2 Chronicles 6NO1938N

1Då sa Salomo: Herren hev sagt at han vil bu i skoddemyrkret;

2og no hev eg bygt eit hus til bustad for deg, ein stad der du kann bu til æveleg tid.

3So snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden, medan heile Israels-lyden stod.

4Han sa: Lova vere Herren, Israels Gud, han som med si hand hev fullført det han med sin munn lova David, far min, då han sa:

5Frå den dag då eg henta folket mitt ut or Egyptarlandet, hev eg ikkje valt ut nokon by i noko av Israelsfylki soleis at det skulde byggjast eit hus til bustad for namnet mitt der, og ikkje hev eg kåra nokon mann til å vera fyrste yver Israel, folket mitt;

6men eg valde Jerusalem til bustad for namnet mitt, og eg kåra David til å råda yver Israel, folket mitt.

7Og David, far min, tenkte å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud.

8Men Herren sa til David, far min: Når du hev tenkt å byggja eit hus for namnet mitt, so hev du gjort vel i det;

9men du skal ikkje byggja huset; son din, ditt eige kjøt og blod, han skal byggja huset for namnet mitt.

10Og Herren heldt ordet sitt; eg hev stige upp i romet etter David, far min, og hev sessa meg på Israels kongsstol, soleis som Herren hadde lova, og no hev eg bygt dette huset for namnet åt Herren, Israels Gud.

11Og der hev eg sett den kista som gøymer Herrens pakt, den pakti Herren gjorde med Israels-borni.

12So steig Salomo fram for Herrens altar midt for augo på heile Israels-lyden og breidde ut hendene.

13For han hadde gjort ein kopartram som var fem alner lang og fem alner breid og tri alner høg, og sett han midt i garden; på den stod han no. Og han la seg på kne midt for augo på heile Israels-lyden, breidde ut hendene mot himmelen

14og sa: Herre, Israels Gud! Det er ingen Gud som du, korkje i himmelen eller på jordi, du som held di pakt med tenarane dine og let di miskunn mot dei vara ved, når dei ferdast for di åsyn av alt sitt hjarta,

15du som hev halde det du lova David, far min, tenaren din; du lova det med din munn og hev fullført det med di hand, soleis som det syner seg i dag.

16So haldt då, Herre, Israels Gud, det du lova David, far min, tenaren din, då du sa: Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mi åsyn, so sant borni dine aktar på vegen sin og ferdast etter lovi mi, liksom du hev ferdast for mi åsyn.

17So lat no, Herre, Israels Gud, det ordet sannast som du tala til David, tenaren din!

18Men er det no i røyndi so at Gud bur hjå menneski på jordi? Sjå, himlane og himle-himlane rømer deg ikkje, langt mindre dette huset som eg hev bygt!

19Like vel vil du visst venda deg til bønene åt tenaren din og til hans audmjuke ynske, Herre min Gud, og du vil høyra på det ropet og den bøni som tenaren din ber fram for di åsyn,

20og lata augo dine vera opne mot dette huset dag og natt - mot den staden der du hev sagt at namnet ditt skulde bu - so du høyrer på den bøni som tenaren din ber fram, vend mot denne staden.

21Du vil visst høyra på dei hjartesukkane som tenaren din og Israel, folket ditt, ber fram, vende mot denne staden; du vil høyra dei frå den staden der du bur - frå himmelen; du vil høyra og tilgjeva.

22Når nokon syndar mot næsten sin, og dei krev ein eid av han og let han sverja, og han so kjem inn og gjer eiden framfor altaret ditt i dette huset,

23so vil du høyra det i himmelen, og du vil taka frami og hjelpa tenarane dine so dei fær retten sin - du vil gjeva den skuldige lika for det han hev gjort, og lat åtferdi hans koma att på hans eige hovud, og du vil frikjenna den rettferdige og lata han få det han er verd for rettferdi si.

