1 Kings 4NO1938N

1Kong Salomo var konge yver heile Israel.

2No skal me nemna dei fremste mennene hans: Asarja Sadoksson var prest;

3Elihoref og Akia, søner åt Sisa, var riksskrivarar; Josafat Akiludsson var sogeskrivar;

4Benaja Jojadason var hovding yver heren; Sadok og Abjatar var prestar;

5Asarja Natansson, var formann for futane; Sabud Natansson var prest og ven åt kongen;

6Akisar var slottshovding; Adoniram Abdason hadde tilsyn med dei som gjorde trælearbeid.

7Salomo hadde sett tolv futar yver heile Israel. Dei sytte for mat og drikke åt kongen og huset hans; kvar sin månad i året laut dei syta for det.

8Her er namni deira: Son åt Hur, i Efra'imsheidi;

9son åt Deker i Makas og Sa'albim og Bet-Semes og Elon-Bet-Hanan;

10son åt Hesed i Arubbot; han hadde Soko og heile Heferbygdi;

11son åt Abinadab hadde heile Dorhøglendet; Tafat, dotter åt Salomo, var kona hans;

12Ba'ana Akiludsson, hadde Ta'anak, Megiddo og heile Bet-Sean, som ligg jamsides med Sartan, nedanfor Jisre'el, frå Bet-Sean til Abel-Mehola og burtum Jokmeam;

13son åt Geber i Ramot i Gilead; han hadde byane åt Ja'ir, son åt Manasse, i Gilead, og Argobbygdi i Basan, seksti store byar med murar og koparslåer;

14Akinadab Iddoson hadde Mahana'im;

15Akima'as i Naftalifylket; han hadde og fenge ei dotter åt Salomo til kona, ho heitte Basmat;

16Ba'ana Husaisson, i Asersfylket og i Alot;

17Josafat Paruahsson, i Issakarsfylket;

18Sime'i Elason i Benjaminsfylket;

19Geber Urison i Gileadlandet - det landet som Sihon, kongen yver amoritane, og Og, kongen i Basan, hadde havt - han var einaste futen i dei bygdene.

20Juda og Israel var mange - so mange som sand i strand; dei åt og drakk og var glade.

21Salomo rådde yver alle kongeriki frå elvi til Filistarlandet og alt åt bytet med Egyptarland; dei kom med gåvor og lydde Salomo so lenge han levde.

22Til kosthaldet hjå Salomo gjekk det kvar dag med tretti kor fint mjøl og seksti kor vanleg mjøl,

23ti gjødde uksar, tjuge drifteuksar, og hundrad sauer, umfram hjortar og rådyr og dådyr og gjødde fuglar.

24For han rådde yver alt land vestanfor elvi, frå Tifsah til Gasa, yver alle kongane vestanfor elvi, og hadde fred på alle kantar rundt ikring;

25og kvar mann i Juda og Israel, frå Dan til Be'erseba, sat trygt under vintreet og fiketreet so lenge Salomo levde.

26Salomo hadde fyrti tusund stallrom for vognhestane sine og tolv tusund hestfolk.

27Dei futane me hev nemnt, sytte kvar sin månad for mat og drikke åt kong Salomo og alle som gjekk til hans bord; dei let det ikkje skorta på nokon ting.

28Og bygget og halmen til vognhestane og tråvarane førde dei dit det skulde vera, kvar etter som han var fyresagd.

29Gud gav Salomo visdom og ovstor kunnskap og eit vit som femnde vidt, liksom sanden på havsens strand.

30Salomos visdom var større enn visdomen åt alle austmennene og større enn all visdomen åt egyptarane.

31Han var visare enn alle menneske - visare enn Etan av Esrah-ætti og Heman og Kalkol og Darda, Maholssønene og han var namnspurd hjå alle folkeslagi rundt ikring.

32Han laga tri tusund ordtøke, og kvedi hans var eit tusund og fem i talet.

33Han tala um trei, frå sederen på Libanon til isopen som sprett utor muren, og han tala um dyri og fuglane og kreket og fiskane.

34Frå alle land kom det folk og vilde høyra visdomen åt Salomo, frå alle kongar på jordi som hadde høyrt gjete um visdomen hans.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Kings 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.