2 Chronicles 21NO1938N

1So for Josafat til federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i Davidsstaden. Joram, son hans, vart konge etter han.

2Han hadde nokre brør, søner åt Josafat; dei heitte Asarja og Jehiel og Sakarja og Asarja og Mikael og Sefatja; alle desse var søner åt Josafat, kongen i Israel.

3Far deira hadde gjeve dei mange gåvor: sylv og gull og dyre eigneluter og attåt det faste byar i Judalandet; men kongedømet hadde han gjeve til Joram; for han var den eldste.

4Då so Joram hadde stige upp på kongsstolen åt far sin og hadde trygt makti si, drap han alle brørne sine med sverdet og like eins nokre av Israels hovdingar.

5Joram var tvo og tretti år gamal då han tok styret, og han sat åtte år konge i Jerusalem.

6Han fylgde same vegen som Israels-kongane og for like eins åt som Akabs hus; for han hadde ei dotter åt Akab til kona; og han gjorde det som Herren mislika.

7Men Herren vilde ikkje øyda ut Davids hus for den pakti skuld som han hadde gjort med David, og etter di han hadde lova at han alltid skulde lata ei lampa brenna for han og sønene hans.

8I hans tid reiv Edom seg laus frå Juda og tok seg ein konge.

9Då drog Joram dit med hovdingane sine og hadde alle stridsvognene med seg. Og han tok ut um natti og slo Edoms-mennene, som hadde kringsett han og hovdingane for vognheren.

10Soleis kom edomitane seg laus frå Judariket, og sidan hev dei vorte frie alt til denne dag. Den gongen - på same tidi - fall Libna og ifrå han, for di han hadde vendt seg frå Herren, sin fedre-Gud.

11Han bygde og upp offerhaugar i Judafjelli og lokka Jerusalems-buane til ulivnad og førde Juda-folket burt frå rette vegen.

12Då kom det eit skriv til han frå profeten Elias, og der stod det: So segjer Herren, Gud åt David, far din: For di du ikkje hev fare etter dei vegane som Josafat, far din, og Asa, Juda-kongen, for etter,

13men hev fylgt same vegen som Israels-kongane og lokka Juda-folket og Jerusalems-buane til ulivnad på same vis som Akabs hus lokka folk til ulivnad, og endå til hev drepe brørne dine, som var søner åt din eigen far og var betre enn du,

14so vil Herren no lata eit hardt slag råma folket ditt og sønene dine og konone dine og alt som ditt er,

15og sjølv skal du verta råma av ein svær sjukdom, ein sjukdom i livet, som vert so strid at innvolen din etter år og dag fell ut.

16So eggja Herren upp filistarane og dei arabarane som bur jamsides med etiopane, so dei vart vonde på Joram;

17dei gjorde ei herferd mot Judariket og braut seg inn i landet og førde med seg burt alle eigneluter som fanst i huset åt kongen, og jamvel sønene og konone hans, so han ikkje hadde att nokon son utan Joakas, som var den yngste av sønene hans.

18Etterpå alt dette råma Herren han med ein ulækjande sjukdom i livet,

19og det bar so til at etter år og dag - då tvo år var lidne - valde sjukdomen at innvolen hans fall ut, og han døydde i harde lidingar. Folket hans kveikte ikkje nokon eld for han, som dei hadde gjort for federne hans.

20Han var tvo og tretti år gamal då han tok styret konge, og han sat åtte år konge i Jerusalem. So for han burt, og ingen sakna han. Dei gravla han i Davidsstaden, men ikkje i kongegravene.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.