1Josafat vann stor rikdom og æra. Han kom i giftarskyldskap med Akab,
2og då nokre år var lidne, for han ned til Akab i Samaria. Akab let slakta småfe og storfe i mengdevis for han og det folket han hadde med seg, og eggja han til å fara i herferd mot Ramot i Gilead.
3Akab, Israels-kongen, sa til Josafat, Juda-kongen: Vil du fara med meg til Ramot i Gilead? Josafat svara: Eg som du, mine folk som dine folk - me vil vera med deg i striden.
4Men han la til: Spør like vel fyrst kva Herren segjer!
5Då kalla Israels-kongen saman profetane, fire hundrad mann, og spurde dei: Skal me fara i herferd mot Ramot i Gilead, eller skal eg lata det vera? Dei svara: Far du! Gud vil gjeva byen i hendene dine, konge.
6Men Josafat sa: Er det ingen annan av Herrens profetar her som me og kunde få til å spyrja Herren?
7Israels-kongen svara: Det finst endå ein mann som me kunde få til å spyrja Herren, men eg likar han ikkje; for han spår meg aldri noko godt, alltid berre vondt; det er Mika Jimlason. Josafat sa: Slikt skulde ikkje kongen segja!
8Då ropa Israels-kongen på ein av hirdmennene og sa: Henta Mika Jimlason! Ver snøgg!
9Medan sat Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, klædde i kongeleg skrud, på kvar sin kongsstol, på ein treskjevoll utmed porten til Samaria, og alle profetane stod framfyre dei og sa fram spådomane sine.
10Sedekias, son åt Kena'ana, gjorde seg horn av jarn og sa: So segjer Herren: Med desse skal du stanga syrarane til du fær gjort ende på dei.
11Og alle hine profetane spår like eins og sa: Far upp mot Ramot i Gilead! Du kjem til å hava lukka med deg, og Herren skal gjeva byen i hendene dine, konge.
12Ærendsveinen som hadde gjenge av stad og skulde henta Mika, sa til han: Hine profetane spår alle som ein godt for kongen. Kjære, lat no dine ord samstavast med det dei segjer, og spå godt, du og!
13Men Mika svara: So visst som Herren lever: Eg talar ikkje anna enn det som min Gud segjer til meg.
14Då han kom fram, sa kongen til han: Mika, skal me fara i herferd mot Ramot i Gilead, eller skal eg lata det vera? Han svara: Far de! De kjem til å hava lukka med dykk, og dei skal gjevast i dykkar vald.
15Men kongen sa til han: Kor mange gonger lyt eg naudbeda deg at du ikkje skal segja meg anna enn sanningi i Herrens namn?
16Då sa Mika: Eg såg heile Israel spreidt utyver fjelli liksom ein hyrdinglaus saueflokk; og Herren sa: Dei der hev ingen herre; lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!
17Israels-kongen sa til Josafat: Var det ikkje det eg sa deg: Han spår meg aldri noko godt, berre vondt?
18Men Mika sa: So høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin og heile himmelheren standa på hans høgre og hans vinstre sida.
19Og Herren sa: Kven vil dåra Akab, Israels-kongen, so han gjer ei herferd til Ramot i Gilead og fær sin bane der? Ein svara so og ein annan so.
20Då kom åndi fram og stod for Herrens åsyn og sa: Eg skal dåra han. Herren spurde: Korleis?
21Åndi svara: Eg vil fara ut og vera ei ljugarånd i munnen på alle profetane hans. Då sa Herren: Ja, du kann få dåra han, og det skal lukkast for deg og; far ut og gjer so!
22So no hev Herren lagt ei ljugarånd i munnen på alle desse profetane dine; men sjølv hev han varsla deg ei ulukka.
23Då steig Sedekias, son åt Kena'ana fram og slo Mika på kinni og sa: Kva veg hev Herrens Ande fare frå meg for å tala med deg?
24Mika svara: Det skal du få sjå den dagen du lyt røma frå rom til rom og leita etter ei gøymsla.
25Då sa Israels-kongen: Tak Mika og før han burt att - til Amon, byhovdingen, og Joas, kongssonen,
26og seg: So segjer kongen: Set han i fangehuset og lat han leva på fangekost til eg kjem att med heilo!
27Mika sa: Skulde det henda at du kjem heim att med heilo, so hev ikkje Herren tala gjenom meg. Og han la til: Høyr dette, de folk, alle saman!
28So drog Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, upp til Ramot i Gilead.
29Og Israels-kongen sa til Josafat: Eg vil klæda meg ut og so ganga i striden; men hav du på deg den vanlege bunaden din. So klædde han seg ut, Israels-kongen, og dei gjekk i striden.
30Men syrarkongen hadde sagt til hovdingane for vognheren sin: De skal ikkje taka på nokon, anten liten eller stor, anna berre på Israels-kongen.
31Som no vognhovdingane såg Josafat, tenkte dei det var Israels-kongen, og dei styrmde kring han og vilde taka på han. Då sette Josafat i eit høgt rop, og Herren hjelpte han - Gud vende dei burt frå han.
32For då vognhovdingane såg at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg burt ifrå han att.
33Medan dette stod på, var det ein mann som spente bogen og skaut på måfå og råka Israels-kongen millom brynjestakken og brynja. Då sa han til vognstyraren: Snu og køyr meg ut or heren! Eg er såra.
34Men striden auka på den dagen, og Israels-kongen heldt seg uppreist i vogni midt imot syrarane alt til kvelds; men soleglads bel døydde han.