2 Chronicles 20NO1938N

1Då det leid av ei tid, hende det at Moabs-borni og Ammons-borni og saman med dei ein lut me'unitar gjorde ei herferd mot Josafat.

2Og folk kom til han med sovori tiend: Det kjem ein stor her imot deg frå hi sida havet, frå Syria; dei er alt i Haseson-Tamar - det er En-Gedi.

3Då vart Josafat redd og vende seg i bøn til Herren. Han lyste fasta yver heile Juda,

4og Juda-mennene samla seg og vilde søkja hjelp hjå Herren - frå alle Judabyane kom dei og vilde søkja Herren.

5So steig Josafat fram for lyden som var komen saman frå Juda og Jerusalem, i Herrens hus, framanfor den nye fyregarden,

6og sa: Herre, vår fedre-Gud! Er det ikkje du som er Gud i himmelen? Du råder yver alle kongerike i verdi. I di hand er makt og velde, og det finst ingen som kann standa seg mot deg.

7Var det ikkje du, vår Gud, som dreiv ut ibuarane i dette landet for Israel, folket ditt, og so gav landet til etterkomarane åt Abraham, venen din, for alder og æva?

8Dei busette seg der og bygde ein heilagdom for namnet ditt sa:

9Kjem det nokor ulukka yver oss, sverd, straffedom, drepsott eller uår, då vil me ganga fram for dette huset og for di åsyn - for namnet ditt bur i dette huset - og me vil ropa til deg or naudi vår, og du vil høyra og hjelpa.

10Sjå no Ammons-borni og Moab og dei som bur i Se'irfjelli! Du gav ikkje Israels-mennene lov til å draga inn i landi deira den gongen dei kom frå Egyptarlandet; difor veik dei undan og tok ikkje på dei og øyde dei ikkje -

11men sjå no korleis desse folki løner oss! No kjem dei og vil driva oss ut or eigedomen din, det som du hev gjeve oss til eiga.

12Vår Gud, vil du ikkje halda dom yver dei? For me hev ikkje makt nok til å standa oss mot denne store heren som kjem imot oss, og me veit ikkje kva me skal gjera; men vender berre augo våre mot deg.

13Medan stod heile Juda der for Herrens åsyn; jamvel småborni og konone og sønene deira var med.

14Då kom, midt i lyden som var samla, Herrens Ande yver leviten Jahasiel, son åt Sakarja, son åt Benaja, son åt Je'iel, son åt Mattanja, av Asafs-ætti,

15og han sa: Lyd etter, heile Juda og de Jerusalems-buar, og du kong Josafat! So segjer Herren til dykk: De tarv ikkje ottast og ikkje reddast for denne store heren; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds.

16I morgon skal de draga ned imot dei! Då dreg dei uppetter Hassiskleivi, og de kjem til å møta dei ved enden av dalen midt imot Jerueløydemarki.

17Men det er ikkje de som skal strida denne gongen; de skal berre stella dykk upp og standa og sjå på korleis Herren frelser dykk, de Juda- og Jerusalems-menner! Ver ikkje redde eller ottefulle, men draga ut imot dei i morgon! Herren skal vera med dykk.

18Då la Josafat seg på kne med andletet mot jordi, og heile Juda og alle Jerusalems-buane kasta seg ned for Herrens åsyn og tilbad Herren.

19Og dei levitane som høyrde til Kahats-ætti og var etterkomarar etter Korah, reiste seg og lova Herren, Israels Gud, med ovhøg røyst.

20Dagen etter tok dei ut i otta og for til Tekoaøydemarki, og med same dei drog ut, steig Josafat fram og sa: Høyr på meg, Juda-menner og Jerusalems-buar! Tru på Herren dykkar Gud, so stend de traust! Tru på profetane hans, so skal de hava lukka med dykk!

21Sidan samrådde han seg med folket og skipa so ein flokk med songarar som skulde lova Herren i heilagt skrud medan dei drog ut fyre den væpna heren, og kveda: Prisa Herren, for hans miskunn varer æveleg!

22So snart no dei tok til med fagnadropi og lovsongane sine, laga Herren det so at folk som hadde lege i baklur, tok på Ammons-borni, Moab og Se'irfjells-buane - dei som var på veg til Juda - og dei vart slegne.

23Då vende Ammons-borni og Moab seg mot Se'irfjells-buane og hogg dei ned og tynte dei, og då dei hadde gjort ende på Se'irs-buane, hjelptest dei åt å tyna kvarandre.

24Då Juda-mennene kom upp på høgdi der ein kunde sjå utyver øydemarki, og såg seg um etter heren, fekk dei sjå at dei låg daude på marki - ingen hadde sluppe undan.

25Josafat og mennene hans drog då dit og vilde taka herfang. Dei fann der ei mengd med gods og lik og dyre eigneluter og reiv til seg so mykje at det var ikkje råd å bera alt saman. Tri dagar heldt dei på og henta heim herfanget, so stort var det.

26Fjorde dagen samla dei seg i Lovprisingsdalen. Der lova dei Herren; difor kalla dei den staden Lovprisingsdalen, og det namnet hev han havt til denne dag.

27So snudde, alle Juda- og Jerusalems-mennene, med Josafat fyre, og for glade heim att til Jerusalem; for Herren hadde unnt dei den gleda å vinna yver fiendane sine.

28Dei drog inn i Jerusalem til Herrens hus med harpor og citarar og lurar.

29Det kom redsla for Gud yver alle rike kring i landi, då dei høyrde at Herren hadde stridt mot Israels fiendar,

30og sidan hadde Josafats rike fred; for hans Gud let han få ro på alle kantar.

31So rådde no Josafat yver Judariket. Han var fem og tretti år gamal då han tok styret, og han sat fem og tjuge år i Jerusalem. Mor hans heitte Asuba og var dotter åt Silhi.

32Han fram etter same vegen som Asa, far hans, hadde fylgt; den veik han aldri utav, men gjorde det som rett var i Herrens augo.

33Like vel vart offerhaugane ikkje nedlagde, og folket hadde endå ikkje vendt hugen sin stødt til sine feders Gud.

34Det som meir er å segja um Josafat, både i hans fyrste og i hans seinare dagar, det stend skrivi i krønikeboki åt Jehu Hananison, som er uppteke i boki um Israels kongar.

35Sidan gjorde Josafat, Juda-kongen, samlag med Akasja, Israels-kongen, han som for so gudlaust åt.

36Han gjorde samlag med han um å byggja skip som skulde ganga til Tarsis; og dei bygde skip i Esjon-Geber.

37Men Elieser Dodavason frå Maresa spådde Josafat ille og sa: For di du hev gjort samlag med Akasja, skal Herren lata tiltaket ditt verta um inkje. Og nokre av skipi forliste og vann ikkje kunde ganga til Tarsis.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 20.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.