1 Samuel 4NO1938N

1Samuels ord nådde yver heile Israel, og Israel drog ut til strid mot filistarane; dei lægra seg ved Eben-Eser, og filistarane lægra seg i Afek.

2So fylkte filistarane heren sin mot Israel, og striden breidde seg utyver; då tapte Israel for filistarane, og filistarane felte på sjølve slagmarki um lag fire tusund mann.

3Då no folket kom att til lægret, sa styresmennene i Israel: Kvifor hev Herren late filistarane vinna på oss i dag? Lat oss henta Herrens paktkista hit frå Silo, so ho kann koma og vera millom oss og berga oss frå fiendane våre!

4So sende folket bod til Silo, og derifrå kom dei med paktkista åt Herren, allhers Gud, han som tronar yver kjerubane; båe Eli-sønene, Hofni og Pinehas, var og med; dei fylgde Guds paktkista.

5Med det same Herrens paktkista kom til lægret, sette heile Israel i so sterkt eit glederop at jordi dunde.

6Filistarane høyrde ljomen av glederopet og sa: Kva tyder dette høge glederopet i hebrearlægret? Men då dei fekk vita at Herrens kista var komi til lægret,

7vart dei redde; for dei tenkte: Gud er komen til lægret. Og dei sa: Usæle me! Sovore hev aldri hendt fyrr.

8Usæle me! Kven skal frelsa oss frå desse veldige gudane? Dette er dei same gudane som sende allslags plagor yver egyptarane i øydemarki.

9Men tak mot til dykk, filistarar, og ver karar, so ikkje de skal ljota træla for hebrearane, liksom dei hev træla for dykk! Ver no karar og gakk på!

10So gjekk filistarane på, og Israels-mennene tapte og rømde kvar til sitt tjeld. Mannefallet vart fælande stort; det fall tretti tusund mann fotfolk av Israels-heren.

11Guds kista vart teki, og båe Eli-sønene, Hofni og Pinehas, let livet.

12Ein mann av Benjamins-ætti sprang av stad frå slagmarki og kom same dagen til Silo med sundrivne klæde og mold på hovudet.

13I det belet han kom, sat Eli på stolen sin attmed vegen og stirde burtetter; for hjarta hans var fullt av otte for Guds kista. Då no mannen kom inn i byen med tidendi si, sette heile byen i og skreik og jamra.

14Eli høyrde ljomen av skriket og spurde: Kva er dette for ståk? Då skunda mannen seg burt til Eli og bar fram tidendi åt han.

15Eli var då åtte og nitti år gamal og starblind; han var ikkje god til å skilja.

16Som no mannen sa: Det er eg som kjem frå slagmarki; eg rømde frå slagmarki i dag, so spurde Eli: Korleis hev det gjenge då, guten min?

17Han som kom med tidendi, svara: Israel rømde for filistarane, og det vart eit stort mannefall millom folket; båe sønene dine, Hofni og Pinehas, hev og late livet, og Guds kista er teki.

18Med det same han nemnde Guds kista, datt Eli attlenges ned av stolen han sat i attmed porten, og braut halsbeinet, so han døydde; for han var ein gamal og svær mann. Han hadde styrt Israel i fyrti år.

19Verdotter hans, kona åt Pinehas, var med barn og gjekk på fallande fot. Med det same ho fekk høyra tidendi at Guds kista vart teki, og at verfaren og mannen hennar hadde mist livet, seig ho i kne og fødde; for ridene kom brått yver henne.

20Då ho var mest inni dauden, sa kvinnone som stod uppyver henne: Syt ikkje; du hev fenge ein son! Men ho svara ikkje og akta ikkje på det.

21Ho kalla guten Ikabod og sa: Kvorven er herlegdomen frå Israel - ho kom i hug Guds kista som var teki, og verfaren og mannen sin.

22Ho sa: Kvorven er herlegdomen frå Israel; for Guds kista er teki.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.