2 Corinthians 1NO1938N

1Paulus, Jesu Kristi apostel ved Guds vilje, og broderen Timoteus - til Guds kyrkjelyd som er i Korint, med alle dei heilage i heile Akaia:

2Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader og Herren Jesus Kristus!

3Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, miskunns Fader og all trøystings Gud,

4han som trøystar oss i all vår trengsla, so me kann trøysta dei som er i allslags trengsla, med den trøyst som me sjølve vert trøysta med av Gud!

5For liksom Kristi lidingar kjem rikleg yver oss, so er og vår trøyst rikleg ved Kristus.

6Men um me lid trengsla, so er det til trøyst og frelsa for dykk; vert me trøysta, so er det dykk til ei trøyst som syner seg verksam i tolmod i dei same lidingar som me lid;

7og vår von um dykk er fast, av di me veit at liksom de hev lut i lidingane, so skal de og hava lut i trøysti.

8For me vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um den trengsla som kom yver oss i Asia, at me vart ovleg hardt nedtyngde, meir enn me kunde bera, so at me jamvel mistvila um livet;

9ja, me hadde gjort upp med oss sjølve at me laut døy, so me ikkje skulde lita på oss sjølve, men på Gud som vekkjer upp dei daude,

10han som fria og friar oss frå slik daude, han som me vonar og vil fria oss heretter,

11med di de og kjem oss til hjelp med bøn, so det frå mange munnar må koma rikleg takk for oss, for den nåden som er oss gjeven.

12For vår ros er dette: vitnemålet i vårt samvit um at me hev ferdast i verdi, og serleg hjå dykk, i Guds heilagdom og reinleik, ikkje i kjøtleg visdom, men i Guds nåde.

13For me skriv ikkje anna til dykk enn det som de les eller skynar, og eg vonar at de og skal skyna det til enden

14- liksom de og til deils hev skyna oss - at me er dykkar ros, liksom de og er vår på Herren Jesu dag.

15Og i tillit til dette vilde eg koma til dykk fyrst, so de kunde få endå ein nåde,

16og fara frå dykk til Makedonia, og so koma frå Makedonia til dykk att og få fylgje av dykk til Judea.

17Då eg no vilde dette, for eg då kann henda fram med lauslynde? eller er det på kjøtleg vis eg tek dei råder som eg tek, so det hjå meg skulde vera både ja, ja og nei, nei?

18So visst som Gud er trufast, so er vårt ord til dykk ikkje ja og nei.

19For Guds Son, Kristus Jesus, som vart forkynt hjå dykk ved oss, ved meg og Silvanus og Timoteus, han var ikkje ja og nei, men ja hev det vorte i han;

20for so mange som Guds lovnader er, so hev dei i han sitt ja, difor fær dei og ved han sitt amen, Gud til æra ved oss.

21Men den som bind oss, og dykk med, fast til Kristus, og som salva oss, det er Gud,

22han som og sette sitt innsigle på oss og gav Anden til pant i hjarto våre.

23Men eg kallar Gud til vitne for mi sjel, at det var for di eg vilde spara dykk at eg ikkje endå er komen til Korint;

24ikkje at me er herrar yver trui dykkar, men me arbeider med på gleda dykkar; for de stend i trui.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Corinthians 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.