24Når Israel, folket ditt, taper i striden og lyt røma for fienden for di dei syndar mot deg, men dei so vender um og vedkjennest namnet ditt og bed til deg og tiggar um nåde for di åsyn i dette huset,

25so vil du høyra det i himmelen og tilgjeva Israel, folket ditt, syndi deira og føra dei attende til det landet du hev gjeve dei og federne deira.

26Når himmelen vert stengd, so det ikkje kjem regn, for di dei syndar mot deg, men dei so vender seg mot denne staden og bed og vedkjennest namnet ditt og vender um frå syndi si, av di du gjer dei mjuke,

27so vil du høyra det i himmelen og tilgjeva tenarane dine og Israel, folket ditt, syndi deira, av di du vil syna dei kvar den gode vegen er som dei skal ganga etter, og so vil du senda regn yver landet ditt, det landet som du hev gjeve folket ditt til odel og eiga.

28Når det kjem uår i landet, når det kjem farsott, når det kjem moldaks og rust på kornet, grashoppar og gnagarar, når fiendane kjem inn i landet og kringset byane deira, kva slag ulukka eller sjukdom som kjem -

29kvar gong då eit menneske eller heile folket ditt, Israel, ber fram ei bøn eller eit audmjukt ynske, med di dei kvar for seg kjenner seg tyngde av naud og sorg og so rettar ut hendene sine mot dette huset,

30so vil du høyra det i himmelen, der du bur, og du vil tilgjeva og lata kvar mann få det han er verd etter åtferdi si, av di du kjenner hjarta hans - for einast du kjenner hjarta åt manneborni -

31so dei må ottast deg og ferdast på dine vegar all den tid dei lever i det landet du hev gjeve federne våre.

32Um det so er ein framand, ein som ikkje høyrer til Israel, folket ditt, men kjem frå eit land langt burte for skuld ditt store namn og di sterke hand og din strake arm - og kjem og ber bønene sine fram medan dei vender seg mot dette huset,

33so vil du høyra det i himmelen, der du bur, og gjera alt som den framande ropar til deg um, so namnet ditt må verta kunnigt for alle folk på jordi, og dei må ottast deg liksom Israel, ditt eige folk, og skyna at det er ditt namn som vert nemnt yver dette huset som eg hev bygt.

34Når folket ditt fer i herferd mot fiendane sine etter den vegen du sender dei, og dei so bed til deg, vende mot denne byen som du hev valt ut, og det huset som eg hev bygt for namnet ditt,

35so vil du i himmelen høyra bøni deira og det audmjuke ynsket deira og laga det so att dei fær sin rett.

36Når dei syndar mot deg - for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar - og du vert harm på dei og let fienden få vinna på dei, so han hertek dei og fører dei burt til eit anna land, anten det no er langt undan eller tett innmed,

37men dei so tenkjer seg i det landet dei vart førde burt til, og gjer bot og bed deg um nåde i det landet der dei sit fangar, og segjer: Me hev synda og me hev fare ille åt og vore gudlause,

38og dei vender um til deg av alt sitt hjarta og all sin hug medan sit fangar i det landet som dei vart førde burt til, og dei bed til deg, vende mot landet sitt, det som du gav federne deira, og mot den byen du hev valt ut, og det huset eg hev bygt for namnet ditt,

39so vil du i himmelen, der du bur, høyra bøni og dei audmjuke ynski deira og laga det so at dei fær retten sin, og tilgjeva folket ditt det dei hev synda mot deg.

40So lat då, min Gud, augo dine vera opne og øyro dine høyrsame for den bøni som vert bedi på denne staden!

41Reis deg no, Herre Gud, og kom til din kvilestad, du og ditt veldes kista! Lat prestane dine, Herre Gud, klæda seg i frelsa, og dine gudlege gleda seg i det gode!

42Herre Gud! Vis ikkje burt den du hev salva! Kom i hug all den miskunn du hev lova David, tenaren din!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.