1No for David til Nob, til Akimelek, øvstepresten. Men då Akimelek fekk sjå David, stokk han og spurde: Kvifor er du åleine og hev ingen med deg?
2David svara: Kongen gav meg ei ærend å greida; men samstundes sa han til meg: Ingen må få vita noko um den ærendi eg sender deg i og hev sett deg til å greida. Og sveinane mine hev eg sagt til å møta meg på den og den staden.
3Hev du noko mat hjå deg, so lat meg få det - fem brød eller kva som er for handi!
4Presten svara: Uvigsla brød hev eg ikkje; her finst ikkje anna enn heilagt brød - berre no sveinane hev halde seg burte frå kvinnor!
5David svara: Ja visst, kvinnor hev me ikkje havt høve til å vera i lag med korkje i går eller fyrre dagen. Då eg tok ut, var det heilagt alt det sveinane mine hadde på seg; og um dette er ei ferd som ikkje er heilag, so vert ho heilag i dag ved det dei hev på seg.
6Då let presten han få noko heilagt brød. For det var ikkje anna brød der enn skodebrødi, som hadde lege framfor Herrens åsyn, men vorte burttekne, so nytt brød kunde leggjast fram same dagen som det gamle vart henta.
7Den dagen var det ein av Sauls tenarar som heldt seg inne der framfor Herrens åsyn. Doeg heitte han; han var frå Edom og var den øvste av gjætarane åt Saul.
8So sa David til Akimelek: Hev du ikkje eit spjot eller eit sverd her? Eg fekk ikkje teke med meg sverdet mitt og ikkje dei andre våpni mine heller, av di det hadde slik bråhast med ærendi åt kongen.
9Presten svara: Jau, sverdet åt Goliat, filistaren, han som du slo i hel i Terebintedalen, det heng attanfor messehakelen, sveipt i eit klæde; vil du hava det, so tak det! Det er ikkje noko anna sverd her. David sa: Det finst ikkje maken til det; lat meg få det!
10So tok David ut att og rømde same dagen undan Saul; og han kom til Akis, kongen i Gat.
11Då sa tenarane åt Akis til han: Er ikkje dette David, kongen i landet? Var det ikkje han dei song soleis um medan dei dansa: Saul felte fiendar i tusundtal, men David i titusund-tal?
12David la seg desse ordi på hjarta, og han var svært redd for Akis, kongen i Gat.
13Difor skapte han seg galen for dei; han slo seg vill når dei kom innåt han, han rita på portvengene, og han sikla i skjegget.
14Då sa Akis til tenarane sine: De ser då at mannen er frå vitet; kvifor kjem de til meg med han?
15Hev eg ikkje nok av galne folk her sidan de kjem hit med han der, so eg skal plagast med galenskapen hans? Skulde slik ein få koma i mitt hus?