1 Corinthians 16NO1938N

1Men vedkomande innsamlingi til dei heilage, so skal de fara åt soleis som eg hev skipa det for kyrkjelydane i Galatia!

2På den fyrste dagen i vika leggje kvar av dykk til sida heime hjå seg sjølv det han fær lukka til, so innsamlingi ikkje skal verta gjord fyrst då når eg kjem.

3Når eg so kjem, skal eg senda dei som de vil velja til det, med brev, so dei kann føra kjærleiksgåva dykkar til Jerusalem.

4Men er det verdt at eg og reiser, so kann dei reisa saman med meg.

5Eg kjem til dykk når eg hev fare gjenom Makedonia; for Makedonia fer eg igjenom;

6men hjå dykk kann henda eg drygjer ei tid, eller jamvel vinteren yver, so de kann fylgja meg på vegen dit som eg sidan reiser.

7Eg vil ikkje vitja dykk no på vegen; for eg hev ei von um å få drygja ei tid hjå dykk, um Herren gjev lov til det.

8I Efesus drygjer eg til kvitsunnhelgi;

9for ei stor og verksam dør er upplati for meg, og det er mange motstandarar.

10Når Timoteus kjem, so sjå til at han kann vera hjå dykk utan otte! for han gjer Herrens gjerning, liksom eg;

11difor må ingen vanvyrda han. Og fylg han på vegen i fred, so han kann koma til meg! for eg ventar på han med brørne.

12Vedkomande broren Apollos, so bad eg han mykje at han måtte fara til dykk med brørne; han var slett ikkje viljug til å koma no, men han vil koma når han fær tid.

13Vak, statt støde i trui, ver mannelege, ver sterke!

14Lat alt hjå dykk ganga fyre seg i kjærleik!

15Eg legg dykk på hjarta, brør: de kjenner huslyden åt Stefanas, at dei er fyrstegrøda av Akaia, og at dei hev rådt seg til å tena dei heilage -

16so vis de og vyrdnad mot dei, og like eins mot alle som hjelper til og gjer seg umak!

17Eg gleder meg yver at Stefanas og Fortunatus og Akaikus er her; for saknaden av dykk hev dei avhjelpt.

18For dei hev kveikt mi og dykkar ånd. Skyna difor på slike!

19Kyrkjelydane i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska helsar dykk mykje i Herren saman med kyrkjelyden i huset deira.

20Alle brørne helsar dykk. Helsa kvarandre med ein heilag kyss!

21Helsing med mi, Paulus', hand:

22Um nokon ikkje elskar Herren, han vere bannstøytt! Maran ata.

23Herren Jesu nåde vere med dykk!

24Min kjærleik er med dykk alle i Kristus Jesus.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Corinthians 16.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.