2 Peter 2NO1938N

1Men det stod og falske profetar fram hjå folket, liksom det og hjå dykk skal koma falske lærarar, som skal lura inn ranglæror som fører til fortaping, med di dei jamvel neittar den Herre som kjøpte dei, og fører yver seg sjølve ei brå fortaping.

2Og mange skal fylgja dei i deira used, og for deira skuld skal sanningsvegen verta spotta,

3og av havesykja skal dei med uppdikta ord nytta dykk ut til vinning for seg. Men domen yver dei er frå gamal tid ikkje yrkelaus, og deira fortaping søv ikkje.

4For so visst som Gud ikkje sparde englar då dei synda, men støytte dei ned i avgrunnen og gav dei yver til myrkers holor i varetekt til dom,

5og ikkje sparde den gamle verdi, men helt uppe rettferds-forkynnaren Noah sjølv-åttande, då han førde storflodi yver ei verd av ugudlege,

6og la byane Sodoma og Gomorra i oska og fordømde dei til undergang, og dermed hev sett dei til fyredøme på dei ugudlege i framtidi,

7og fria ut den rettferdige Lot, som leid under den skamlause åtferdi av dei ugudlege

8- for den rettferdige som budde imillom dei, leid dagstødt pinsla i si rettferdige sjel ved dei lovlause gjerningar som han såg og høyrde -

9so visst veit Herren å fria dei gudlege ut or freisting, men halda dei urettferdige i varetekt med refsing til domedag,

10mest dei som fer etter kjøt i urein lyst og vanvyrder herredøme. Dei sjølvgode vågehalsar! Dei skjelv ikkje ved å spotta høge makter,

11medan då englar, som er større i styrke og makt, ikkje ber fram for Herren nokon spottande dom imot dei;

12men desse, liksom vitlause dyr, av naturi fødde til fanging og undergang - dei skal og, av di dei spottar det dei ikkje kjenner, ganga under i si vanart

13og få urettferds løn. Dei set si lyst i å bruka dagen til kjæla; desse utskjemmor og skamflekker, dei fråssar i sitt svik når dei held gilde med dykk.

14Augo hev dei som er fylde av skjøkja og umetteleg i synd; dei forlokkar ustøde sjeler; dei hev et hjarta som er upptamt i havesykja, dei forbanningsborn!

15Dei hev vike frå den beine vegen og fare vilt, med di dei hev fylgt Bileams Beorssons veg, han som elska urettferd løn

16og fekk refsing for sitt eige brot: eit umælande kløvdyr tala med mannemæle til han og hindra profeten i hans uvitingskap.

17Desse er vasslause brunnar, skodda som vert drive av stormvind; til dei er kolmyrket ferdigt.

18For med di dei talar skrøytande, tome ord, forlokkar dei i kjøtlyster ved ukjurskap dei som nett hev flytt ifrå dei som fer i villa,

19med di dei lovar dei fridom, dei som sjølve er trælar under vanarti; for det som ein ligg under for, det hev han og vorte træl for.

20For um dei hev flytt ifrå ureinskapen i verdi med di dei hev lært å kjenna vår Herre og frelsar Jesus Kristus, og so atter let seg fanga av han og ligg under, då hev det siste vorte verre med dei enn det fyrste.

21For det var betre for dei at dei ikkje hadde kjent rettferds veg, enn at dei kjende han og so vende seg burt frå det heilage bodet som var yvergjeve dei.

22Det hev gjenge dei etter det sanne ordtøket: Ein hund vendar att til si eigi spya, og ei lauga su velter seg i søyla.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Peter 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.