne skal verta uppbrende.
11Sidan no alt dette vert uppløyst, kor må ikkje de då streva etter heilag ferd og gudleg liv,
12med di de ventar på og skundar fram tidi då Guds dag kjem, som skal gjera at himlane vert uppløyste i eld og himmelklotane kjem i brand og brånar!
13Men me ventar etter hans lovnad nye himlar og ei ny jord, der rettferd bur.
14Difor, mine kjære, etter di de ventar dette, so legg vinn på at de kann verta funne utan flekk og lyte for han i fred,
15og akta det langmod vår Herre viser, for frelsa, so som og vår kjære bror Paulus hev skrivi til dykk etter den visdom som er han gjeven,
16liksom og i alle sine brev når han i dei talar um dette; i dei er det noko som er vandt å skynda, og som dei ulærde og ustøde mistyder, liksom dei og gjer med dei andre skriftene, til sin eigen undergang.
17So må då de, mine kjære, som fyreåt veit dette, vara dykk so de ikkje skal verta dregne med av villfaringi åt dei ugudlege og falla ut or dykkar fasta stoda!
18Men veks i nåde og kjennskap til vår Herre og frelsar Jesus Kristus! Honom vera æra både no og til æveleg tid! Amen