1 Samuel 7NO1938N

1Då kom mennene i Kirjat-Jearim og henta Herrens kista upp til seg og bar henne inn i Abinadabs hus på haugen; og dei vigde Eleasar, son hans, til å taka vare på Herrens kista.

2Frå den dagen då kista kom til Kirjat-Jearim, leid det no ei lang tid - tjuge år gjekk det; då sukka heile Israels-ætti etter Herren.

3Då sa Samuel til heile Israels-ætti: Er det av heile dykkar hjarta de vender um til Herren, so hav ifrå dykk dei framande gudane og Astarte-bileti og vend hjarta dykkar til Herren og ten berre han! So skal han fria dykk frå filistarveldet.

4Då skilde Israels-borni seg med Ba'alane og Astarte-bileti og tente berre Herren.

5Sidan sa Samuel: Stemn heile Israel saman til Mispa, so skal eg beda til Herren for dykk!

6Då samla dei seg i Mispa, og dei auste upp vatn og rende det ut for Herrens åsyn; den dagen fasta dei og sanna at dei hadde synda mot Herren. Og Samuel skifte rett millom Israels-borni i Mispa.

7So snart filistarane fekk spurt at Israels-borni hadde samla seg i Mispa, drog hovdingane deira ut imot Israel. Då Israels-borni høyrde det, vart dei redde

8og sa til Samuel: Du må ikkje halda upp å ropa til Herren vår Gud for oss og beda at han vil fria oss frå filistarveldet!

9Då tok Samuel eit soglamb og ofra det heilt til brennoffer åt Herren. Samstundes ropa han til Herren for Israel, og Herren svara han.

10For medan Samuel bar fram brennofferet, og filistarane kom næmare og næmare og vilde taka på Israel, sende Herren same dagen eit sterkt torever yver filistarane og sette slik støkk i dei at dei tapte for Israel.

11Då drog Israels-mennene ut frå Mispa og sette etter filistarane og hogg dei ned og elte dei alt til Bet-Kar.

12Og Samuel tok ein stein og sette upp millom Mispa og Sen; den steinen kalla han Eben-Eser og sa: Til no hev Herren hjelpt oss.

13Soleis vart filistarane døyvde, og dei kom ikkje oftare inn i Israelsriket. Herren lyfte handi si mot filistarane so lenge Samuel levde.

14Dei byane som filistarane hadde teke frå Israel, kom under Israel att, frå Ekron alt til Gat, og alt landet som låg ikring dei, vann Israel og att frå filistarane. Millom Israel og amoritane var det fred.

15Samuel skifte rett i Israel so lenge han levde.

16År etter år drog han ikring til Betel og Gilgal og Mispa og skifte rett millom Israels-borni på alle dei stadene.

17Kvar gong for han heim att til Rama; for der var bustaden hans, og derifrå styrde han Israel. Der bygde han og eit altar for Herren.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.