1Men det gjekk so til at då Rehabeams kongedøme hadde fastna, og han sjølv var sterk vorten, vende han seg frå Herrens lov, og heile Israel med han.
2So hende det i femte styringsåret åt kong Rehabeam at Sisak, kongen i Egyptarland, gjorde ei herferd mot Jerusalem - for dei hadde svike Herren;
3han kom med tolv hundrad stridsvogner og seksti tusund hestfolk, og det fylgde han frå Egyptarland ei uteljande mengd hermenner: libyarar, sukkitar og etiopar.
4Han hertok dei faste byane i Judariket og kom alt til Jerusalem.
5Då kom Semaja, profeten, til Rehabeam og Juda-hovdingane, som hadde samla seg i Jerusalem av di dei var redde Sisak, og han sa til dei: So segjer Herren: De hev vendt dykk frå meg; difor hev eg og vendt meg frå dykk og gjeve dykk i Sisaks vald.
6Då gjorde dei seg mjuke, både Israels hovdingar og kongen, og sa: Herren er rettferdig.
7Og då Herren såg at dei hadde gjort seg mjuke, kom Herrens ord åt Semaja, og det lydde so: Dei hev gjort seg mjuke; og eg vil ikkje tyna dei; men laga det so at dei so vidt vert berga, og vreiden min skal ikkje ausast ut yver Jerusalem ved Sisak.
8Men dei skal verta tenarane hans, so dei fær kjenna kor stor skilnad det er på å tena meg og å tena kongane i heidninglandi.
9So drog Sisak, egyptarkongen, upp mot Jerusalem. Han både dei skattane som var i Herrens hus, og dei som var i kongshuset - alt saman tok han. Like eins tok han gullskjoldane som Salomo hadde kosta.
10I staden for dei let kong Rehabeam gjera koparskjoldar og sette hovdingane for drabantane som heldt vakt i slottsporten, til å taka vare på dei.
11Og kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, kom drabantane og bar dei og tok dei so med seg attende til vaktstova.
12Det var av di Rehabeam gjorde seg mjuk, at Herrens snudde seg ifrå han; han vilde ikkje heiltupp tyna han, og det fanst endå noko godt i Judariket.
13Sidan sat kong Rehabeam atter trygg i Jerusalem og styrde riket sitt. For han var ein og fyrti år gamal då han vart konge, og syttan år styrde han i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut i alle Israelsfylki og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Na'ama og var frå Ammon.
14Han gjorde det som vondt var; for han la ikkje hugen sin på å søkja Herren.
15Alt det som er å fortelja um Rehabeam, både i hans fyrste og i hans seinare tid, det stend skrive i krønikebøkene åt profeten Semaja og sjåaren Iddo, der som ættetavlene er uppskrivne. Millom Rehabeam og Jeroboam var det ufred heile tidi.
16So for Rehabeam til og vart gravlagd i Davidsstaden, og Abia, son hans, vart konge etter han.