1Det var i sju og tjugande året av Jeroboams kongedøme i Israel Asarja vart konge; han var son åt Juda-kongen Amasja.
2Han var sekstan år då han fekk kongsnamn, og sat tvo og femti år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem.
3Han gjorde det som rett var i Herrens augo, heiltupp soleis som Amasja, far hans, hadde gjort.
4Men offerhaugane vart ikkje nedlagde; folket held ved og ofra slaktoffer og brende røykjelse på haugane.
5Herren råma kongen med sjukdom; han vart spillsjuk og var so til sin døydande dag. Han budde i eit hus for seg sjølv, og Jotam, kongssonen, stod fyre huset åt kongen og styrde landslyden.
6Det som meir er å segja um Asarja og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.
7So for Asarja til federne sine, og dei gravla han hjå federne hans i Davidsstaden. Jotam, son hans, vart konge etter han.
8Det var i åtte og trettiande året av Asarjas kongedøme i Judariket at Sakarja Jeroboamsson fekk veldet yver Israel, og han sat konge i Samaria i seks månader.
9Han gjorde det som Herren mislika, liksom federne hans; han veik ikkje utav den syndefulle vegen som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt og fenge Israel til å fylgja.
10Sallum Jabesson fekk i stand ei samansverjing mot han; han slo han i hel so folket såg på det, og vart sjølv konge i staden hans.
11Det som meir er å segja um Sakarja, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
12Soleis sanna det seg det ordet som Herren hadde tala til Jehu; han hadde sagt: Etterkomarane dine skal sitja på Israels kongestol til fjorde leden. Og so vart det.
13Det var i ni og trettiande året av Ussias' kongedøme i Juda at Salum Jabesson tok kongsnamn, og han sat konge i Samaria ein månads tid.
14Då drog Menahem Gadison upp frå Tirsa og kom til Samaria; der slo han i hel Sallum Jabesson og vart konge i staden hans.
15Det som meir er å segja um Sallum og den samansverjingi han fekk i stand, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
16På den tidi drog Menahem ut frå Trisa og herja Tifsah og alt der var, og alle bygdene ikring. Dei let ikkje upp portane for han; difor herja han der og riste jamvel upp alle barnkonone.
17Det var i ni og trettiande året av Asarjas kongedøme i Juda at Menahem Gadison vart konge yver Israel. Sidan sat han i ti år i Samaria.
18Han gjorde det som Herren mislika; han veik aldri, so lege han levde, utav den syndefulle vegen som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt og fenge Israel til å fylgja.
19Ful, kongen i Assyria, fall inn i landet. Då gav Menahem han tusund talent sylv, so han skulde stydja han og tryggja kongedømet hans.
20Dei pengane Menahem laut reida ut til assyrarkongen, fekk han inn på den måten at han la skatt på Israel, på alle rikmennene, femti sekel på kvar. So for assyrarkongen heim att og stana ikkje lenger i landet.
21Det som meir er å segja um Menahem og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
22So for Menahem til fedrane sine, og Pekahja, son hans, vart konge etter han.
23Det var i femtiande året av Asarjas kongedøme i Juda åt Pekahja Menahemsson vart konge yver Israel, og han sat tvo år i Samaria.
24Han gjorde det som Herren mislika, og veik ikkje utav den syndefulle vegen som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt og fenge Israel til å fylgja.
25Pekah, son åt Remalja, ein av hovudsmennene hans, fekk i stand ei samansverjing mot han og felte han og Argob og Arje i Samaria, i sjølve kongsborgi. Han hadde femti mann av Gileads-folket med seg, og då han hadde drepe Pekahja, vart han konge i staden hans.
26Det som meir er å segja um Pekahja og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
27Det var i tvo og femtiande året av Asarjas kongedøme i Juda at Pekah Remaljason fekk veldet yver Israelsriket, og han sat konge i Samaria i tjuge år.
28Han gjorde det som Herren mislika, og veik ikkje utav den syndefulle vegen som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt og fenge Israel til å fylgja.
29I den tidi då Pekah var konge i Israel, kom Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, og tok Ijon og Abel-Bet-Ma'aka og Janoah og Kedes og Hasor og Gilead og Galilea - heile Naftalilandet - og flutte folket som budde der, burt til Assyria.
30Hosea Elason fekk i stand ei samansverjing mot Pekah Remaljason og slo han i hel og vart konge i staden hans; det var i tjugande året av kongedømet åt Jotam Ussiasson.
31Det som meir er å segja um Pekah og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
32I andre året av Pekah Remaljasons kongedøme i Israel vart Jotam konge; han var son åt Ussias, Juda-kongen.
33Då han fekk kongsnamn, var han fem og tjuge år gamal, og han sat sekstan år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Jerusa og var dotter åt Sadok.
34Han gjorde det som rett var i Herrens augo, og for i alle måtar åt som Ussias, far hans, hadde gjort.
35Men offerhaugane vart ikkje nedlagde; folket heldt ved og ofra slaktoffer og brende røykjelse på haugane. - Det var Jotam som bygde øvre porten i Herrens hus.
36Det som meir er å segja um Jotam og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.
37På den tidi tok Herren til å senda Resin, kongen i Syria, og Pekah Remaljason mot Judariket.
38So for Jotam til federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, ættefaren sin. Akas, son hans, vart konge etter han.