2 Kings 21NO1938N

1Manasse var tolv år gamal då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i fem og femti år. Mor hans heitte Hefsiba.

2Han gjorde det som Herren mislika, og fylgde dei same avstyggelege skikkane som dei heidningfolki Herren hadde drive burt for Israels-borni.

3Han bygde upp att offerhaugane som Esekias, far hans, hadde øydelagt, og reiste altar for Ba'al og gjorde eit Astarte-bilete, liksom Akab, Israels-kongen, hadde gjort, og han tilbad og dyrka heile himmelheren.

4Ja, han bygde altar i Herrens hus, endå Herren hadde sagt: I Jerusalem vil eg lata namnet mitt bu.

5For heile himmelheren bygde han altar i båe fyregardane til Herrens hus.

6Han let son sin ganga gjenom elden og for med spåkunster og varseltyding og leigde folk som mana fram daudingar og spåvette; han gjorde mykje som Herren mislika, so han arga han upp.

7Astarte-biletet som han hadde gjort, sette han upp i det huset som Herren hadde sagt det um til David og Salomo, son hans: I dette huset og i Jerusalem, som eg hev valt ut or alle Israels fylke, vil eg lata namnet mitt bu i all æva,

8og eg vil aldri meir lata Israel fara heimlaus burt frå det landet eg gav federne deira - so sant dei berre legg vinn på å gjera alt det eg hev sett dei fyre, etter heile den lovi som Moses, tenaren min, gav dei.

9Men dei vilde ikkje høyra, og Manasse forførde dei, so dei gjorde endå meir vondt enn dei heidningfolki som Herren hadde rudt ut for Israels-borni.

10Då let Herren profetane, tenarane sine, tala sovorne ord:

11For di Manasse, Juda-kongen, hev gjort so avstyggelege ting - ting som er verre enn alt det amoritane gjorde fyrr i tidi, og for di han hev lokka Juda og til synd med dei ufysne avgudane sine,

12difor segjer Herren so, han som er Israels Gud: No vil eg føra slik ulukka yver Jerusalem og Juda at det skal ringja for båe øyro på alle som høyrer um det.

13Eg vil spana same mælesnori yver Jerusalem som yver Samaria og nytta same vektloddet som mot Akabs hus. Eg vil turka burt Jerusalem, liksom ein turkar av eit fat og når ein hev turka det, kvelver det.

14Eg vil skuva ifrå meg leivningen av arvluten min og gjeva dei i hendene på fiendane deira, so dei vert til herfang og ran for alle fiendane sine,

15for di dei hev gjort det som er meg imot, og jamleg hev eggja meg til vreide frå den dagen då federne deira drog ut or Egyptarland, og til denne dag.

16Attåt den syndi Manasse gjorde med di han fekk Juda til å synda og gjera det som Herren mislika, let han det og renna skuldlaust blod - uhorveleg mykje, so han fyllte Jerusalem med blod frå ende til ende.

17Det som meir er å segja um Manasse og alt det han gjorde, og syndi som han var saka i, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.

18So for Manasse til federne sine og vart gravlagd i hagen som låg attmed huset hans, i hagen åt Ussa. Amon, son hans, vart konge etter han.

19Amon var tvo og tjuge år gamal då han tok styret, og han sat tvo år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Mesullemet; ho var dotter åt Harus og var frå Jotba.

20Han gjorde det som Herren mislika, liksom Manasse, far hans.

21Han for i alle måtar like eins fram som far hans hadde gjort, og dyrka dei ufysne avgudane som far hans hadde dyrka, og tilbad dei.

22Han vende seg frå Herren, sin fedre-Gud, og for ikkje fram etter Herrens veg.

23Amons menner svor seg saman mot han og slo i hel kongen i hans eige hus.

24Men landslyden hogg ned alle dei som hadde svore seg saman mot kong Amon, og so tok dei Josias, son hans, til konge i staden hans.

25Det som meir er å segja um Amon, det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.

26Dei sette han ned i gravi hans i hagen åt Ussa. Josias, son hans, vart konge etter han.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Kings 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.