1So for David derifrå og kom seg undan til helleren ved Adullam. Då brørne hans og alt hitt folket i ætti fekk spurt det, kom dei dit ned til han.
2Og alle som var naudstadde eller skuldbundne eller misnøgde, flokka seg um han, og han vart hovdingen deira; det var um lag fire hundrad mann som var med han.
3Sidan for David til Mispe i Moab; og han sa til Moab-kongen: Kjære, lat far min og mor mi få koma hit og vera hjå dykk til eg fær sjå korleis Gud lagar det for meg!
4So førde han dei fram for Moab-kongen, og hjå han var dei so lenge David heldt til i fjellborgi.
5Men Gad, profeten, sa til David: Du må ikkje gjeva deg til i fjellborgi; drag burt og kom deg heim til Judalandet! Då tok David ut og kom til Haretskogen.
6Saul fekk snart høyra ordet um David og dei mennene som var med han. So var det ein dag han sat under tamariska på haugen i Gibea med spjotet sitt i handi, og alle mennene hans stod rundt ikring han;
7då sa han til mennene sine, som stod der ikring han: Høyr her, benjaminitar! Tenkjer de Isai-sonen vil gjeva dykk alle saman åkrar og vinhagar og gjera dykk alle til hovdingar for tusund eller for hundrad mann,
8sidan de alle hev svore dykk i hop mot meg, og ingen varsla meg då son min gjorde samband med Isai-sonen? Ingen av dykk tykkjer vondt um meg og let meg vita noko; for son min hev eggja tenaren min til å sitja etter meg, soleis som han no gjer.
9Doeg, edomiten, han som var sett yver tenarane åt Saul, tok til ords og sa: Eg såg at Isai-sonen kom til Akimelek Akitubsson i Nob,
10og Akimelek spurde Herren for han og gav han ferdakost og let han få sverdet åt Goliat, filistaren.
11So sende kongen bod etter Akimelek Akitubsson, presten, og heile ætti hans, prestane i Nob. Dei møtte alle fram for kongen,
12og Saul sa: Høyr her, Akitubsson! Han svara: Ja, her er eg, herre!
13Då sa Saul til han: Kvifor hev de svore dykk i hop mot meg, du og Isai-sonen? Kvifor gav du han mat og sverd og spurde Gud for han, so han skulde setja seg upp imot meg og sitja etter meg, som han no gjer?
14Akimelek svara: Kven av alle tenarane sine er då so veltrudd som David, han som er måg åt kongen og ein av dei du samråder deg med, og som er høgvyrd i huset ditt?
15Dette var då ikkje fyrste gongen eg spurde Gud for han. Aldri kunde eg koma på å gjera deg imot! Kongen må ikkje tru meg til slikt, og ikkje nokon i ætti mi heller! For tenaren din hev ikkje visst det minste grand um noko av dette.
16Men kongen sa: Du lyt lata livet, Akimelek, både du og heile ætti di.
17So sa han til kongskarane som stod ikring han: Gakk fram og drep Herrens prestar! For dei hev og hjelpt David; dei visste at han var på røming, men varsla meg ikkje. Men kongsmennene vilde ikkje lata handi si til å hogga ned Herrens prestar.
18Då sa kongen til Doeg: Gakk du fram og hogg ned prestane! Og Doeg, edomiten, gjekk fram, og han hogg ned prestane og tok den dagen livet av fem og åtti mann som bar messehaklar av lereft.
19Sidan øydde han med odd og egg Nob, prestebyen; både karar og kvinnor, både sogborn og større born, både uksar og asen og sauer drap han ned.
20Berre ein av sønene åt Akimelek Akitubsson - Abjatar heitte han - fekk berga seg undan. Han rømde dit David var, og fylgde han.
21Abjatar fortalde David at Saul hadde drepe Herrens prestar.
22Då sa David til Abjatar: Eg visste alt den gongen at Doeg, edomiten, var der, og at han vilde segja allting til Saul. Det er eg som ber skuldi for alle dei liv som er øydde i ætti di.
23Ver no hjå meg og ber ingen otte! Den som vil taka mitt liv, vil og taka ditt; hjå meg er du trygg.