1Elkana heitte ein mann som budde i Ramata'im-Sofim i Efra'imsfjelli. Han var son åt Jeroham, son åt Elihu, son åt Tohu, son åt Suf, ein efra'imit.
2Han hadde tvo konor; den eine heitte Hanna og den andre Peninna. Peninna hadde born, men Hanna var barnlaus.
3År etter år drog denne mannen upp frå byen sin og tilbad og ofra til Herren, allhers Gud, i Silo. Der var dei tvo Eli-sønene, Hofni og Pinehas, prestar for Herren.
4Alltid når Elkana ofra, gav han Peninna, kona si, og alle sønene og døtterne hennar kvar sin lut;
5men Hanna fekk ein dobbel lut, for han elska Hanna, endå Herren hadde stengt morslivet hennar.
6Og medtevlaren hennar erga og terga henne og vilde øsa henne upp i egse, for di Herren hadde stengt morslivet hennar.
7Soleis gjorde han år etter år, kvar gong ho drog upp til Herrens hus, og soleis terga Peninna henne. Då gret ho og vilde ikkje eta.
8Elkana, mannen hennar, sa til henne: Kvifor græt du, Hanna, og kvifor et du ikkje? Kvifor er du so hugsjuk? Er ikkje eg meir for deg enn ti søner?
9Ein gong dei hadde ete og drukke i Silo, reis Hanna upp - Eli, presten, sat på stolen sin attmed dørstolpen i Herrens tempel -
10og i si hjartesut bad ho til Herren og gret sårt.
11Og ho gjorde ein lovnad og sa: Herre, du allhers Gud! Vil du venda augo til tenestkvinna di i hennar naud og koma meg i hug og ikkje gløyma tenestkvinna di, men lata tenestkvinna di få ein son, so vil eg gjeva han til Herren for alle hans levedagar, og aldri skal det koma rakekniv på hovudet hans.
12Ho heldt lenge på og bad for Herrens åsyn, og Eli fylgde munnen hennar med augo;
13for det var i hjarta Hanna bad; ho leda berre lippone, men mælet høyrdest ikkje. Difor trudde Eli ho var drukki,
14og sa til henne: Kor lenge vil du te deg fram drukki? Sjå til å verta av med ruset ditt!
15Men Hanna svara: Nei, herre! Eg er ei sorgtyngd kona. Vin og rusdrykk hev eg ikkje drukke; men eg hev rent ut sjeli mi for Herrens åsyn.
16Haldt ikkje tenestkvinna di for ei uvyrda! For eg hev heile tidi tala av mi store sut og sorg.
17Eli svara: Far i fred! Israels Gud skal gjeva deg det du hev bede han um.
18Då sa ho: Lat tenestkvinna di finna nåde for augo dine! So gjekk ho sin veg og fekk seg mat og såg ikkje lenger so sorgfull ut.
19Morgonen etter reis dei upp tidleg og tilbad for Herrens åsyn. So for dei heim att til Rama. Elkana budde saman med Hanna, kona si, og Herren kom henne i hug;
20og fyrr året var ute, vart Hanna med barn og åtte ein son, som ho kalla Samuel; for [sa ho] eg hev bede Herren um han.
21So drog mannen - Elkana - uppatt med heile huslyden sin og skulde ofra til Herren det årlege slaktofferet sitt og det offeret han hadde lova.
22Men Hanna vart ikkje med. Ho sa til mannen sin: Eg vil bia til guten er avvand. Då vil eg taka han med meg, so han kann te seg fram for Herrens åsyn, og sidan vera der all si tid.
23Elkana, mannen hennar, sa til henne: Gjer som du tykkjer best; sit heime til du hev vant han av; berre Herren vil gjera etter sitt ord! So var kona att heime og hadde son sin til brjostet til han var avvand.
24Men med same ho hadde vant han av, drog ho upp med han og hadde med seg tri uksar og ein efa mjøl og ei vinhit, og ho bar han inn i Herrens hus i Silo - han var berre barnet.
25So slakta dei uksen og førde guten inn til Eli.
26Og ho sa: Høyr på meg, herre! So visst som du lever, herre: Eg er den kvinna som stod her hjå deg og bad til Herren.
27Denne guten var det eg bad um, og Herren hev gjeve meg det eg bad han um.
28No gjev eg han att til Herren for all den tid han er til; det var for Herrens skuld eg bad um han. Og dei tilbad Herren der.