2 Chronicles 13NO1938N

1I attande året av Jeroboams kongedøme vart Abia konge yver Judariket.

2Han sat konge i Jerusalem i tri år. Mor hans heitte Mikaja; ho var dotter åt Uriel og var frå Gibea. Millom Abia og Jeroboam var det ufred.

3Abia byrja ufreden med ein stridsher av djerve herkjempor, fire hundrad tusund utvalde menner; men Jeroboam fylkte imot han ein her på åtte hundrad tusund utvalde menner, som og var djerve herkjempor.

4Abia gjekk upp på Semara'imfjellet, som høyrer til i Efra'imsfjelli, og steig fram og sa: Høyr på meg, Jeroboam og heile Israel!

5De veit då visst at Herren, Israels Gud, gjorde ei saltpakt med David og gav han og etterkomarane hans kongedømet yver Israel for æveleg tid.

6Men Jeroboam Nebatsson, ein av tenarane åt Salomo Davidsson, gjorde uppreist mot herren sin.

7Det samla seg kring han ein flokk lause karar og vonde menneske, og dei tok til å trassast med Rehabeam Salomoson; og Rehabeam var ung og modlaus og kunde ikkje standa seg imot dei.

8Og no tenkjer de at de kann standa dykk mot Herrens kongedøme, som Davids-sønene hev i hende, for di de er ein stor hop og hev gullkalvane hjå dykk, dei som Jeroboam let gjera so dei skulde vera gudar for dykk.

9Hev de ikkje jaga burt Herrens prestar, Arons-sønene, og levitane og sjølve gjort dykk prestar liksom folki i heidninglandi? Kven som kjem og vil fylla handi si og hev med ein ukse og sju verar, han vert prest for desse gudane som ikkje er gudar.

10Men vår Gud er Herren; me hev ikkje vendt oss frå han. Arons-sønene er prestar og gjer tenesta for Herren, og levitane greider arbeidet sitt;

11kvar morgon og kvar kveld brenner dei brennoffer og angande røykjelse for Herren og legg fram skodebrødi på det bordet som er av reint gull; dei steller gull-ljosestaken og lampone hans og kveikjer dei kvar kveld. Me hev umsut for det som Herren vil me skal hava umsut for; men de hev vendt dykk frå han.

12Gud er visseleg med oss; han er føraren vår og me hev prestane hans med stridslurane - dei skal blåsa til strid mot dykk. Israels-born, strid ikkje mot Herren, dykkar fedre-Gud! For det kjem ikkje til å lukkast for dykk!

13Medan let Jeroboam ein umsåtflokk svinga kringum, so dei kom bakpå Juda-heren; soleis stod dei sjølve midt framfor Juda-mennene, og umsåtflokken attanfor dei,

14og då Juda-mennene snudde seg, fekk dei sjå fienden både framanfor seg og attanfor seg. Då ropa dei til Herren; prestane bles i lurane,

15og Juda-mennene sette i eit høgt rop. Som no herropet frå Juda-mennene ljoma, laga Gud det so at Jeroboam og heile Israel tapte for Abia og Juda-heren.

16Israels-borni rømde for Juda-mennene, og Gud gav dei i deira vald.

17Abia og herfolket hans valda stort mannefall millom dei - fem hundrad tusund utvalde menner av Israel låg drepne på slagmarki.

18Soleis vart Israels-borni den gongen døyvde, men Juda-borni styrktest, av di dei sette lit til Herren, sin fedre-Gud.

19Abia elte Jeroboam og tok ifrå han byane Betel og Jesana og Efron, alle med grendene som høyrde til.

20Jeroboam hadde ingi makt meir so lenge Abia levde, og Herren råma han so han døydde.

21Men Abia vann stor makt. Han tok seg fjortan konor og fekk tvo og tjugeto søner og sekstan døtter.

22Det som elles er å fortelja um Abia, um åtferdi hans og det han tok seg fyre, det stend skrive i sogeboki åt Iddo, profeten.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.