1 Samuel 8NO1938N

1Då Samuel vart gamal, sette han sønene sine til domarar i Israel.

2Eldste son hans heitte Joel og den andre Abia; dei skifte rett i Be'erseba.

3Men sønene hans fylgde ikkje i hans fotfar; dei søkte berre sin eigen bate og tok mutor og rengde retten.

4Då kom dei i hop alle styresmennene i Israel og for til Samuel i Rama

5og sa til han: No hev du teke til å eldast, og sønene dine fylgjer ikkje i dine fotfar. So set no ein konge yver oss til å styra oss! Det hev då alle hine folki.

6Då dei sa det ordet: Gjev oss ein konge, som kann styra oss! tykte Samuel vondt, og han bad til Herren.

7Men Herren sa til Samuel: Lyd du folket og gjer alt det dei bed deg um! For det er ikkje deg dei hev vanda; det er meg dei hev vanda og ikkje vil hava til konge yver seg.

8So hev dei alltid gjort frå den dagen eg førde dei upp frå Egyptarland, og til denne dag - dei vende seg frå meg og tente andre gudar; og so fer dei no åt mot deg og.

9Gjer no som dei vil! Men fyrst lyt du vara dei ålvorleg og segja dei greidt korleis han kjem til å fara åt den kongen som skal råda yver dei.

10Då tala Samuel til folket som kravde ein konge av han, og gjorde kunnigt for dei alt det Herren hadde sagt.

11Han sa: Soleis kjem han til å bera seg åt den kongen som skal råda yver dykk: Sønene dykkar tek han og set til å stella med vogni og hestane sine, og dei lyt springa fyre vogni hans.

12Han set dei til hovdingar yver tusund mann og yver femti mann og til å pløgja åkrane hans og hausta inn avlingi hans og til å laga stridsvåpen og køyregreidor åt han.

13Døtterne dykkar tek han og set til å laga kryddesalve og til å koka og baka åt han.

14Dei beste gjordi og vinhagane og oljehagane dykkar tek han og gjev tenarane sine.

15Av åkrane og vinhagane dykkar tek han tiend og gjev hirdmennene og tenarane sine.

16Drengene og tenestgjentone dykkar og dei likaste unggutane dykkar og asni dykkar tek han og hev dei til å arbeida for seg.

17Av småfeet dykkar tek han tiend, og sjølve vert de trælane hans.

18Då kjem de ein dag til å ropa til Herren for den kongen skuld som de hev kåra dykk; men den dagen svarar han dykk ikkje.

19Men folket vilde ikkje høyra på Samuel; dei sa: Nei, me vil hava ein konge yver oss.

20Me vil hava det som alle hine folki hev det; og kongen vår skal skifta rett millom oss og ganga fyre oss i striden når me hev ufred.

21Då Samuel hadde høyrt alt det folket hadde å segja, bar han det fram for Herren.

22Og Herren sa til Samuel: Gjer som dei vil og set ein konge yver dei! Då sa Samuel til Israels-mennene: Far heim att kvar til sin by!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.