1Josafat, son hans, vart konge etter han. Han freista å styrkja makti si mot Israel
2og la herfolk i alle dei faste byane i Judariket og sette ut vaktpostar både i Judalandet og i dei byane i Efra'im som Asa, far hans, hadde vunne.
3Herren var med Josafat, for di han ferdast etter dei vegane som David, ættefaren hans, hadde fylgt i si fyrste tid, og ikkje søkte til Ba'alane,
4men søkte til Gud åt far sin og heldt seg etter bodi hans og ikkje for åt som dei gjorde i Israelsriket.
5Difor trygde Herren kongedømet i hans hand, og heile Juda-folket kom med gåvor til Josafat, so han fekk stor rikdom og æra.
6Og medan han heldt fram etter Herrens vegar, auka modet hans, so han endå fekk burt offerhaugane og Astarte-bileti i Juda.
7I det tridje året av kongedømet sitt sende han nokre av hovdingane sine av stad til å læra folket i Judabyane; det var Benha'il og Obadja og Sakarja og Netanel og Mikaja
8og saman med dei desse levitane: Semaja og Netanja og Sebadja og Asael og Semiramot og Jonatan og Adonja og Tobia og Tob-Adonja og med dei prestane Elisama og Joram.
9Dei lærde no i Judalandet og hadde Herrens lovbok med seg; dei for ikring i alle Judabyane og lærde folket.
10Då kom det otte frå Herren yver alle riki i dei landi som låg rundt ikring Juda, so dei ikkje torde yppa strid med Josafat.
11Nokre av filistarane kom åt Josafat med gåvor og med sylv som dei gav i skatt; arabarane og kom til han og hadde med seg småfe, sju tusund og sju hundrad verar og sju tusund sju hundrad bukkar.
12Soleis auka Josafats velde stødt, og han bygde borger og upplagsbyar i Judalandet.
13Han hadde mykje gods liggjande i Judabyane og stridsdjerve herfolk i Jerusalem.
14Dei skal me no rekna upp etter ættgreinene deira: Av Juda-ætti var desse hovdingar yver tusund mann: herhovdingen Adna med tri hundrad tusund djerve stridsmenner
15og jamsides han herhovdingen Johanan med tvo hundrad og åtti tusund
16og jamsides han Amasja Sikrison, som av si eigi råd hadde bode seg fram til Herrens tenesta; med han var tvo hundrad tusund djerve stridsmenner.
17Av Benjamins-ætti var det Eljada, ei djerv kjempa, med tvo hundrad tusund mann som var væpna med boge og skjold,
18og jamsides han Josabad med hundrad og åtti tusund herbudde menner.
19Dette var dei som gjekk kongen til handa, umfram det herfolket som kongen hadde lagt i dei faste byane i heile Judariket.