1Då bad Hanna og sa: Hjarta mitt frygdar seg i Herren, høgreist er hornet mitt i Herren; eg opnar munnen vidt mot fiendane mine, for di eg fegnast for frelsa di.
2Ingen er heilag som Herren; for ingen er til utan du, og det finst inkje fjell som vår Gud.
3Slutta med kyt og kaute ord, slepp ikkje agelause ord or munnen! For Herren er Gud som allting veit, og verki dei veg han vel.
4Broten vert bogen åt kjempone, og dei ustøde fær styrkebelte på.
5Dei mette lyt tena for maten, og dei svoltne svelt ikkje meir; sju born fær den barnlause kona, og den barnrike visnar burt.
6Herren døyder og vekkjer til live; han fører ned i helheimen og upp derifrå.
7Herren gjer arm og gjer rik; han trykkjer ned, og han lyfter upp;
8han reiser den ringe or dusti, lyfter den fatige or skarnet, sessar han saman med fyrstar og gjev han eit ærefullt sæte; for heimsens stolpar er Herrens, og jordriket hev han bygt på dei.
9Han vernar føtene åt sine trugne, men dei gudlause forkjemst i myrkret; for ingen er sterk av si eigi makt.
10Dei som strider mot Herren, tek støkk; yver dei dundrar han i himmelen. Herren dømer jordi frå ende til annan, han vil gjeva sin konge styrke og hevja hornet åt den han hev salva.
11So for Elkana heim att til Rama; men guten tente for augo åt Eli, presten.
12Men sønene åt Eli var uvyrdor; dei ansa ikkje Herren.
13Soleis for prestane fram mot folket: Kvar gong ein mann bar fram eit offer, kom drengen åt presten medan dei heldt på og koka kjøtet. Han hadde ein tritinda gaffel i handi;
14den stakk han ned i kjelen eller gryta eller panna eller krukka, og alt som kom upp med gaffelen, tok presten åt seg. Soleis gjorde dei med alle israelitar som kom dit til Silo.
15Jamvel fyrr dei hadde brent feittet, kom prestedrengen og sa til mannen som ofra: Hit med steikjekjøt til presten! Han tek ikkje imot kokt kjøt av deg, berre rått.
16Um då mannen sa: Fyrst lyt dei brenna feittet; sidan kann du taka so mykje som du hev hug til - so svara drengen: Nei, kom med det straks! Elles tek eg det med makt.
17Den syndi dei unge mennene gjorde, var ovstor for Herrens åsyn; for mennene vanvyrde Herrens offer.
18Medan gjorde Samuel tenesta for Herrens åsyn. Endå han berre var smågut, gjekk han klædd i ein messehakel av lin.
19Og mor hans laga kvart år ein liten kjole og hadde med åt han, når ho kom upp med mannen sin og skulde bera fram det årvisse offeret.
20Då velsigna Eli Elkana og kona hans og sa: Herren gjeve deg fleire born med denne kona i staden for han som ho bad um for Herren! So for dei heim att.
21Og Herren kom Hanna i hug, so ho vart med barn att og åtte tri søner og tvo døtter; men guten Samuel voks upp hjå Herren.
22No var Eli svært gamal, og når han høyrde gjete alt det sønene hans gjorde mot heile Israel, og at dei låg med dei kvinnone som gjorde tenesta ved døri til møtetjeldet,
23då sa han til dei: Kvifor fer de soleis åt? Eg høyrer alle folk her talar um den vonde framferdi dykkar.
24Far ikkje so, sønene mine! Det er ikkje noko godt ord eg høyrer um dykk; de forfører Herrens folk.
25Når ein mann syndar mot ein annan mann, so skal Gud døma han; men når ein mann syndar mot Herren, kven skal då vera målsmann for han? Men dei høyrde ikkje på far sin; for det var Herrens vilje at dei skulde døy.
26Men guten Samuel voks og mannast og vann godhug både hjå Herren og hjå menneske.
27Då kom det ein gudsmann til Eli og sa til han: So segjer Herren: Openberra eg meg ikkje for ætti åt far din, då dei var i Egyptarland og laut træla for Faraos hus?
28Millom alle Israels ætter valde eg han til å vera prest for meg, til å ofra på altaret mitt og brenna røykjelse og bera messehakel for mi åsyn, og eg gav farsætti di alle eldofferi frå Israels-borni.
29Kvifor trakkar de då på slaktofferet og matofferet mitt, dei offeri som eg hev skipa til i min bustad? Og du ærar sønene dine meir enn meg, med di de gjøder dykk med det beste av alle dei offergåvor som Israel, folket mitt, ber fram.
30Difor lyder ordet frå Herren, Israels Gud, so: Vel hev eg sagt: Di ætt og ætti åt far din skal ferdast for mi åsyn i all æva. Men no lyder Herrens ord so: Nei, langt av den leid! Dei som ærar meg, vil eg æra, og dei som vanvyrder meg, skal verta til skammar.
31Sjå, det skal koma ei tid då eg høgg av armen din og armen åt farsætti di, so ingen i ætti di skal verta gamal.
32Og du skal sjå Guds bustad i naud, endå so mykje godt han gjer mot Israel, og det skal aldri finnast nokon gamal i ætti di.
33Like vel vil eg ikkje rydja burt kvar mann av ætti di frå altaret mitt, so eg sløkkjer ut augo dine og let sjeli di talmast; men alle som veks upp i ditt hus, skal døy i sine manndomsår.
34Og til merke på dette skal du hava det som kjem til å råma sønene dine, Hofni og Pinehas: Dei skal båe døy på ein dag.
35Eg vil reisa meg upp ein trugen prest, som gjer etter min hug og vilje; åt han vil eg byggja eit traust hus, og han skal alltid ferdast for augo åt den eg hev salva.
36Då vil det ganga so at kvar ein som er att av ætti di, kjem og kastar seg å gruve for han og bed um ein sylvskilling eller ein brødleiv og segjer; Kjære vene, set meg i eit av presteembeti, so eg kann få ein bete mat å eta!