2 Kings 22NO1938N

1Josias var åtte år gamal då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i ein og tretti år. Mor hans heitte Jedida; ho var dotter åt Adaja og var frå Boskat.

2Han gjorde det som rett var i Herrens augo, og heldt seg i alle måtar etter same vegen som David, ættefaren hans, hadde fylgt; han veik ikkje av anten til høgre eller til vinstre.

3I attande året av kongedømet åt Josias bar det so til at kongen sende riksskrivaren Safan, son åt Asalja Mesullamsson, til Herrens hus og sa:

4Gakk upp til Hilkias, øvstepresten, og bed han telja i hop alle pengane som er komne inn til Herrens hus, dei som dørstokk-vaktarane hev samla inn hjå folket,

5og gjeva dei i hendene på dei som stend fyre arbeidet og hev tilsyn med Herrens hus, so skal dei gjeva dei ut til handverkarane som arbeider i Herrens hus og skal bøta brestene der -

6til timbremennene og bygningsmennene og murarane - og til å kjøpa trevyrke og hoggen stein for, so dei kann vøla på huset.

7Men det skal ikkje krevjast rekneskap av dei for pengane dei tek imot; for dei fer ærleg fram.

8Same gongen sa Hilkias, øvstepresten, til Safan, riksskrivaren: Eg hev funne lovboki i Herrens hus. So gav han boki til Safan, og han las henne.

9Då Safan, riksskrivaren, kom attende til kongen, sa han frå korleis han hadde greidt ærendi si; han sa: Tenarane dine hev tømt ut alle pengane som fanst i huset, og gjeve dei til dei som stend fyre arbeidet og hev tilsyn med Herrens hus.

10So fortalde han kongen at Hilkias, presten, hadde gjeve han ei bok, og han las upp boki for kongen.

11Då kongen fekk høyra det som stod i lovboki, reiv han sund klædi sine.

12So tala han med Hilkias, presten, og med Akikam Safansson og Akbor Mikajason og Safan, riksskrivaren, og Asaja, kongstenaren, og gav dei sovori fyresegn:

13Gakk og spør Herren for meg og folket og heile Juda um det som stend i denne boki som no er funni! For stor er den vreiden som hev loga upp imot oss hjå Herren, for di federne våre ikkje hev høyrt på det som stend i denne boki, og ikkje hev halde seg etter det som er oss fyreskrive.

14So gjekk Hilkias, presten, og Akikam og Akbor og Safan og Asaja til Hulda, profetkvinna, kona åt Sallum, som var son åt Tikva Karkasson og hadde tilsyn med klæderomet; ho budde i Jerusalem, i nybyen. Då dei hadde bore fram målemnet for henne,

15svara ho: So segjer Herren, Israels Gud: Seg til den mannen som hev sendt dykk til meg:

16So segjer Herren: Ja vel, alt det vonde som er nemnt i den boki Juda-kongen hev lese, vil eg lata koma yver denne staden og dei som bur her,

17for di dei hev vendt seg frå meg og brent røykjelse for andre gudar, so dei hev eggja meg til vreide med det som hendene deira hev laga. Vreiden min hev loga upp mot denne staden, og han skal aldri slokna.

18Men Juda-kongen, som sende dykk og vilde spyrja Herren, han skal de segja dette til: So segjer Herren, Israels Gud: Du hev no høyrt desse ordi;

19men etter di hjarta ditt vart kløkt, og du gjorde deg mjuk for Herrens åsyn då du høyrde det eg hev tala mot denne staden og dei som bur her - at dei skal verta til eit skræmsel og ei forbanning - og etter di du reiv sund klædi dine og gret for mi åsyn, so hev eg og høyrt, segjer Herren.

20Difor vil eg lata deg fara til federne dine, so du i fred vert samla med dei i gravi di; dine augo skal ikkje sjå all den ulukka eg vil føra yver denne staden. Med dette svaret kom dei heim att til kongen.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Kings 22.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.