1Det var i syttande året av Pekah Remaljasons kongedøme Akas vart konge; han var son åt Jotam, Juda-kongen.
2Akas var tjuge år gamal då han tok styret, og han sat sekstan år konge i Jerusalem. Han gjorde ikkje det som rett er for Herren hans Gud, som David, ættefaren hans,
3men fylgde i fotfaret åt Israels-kongane. Han let jamvel son sin ganga gjenom elden etter dei avstyggelege skikkane som var hjå dei folki Herren hadde drive burt for Israels-borni;
4og han ofra slaktoffer og brende røykjelse på haugane og bakkane og under kvart grønt tre.
5På den tidi gjorde Resin, kongen i Syria, og Pekah Remaljason, Israels-kongen, ei herferd mot Jerusalem. Dei kringsette Akas, men vann ikkje gjera noko åtak.
6På same tidi vann Resin, syrarkongen, Elat att åt Syria; han dreiv jødane ut or Elat, og syrarane kom og busette seg der og hev vorte buande der til denne dag.
7Akas sende bod til Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, og let segja: Eg er din tenar og din son; kom og frels meg frå syrarkongen og Israels-kongen! Dei hev yppa ufred med meg.
8Og Akas tok alt sylvet og gullet i Herrens hus og i skattkammeri i kongsgarden og sende det til assyrarkongen i gåva.
9Assyrarkongen gjorde som han bad; han gjekk mot Damaskus og hertok byen; folket som budde der, førde han burt til Kir, og Resin tok han livet av.
10So for kong Akas til Damaskus og vilde møta Tiglat-Pileser, assyrarkongen. Då han fekk sjå altaret som var der, sende han Uria, presten, ei teikning av det og eit bilete som synte korleis det i alle måtar var gjort.
11Og Uria, presten, bygde eit altar som svara heiltupp til det biletet som Akas hadde sendt frå Damaskus; det fekk han gjort innan kong Akas kom att frå Damaskus.
12Då kongen kom heim att frå Damaskus og såg altaret, gjekk han fram til det og ofra på det.
13Han brende brennofferet og matofferet sitt og auste ut drykkofferet sitt og skvette blodet av takkofferet sitt på altaret.
14Men koparaltaret, som stod framfor Herrens åsyn, flutte han frå romet sitt framfor huset - romet millom det nye altaret og Herrens hus - og sette det på nordsida av det nye altaret.
15So gav Uria, presten, sovori fyresegn: På det store altaret skal du brenna morgon-brennofferet og kvelds-matofferet og brennofferet frå kongen og matofferet hans og brennofferet for heile landslyden og matofferet deira og drykkofferet deira, og blodet av brennofferi og av slaktofferi skal du skvetta på det; men koparaltaret vil eg hava til å halda bøn innmed.
16Og Uria, presten, gjorde i alle måtar som kong Akas hadde sagt han fyre.
17Kong Akas skar og fyllingane ut or fotstykki og tok burt balja som stod på kvar av dei. Like eins tok han det støypte havet ned av koparuksane som det kvilde på, og sette det på eit steingolv.
18Og sabbats-svalgangen som dei hadde bygt innmed huset og tekt yver, og den ytre kongeinngangen la han inn i Herrens hus for assyrarkongen skuld.
19Det som meir er å segja um Akas, um det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.
20So for Akas til federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i Davidsstaden. Esekias, son hans, vart konge etter han.