2 Kings 4NO1938N

1Enkja etter ein av profetsveinane ropa til Elisa: Mannen min hev døytt, herre - du veit sjølv att han var ein mann som hadde age for Herren - og no kjem ein som han stod i skuld til, og vil taka båe sønene mine til trælar.

2Elisa sa til henne: Kva kann eg gjera for deg? Seg meg kva du hev i huset! Ho svara: Eg hev ikkje anna i huset enn ei krukka med salve-olje, herre.

3Då sa han: Gakk til alle grannane dine og få lånt heim koppar - tome koppar, men ikkje for få!

4Gakk so inn og steng døri etter deg og sønene dine! Slå olje i alle koppane, og set dei burt etter kvart som dei vert fulle!

5So gjekk ho frå han, og då ho hadde stengt døri etter seg og sønene sine, bar dei fram koppane åt henne, og ho slo i.

6Som no koppane vart fulle, sa ho til ein av sønene: Kom med ein kopp til! Men han svara: Her er ikkje fleire koppar. Då heldt oljen upp å renna.

7Kona kom og sa frå um det til gudsmannen. Då sa han: Gakk av stad og sel oljen og greid skuldi di! Det som vert att skal du og sønene dine hava til å livberga dykk med.

8Ein dag for Elisa yver til Sunem. Der var det ei velhaldi kona som nøydde han til bords hjå seg; og kvar gong han sidan for den vegen, gjekk han innum der og fekk seg mat.

9Ein gong sa ho til mannen sin: Høyr her! Eg veit at han som jamleg lyder innum hjå oss, er ein heilag gudsmann.

10Kjære, lat oss mura upp ei liti høgstova åt han og setja inn der ei seng og eit bord og ein stol og ein ljosestake! So kann han halda til der kvar gong han kjem hit til oss.

11So hende det ein dag at han kom dit og steig upp i høgstova og la seg der.

12Sidan sa han til Gehasi, sveinen sin: Ropa på denne Sunems-kona! Han so gjorde og ho steig fram for han.

13Elisa hadde sagt til han: Seg til henne: No hev du havt alt dette bryet for vår skuld; kva kann eg gjera for deg? Er det noko eg kann tala til kongen um for deg eller til herhovdingen? Ho svara: Nei, eg bur her midt ibland mitt eige folk.

14So sa han til Gehasi: Er det då ingen ting eg kann gjera for henne? Han svara: Jau då; ho hev ingen son, og mannen hennar er gamal.

15Då sa han: Bed henne koma hit! Sveinen gjorde so, og ho kom og vart ståande i døri.

16Då sa Elisa: Eit anna år dette bel skal du halda ein son i fanget. Ho svara: Å nei, herre, du som er ein gudsmann, du må ikkje narra tenestkvinna di!

17Men kona vart med barn, og året etter åtte ho ein son, nett det belet som Elisa hadde sagt henne.

18Då guten vart større, bar det so til ein dag at han gjekk ut til far sin på marki, der dei heldt på og skar.

19Best det var, ropa han: Eg hev so vondt i hovudet, far! Då sa faren til drengen sin: Ber han heim til mor si!

20Drengen lyfte han upp og bar han heim til mori, og han sat i fanget hennar alt til høgstdags; då døydde han.

21Ho gjekk upp og la han på sengi åt gudsmannen, og då ho gjekk ut, stengde ho døri etter seg.

22So ropa ho på mannen sin og sa: Kjære send ein av drengene til meg med ei asna. Eg fer so snart burt til gudsmannen og kjem straks attende.

23Mannen sa: Kvifor vil du fara dit i dag? Det er då korkje nymåne eller sabbat. Ho svara: Det er det same.

24Då dei hadde sala asna åt henne, sa ho til drengen sin: Driv på so sterkt du kann, og stansa ikkje på vegen utan eg segjer deg til!

25So tok ho i veg og kom til gudsmannen på Karmelfjellet. Då han vart var henne eit stykke burte, sa han til Gehasi, sveinen sin: Sjå der kjem Sunems-kona!

26Gjer vel og spring til møtes med henne og spør korleis ho lever, og korleis mannen hennar og guten lever! Ho svara at dei levde vel.

27Men då ho kom upp på fjellet til gudsmannen, kasta ho seg ned og tok um føtene hans. Gehasi gjekk fram og vilde skuva henne undan; men gudsmannen sa: Lat henne vera! Ho hev ei hjartesorg, og Herren hev dult det for meg og ikkje vitra meg um det.

28Sjølv sa ho: Bad eg deg vel um ein son, herre? Sa eg deg ikkje heller det at du ikkje måtte narra meg?

29Då sa han til Gehasi: Bind beltet um livet, tak staven min i handi og gakk i veg! Møter du nokon, so helsa ikkje på han, og helsar nokon på deg, so svara han ikkje! Sidan skal du leggja staven min yver andletet åt guten.

30Men mor åt guten sa: So vist som Herren lever, og so vist som du sjølv lever: Eg slepper deg ikkje! Då gjorde han seg reidug og fylgde henne.

31Gehasi hadde fara fyre dei, og han la staven yver andletet åt guten; men det var ingen ljod å høyra, inkje livsteikn å sjå. So gjekk han attende, og då han møtte Elisa, fortalde han det og sa: Guten vakna ikkje.

32Då Elisa kom fram til huset, fekk han sjå at guten låg livlaus på sengi hans.

33Han gjekk inn og stengde døri og bad til Herren.

34So steig han upp i sengi og la seg yver guten med munnen mot hans munn og augo yver hans augo og hendene på hans hender, og då han soleis bøygde seg yver han, vart lekamen åt guten varm.

35So reis han upp og gjekk ein gong att og fram i romet, steig so upp i sengi att og bøygde seg nedyver guten. Då naus guten sju gonger og slo upp augo.

36Elisa ropa på Gehasi og sa: Ropa på Sunems-kona! Han so gjorde, og då ho kom inn, sa Elisa: Tak no son din!

37Då kom ho næmare og kasta seg ned for føtene hans og bøygde seg til jordi. So tok ho son sin og gjekk.

38Elisa for attende til Gilgal. Det var uår i landet den gongen. Medan no profetsveinane sat der hjå han, sa han til sveinen sin: Set den store gryta yver og koka ein velling åt profetsveinane!

39Då gjekk ein av dei ut på marki og vilde sanka urter. Han fann ein klengjevokster med ville graskar; dei sanka han kappa si full av, og då han kom inn, skar han dei upp i supegryta; for dei visste ikkje kva det var.

40So auste dei upp åt karane og bad dei eta. Men då dei hadde smaka litt på vellingen, skreik dei yver seg og ropa: Det er daude i gryta, gudsmann! Og dei kunde ikkje eta det.

41Då sa Elisa: Kom med noko mjøl! So kasta han mjølet upp i gryta og sa: Aus no upp åt folket, so dei fær eta! Då var det ikkje lenger noko vondt i gryta.

42Ein dag kom det ein mann frå Ba'al-Salisa. I posen sin hadde han brød som var baka av fyrstegrøda - tjuge byggbrød - og nyhausta korn; det vilde han gjeva gudsmannen. Då sa Elisa: Gjev det til folket, so dei fær seg mat!

43Men sveinen hans sa: Korleis kann eg setja fram dette for hundrad mann? Han svara: Berre gjev det til folket du, og lat dei få eta! For so segjer Herren: Dei skal eta og få meir enn nok.

44So sette han det fram for dei, og dei åt og hadde endå att noko, soleis som Herren hadde sagt.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Kings 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.