1Då det no var fullført alt det arbeidet Salomo let gjera på Herrens hus, flutte han dit det som David, far hans, hadde helga til Herren, både sylvet og gullet og alle hine eignelutane la han ned i skattkammeri i Guds hus.
2So kalla Salomo styresmennene i Israel og alle fylkeshovdingane - dei fremste mennene i ættgreinene åt Israels-borni - saman til Jerusalem; dei skulde henta Herrens paktkista upp frå Davidsstaden, det er Sion.
3Og alle Israels menner samla seg hjå kongen i helgi; det var i sjuande månaden.
4Då alle styresmennene i Israel var komne, tok levitane paktkista
5og bar både kista og møtetjeldet og alle dei heilage gognene som var i tjeldet; det var dei levitiske prestane som bar dei upp.
6Og kong Salomo og heile Israels-lyden, som hadde samla seg hjå han, stod framfor kista, og dei ofra småfe og storfe i slik mengd at ingen var god til å telja eller rekna dei.
7So bar prestane Herrens paktkista inn der ho skulde standa, i tempelkoret, i det høgheilage romet, under kjerubvengene.
8For kjerubane breidde ut vengene sine yver den staden der kista stod, soleis tekte kjerubane yver kista og yver stengene hennar.
9Stengene var so lange at ein kunde sjå stongendane, som stod fram frå kista, framanfor koret, men ikkje lenger ute. Der hev ho vore alt til denne dag.
10I kista fanst ikkje anna enn dei tvo tavlone som Moses hadde lagt ned i henne ved Horeb, den gongen Herren gjorde pakt med Israels-borni då dei drog ut or Egyptarland.
11So hende det, at då prestane gjekk ut or heilagdomen - for alle prestane som var der, hadde helga seg, so det vart ikkje spurt etter kva skift dei høyrde til -
12og då alle dei levitiske songarane, både Asaf og Heman og Jedutun og sønene og brørne deira, klædde i kvite bomullsklæde, stod på austsida av altaret med cymblar og harpor og citarar, og i lag med dei hundrad og tjuge prestar som bles i lur,
13og lurblåsarane og songarane alle som ein samrøystes sette i og lova og prisa Herren, medan dei let lurane og cymblane og dei andre spelgognene ljoma og lova Herren for di han er god, og hans miskunn varer æveleg - då vart huset - Herrens hus - fyllt av ei sky,
14og prestane kunde for skyi skuld ikkje standa og gjera tenesta; for Herrens herlegdom fyllte Guds hus.