1Det var i attande året av Josafats kongedøme i Judariket at Joram Akabsson fekk veldet yver Israelsriket, og han sat konge i Samaria i tolv år.
2Han gjorde mangt som Herren mislika, men ikkje so mykje som far hans og mor hans hadde gjort. Han tok burt Ba'als-sula som far hans hadde fenge gjort;
3men dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fenge Israel til å gjera, dei vart han hangande i og kom seg ikkje utor dei.
4Mesa, kongen i Moab, hadde mykje fe; år um anna svara han hundrad tusund lamb og ulli av hundrad tusund verar i skatt til Israels-kongen.
5Men då Akab var avliden, sa Moab-kongen seg laus frå Israels-kongen.
6Då drog kong Joram ut or Samaria og mynstra Israels-heren.
7So sende han bod til Josafat, Juda-kongen, med dei ordi: Moab-kongen hev sagt seg laus frå meg; vil du draga med meg og strida mot Moab? Han svara: Ja visst vil eg; eg som du, mine folk som dine folk, mine hestar som dine hestar.
8So spurde han: Kva veg skal me taka når me fer dit? Hin svara: Gjenom Edomøydemarki.
9So tok dei i vegen, både Israels-kongen og Juda-kongen og Edom-kongen; men då dei hadde fare sju dagsleider ikring, fanst det ikkje vatn, korkje åt heren eller buskapen dei hadde med seg.
10Då sa Israels-kongen: Ai ei, so er det av di Herren vil gjeva desse tri kongane i hendene på Moab-mennene, at han hev stemnt dei hit!
11Men Josafat sa: Finst det ingen av Herrens profetar her, so me kann få han til å spyrja Herren? Då tok ein av mennene åt Israels-kongen til ords og sa: Elisa Safatsson er her, han som helte vatn yver hendene hans Elias.
12Josafat sa: Hjå han er Herrens ord. So gjekk dei ned til han alle tri, Israels-kongen og Josafat og Edom-kongen.
13Men Elisa sa til Israels-kongen: Kva vil du meg? Gakk du til profetane åt far din og mor di! Israels-kongen svara: Tala ikkje so! Det er då Herren som hev stemnt desse tri kongane hit og vil gjeva dei i hendene på Moab-mennene.
14Då sa Elisa: So visst som Herren, allhers Gud, lever, han som eg tener seint og tidleg: Var det ikkje av vyrdnad for Josafat, Juda-kongen, so vilde eg aldri ansa deg eller sjå dit du er.
15Men henta no de ein harpespelar åt meg! Då so harpespelaren tok til å leika på harpa si, kom Herrens Ande yver han,
16og han sa: So segjer Herren: Grav grop i grop utyver dalen her!
17For Herren segjer so: De skal ikkje sjå vind, og de skal ikkje sjå regn, og like vel skal denne dalen fyllast med vatn, so de fær drikka, både de sjølve og buskapen og kløvdyri dykkar.
18Men ikkje tykkjer Herren DET er nok; han vil gjeva Moab i dykkar vald.
19Kvar borg og kvar storby skal de taka, kvart aldetre skal de fella, alle vasskjeldone skal de dytta att, og kvar ein god jordteig skal de spilla med stein.
20So hende det morgonen etter, i det belet dei ber fram matofferet, at det kom vatn strøymande frå Edomleitet, so landet vart fullt av vatn.
21Det spurdest yver heile Moab at kongane var komne og vilde taka på dei, og alle som på nokor vis var våpnføre, vart utbodne og tok støde utmed landskilet.
22Men då soli rann på vatnet andre morgonen, tykte Moab-mennene at vatnet framfyre dei var raudt som blod,
23og dei ropa: Det er blod; kongane hev gjort ende på kvarandre og slege kvarandre i hel. Kom, Moab-menner! No er det herfang å få!
24Men då dei kom til Israelslægret, sprang Israels-mennene fram og rauk på dei, so dei laut røma undan. So drog Israels-mennene inn i landet og slo Moab-mennene att.
25Byane reiv dei ned; såg dei ein god åkerteig, kasta dei kvar sin stein på han og grytte han ned; kvar vasskjelda dytta dei att, og kvart aldetre felte dei - til det ikkje var att anna enn landsborgi i Kir-Hareset; den kringsette slyngjekastarane og skaut på henne.
26Då Moab-kongen såg at striden vart for hard for han, tok han med seg sju hundrad mann med dregne sverd i hand og vilde brjota seg gjenom der som Edom-kongen stod; men dei greidde det ikkje.
27So tok han eldste son sin - han som skulde verta konge etter han - og ofra han på muren til eit brennoffer. Då kom det ein stor vreide yver Israel, og dei drog burt derifrå og for heim att til sitt eige land.