1 Chronicles 5NO1938N

1Sønene åt Ruben, eldste son åt Israel - for han var den eldste; men av di han vanhelga lega åt far sin, fekk sønene åt Josef Israelsson odelsretten, men då ikkje soleis at han skulde skrivast upp i ættelista som den eldste;

2for Juda var nok den mektigaste millom brørne sine, og ein av etterkomarane hans var etla til fyrste, men odelsretten høyrde Josef til -

3sønene åt Ruben, eldste son åt Israel, var Hanok og Pallu, Hesron og Karmi.

4Sønene åt Joel var Semaja, son hans; hans son var Gog; hans son var Sime'i;

5hans son var Mika; hans son var Reaja; hans son var Ba'al;

6hans son var Be'era, han som Tilgat-Pilneser, kongen i Assyria, hertok og førde burt. Han var hovding for rubenitane;

7og brørne hans var etter sine ætter, då dei var uppskrivne etter sine ættleder: Je'iel, den fyrste, og Sakarja

8og Bela, son åt Asas, som var son åt Sema Joelsson; han hadde heimen sin i Aroer og alt burtåt Nebo og Ba'al-Meon;

9og austetter nådde bustadene hans burtimot øydemarki som ligg hitanfor Fratelvi; for bufeet deira hadde auka sterkt i Gileadlandet.

10I Sauls tid gjorde dei ei herferd mot hagarenane og la dei under seg; sidan slo dei seg ned i tjeldbuene deira langs med heile austsida av Gilead.

11Gads-borni budde midt imot dei i Basanlandet alt til Salka:

12Joel var den fyrste, Safan den andre; so var det Janai og so Safat - alle i Basan.

13Brørne deira var etter sine ættgreiner Mikael og Mesullam og Seba og Jorai og Jakan og Sia og Eber, sju i talet.

14Alle desse var søner åt Abiha'il, son åt Huri, son åt Jaroah, son åt Gilead, son åt Mikael, son åt Jesisai, son åt Jahdo, son åt Bus.

15Aki, son åt Abdiel Gunison, var hovding for ættgreinene deira.

16Dei budde i Gilead i Basan og byane som høyrde til, og alt beitelandet i Saron, so langt det rakk.

17Alle desse vart uppskrivne i ættelistone den tid Jotam var konge i Juda, og den tid Jeroboam var konge i Israel.

18Rubens-borni og gaditane og helvti av Manasse-ætti var djerve menner, menner som bar skjold og sverd og spente boge og hadde lært hermannsyrket; dei var fire og fyrti tusund og sju hundrad og seksti våpnføre menner.

19Dei hadde ufred med hagarenane og Jetur og Nafis og Nodab,

20men fekk hjelp imot dei, so hagarenane og alle som var i lag med dei, vart gjevne i deira vald; for dei ropa til Gud i striden, og han høyrde bøni deira, etter di dei leit på han.

21Dei tok bufeet deira og dreiv det burt; det var femti tusund kamelar og tvo hundrad og femti tusund sauer og tvo tusund asen; dessutan hertok dei hundrad tusund karar og kvinnor.

22For det hadde vore eit stort mannefall, etter di denne ufreden var frå Gud. Sidan budde dei i bygdene heilt til dei vart drivne i utlægd.

23Dei som høyrde til halve Manasse-ætti, budde og der i landet, frå Basan til Ba'al-Hermon og Senir og Hermonfjellet; dei var mangmente.

24Dette var hovdingane for ættgreinene deira: Efer og Jisi og Eliel og Asriel og Jirmeja og Hodavja og Jahdiel - djerve herkjempor, namngjetne menner, hovdingar for ættgreinene sine.

25Men dei sveik sin fedre-Gud og heldt seg med dei gudane som folki der i landet dyrka, dei folki som Gud hadde rudt ut for dei.

26Då var det Israels Gud eggja upp assyrarkongen Ful imot dei, og so assyrarkongen Tilgat-Pilneser, og han førde dei i utlægd - både rubenitane og gaditane og halve Manasse-ætti - og flutte dei til Halah og Habor og Hara og Gosan-elvi, og der hev dei vore til denne dag.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Chronicles 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.