1Då Hiram, kongen i Tyrus, fekk spurt at Salomo var salva åt konge etter far sin, sende han tenarane sine til han; for Hiram hadde alltid vore godvener med kong David.
2Sidan sende Salomo bod til Hiram med dei ordi:
3Du veit at David, far min, ikkje fekk bygt eit hus for namnet åt Herren sin Gud, av di han fekk ufred med fiendane på alle kantar, til dess Herren la dei under føtene hans.
4Men no hev Herren min Gud laga det so at eg hev fred rundt ikring; det finst ingen motmann og ingen fåre.
5Difor tenkjer eg no å byggja eit hus for namnet åt Herren min Gud, soleis som Herren sa då han tala so til David, far min: Son din, som eg vil setja på kongsstolen etter deg, han skal byggja huset for namnet mitt.
6Lat no du folki dine hogga sedertre åt meg på Libanon, so skal mine folk vera med dei, og i løn for det arbeidet folki dine gjer, skal eg gjeva deg det du sjølv set på; for du veit at det finst ingen hjå oss som skjønar seg so vel på timberhogst som Sidon-mennene.
7Då Hiram fekk det bodet frå Salomo, vart han ovglad og sa: Lova vere Herren i dag som hev gjeve David so vis ein son og sett han til å styra dette store folket.
8So sende Hiram bod attende til Salomo med dei ordi: Eg hev fenge det bodet du sende meg. Eg skal i alle måtar gjera som du ynskjer når det gjeld sedertrei og cypresstrei.
9Folki mine skal føra dei frå Libanon ned til havet, og me skal leggja dei i flotar på havet og føra dei til den staden du nemner for meg. Der skal me taka dei frå kvarandre, og so kann de henta dei. Sidan gjer nok du som eg ynskjer, og lat meg få det eg treng til kosthaldet mitt.
10So tok Hiram på og sende Salomo seder- og cypresstimber, so mykje han vilde hava.
11Og Salomo gav Hiram tjuge tusund kor kveite til kosthaldet hans og tjuge kor av sundstøytte oljebær; so mykje sende han år etter år til Hiram.
12Herren gav Salomo visdom, so som han hadde lova; det var fred millom Hiram og Salomo, og dei gjorde samband med einannan.
13So tok kong Salomo ut arbeidsfolk i heile Israel; tretti tusund mann tok han ut,
14og sende dei skiftevis til Libanon, ti tusund um månaden; ein månad var dei på Libanon og tvo månader heime. Det var Adoniram som hadde tilsyn med arbeidsfolket.
15Salomo hadde sytti tusund berarar og i fjelli åtti tusund steinhoggarar,
16umfram arbeidsformennene; dei var tri tusund og tri hundrad i talet og hadde rådvelde yver det folket som heldt på med arbeidet.
17Kongen baud at dei skulde brjota ut store steinar; kostesame steinar; for grunnmuren under huset skulde vera av hoggen stein.
18Og byggjarane åt Salomo og byggjarane åt Hiram og giblitane hogg dei til og stelte til timberet og steinane til husbyggjingi.