1 Chronicles 4NO1938N

1Sønene åt Juda var Peres, Hesron og Karmi og Hur og Sobal.

2Reaja, son åt Sobal, fekk sonen Jahat, og Jahat fekk sønene Ahumai og Lahad; dette var soratit-ættene.

3Og dette var Abi-Etams-ættene: Jisre'el og Jisma og Jidbas; og dei hadde ei syster som heitte Haslelponi.

4Og Pnuel var far åt Gedor, og Eser var far åt Husa; dei var søner åt Hur, eldste son hennar Efrata og far åt Betlehem.

5Ashur, far åt Tekoa, hadde tvo konor, Hela og Na'ara.

6Med Na'ara fekk han Ahussam og Hefer og Temeni og Ahastari; dette var sønene hennar Na'ara.

7Sønene hennar Hela var Seret og Jishar og Etnan.

8Og Kos vart far til Anub og Hassobeba og ættene hans Aharhel, son åt Harum.

9Jabes var halden gjævare enn brørne sine; mor hans hadde gjeve han namnet Jabes, med di ho sa: Med verk og vande hev eg ått han.

10Og Jabes kalla på Israels Gud og sa: Å, um du vilde velsigna meg, auka landviddi mi og lata di hand vera med meg, og um du vilde laga det so at ingi ulukke kom yver meg, og eg slapp å kjenna nokon verk! Og Gud let det ganga so som han bad.

11Kelub, bror hans Suha, fekk sonen Mehir, han var far åt Eston.

12Og Eston var far til Bet-Rafa, Paseah og Tehinna, far åt Ir-Nahas. Dette var mennene frå Reka.

13Sønene hans Kenas var Otniel og Seraja, og son åt Otniel var Hatat.

14Og Meonotai fekk sonen Ofra, og Seraja fekk sonen Joab, som vart far til ætti i Timbremannsdalen; for dei var timbremenner.

15Sønene hans Kaleb Jefunneson var Iru, Ela og Na'am, og son åt Ela var Kenas.

16Sønene hans Jehallelel var Sif og Sifa, Tirja og Asarel.

17Sønene hans Esra var Jeter og Mered og Efer og Jalon. Og ho vart med barn og åtte Mirjam og Sammai og Jisbah, far åt Estemoa.

18Jøde-kona hans åtte Jered, far åt Gedor, og Heber, far åt Soko, og Jekutiel, far åt Sanoah; men dei hine var søner åt Bitja, dotter åt Farao, som Mered hadde teke til kona.

19Sønene åt kona hans Hodija, syster hans Naham, var far åt Ke'ila, garmiten, og Estemoa, ma'akatiten.

20Sønene hans Simon var Amnon og Rinna, Ben-Hanan og Tulon. Sønene hans Jisi var Sohet og son åt Sohet.

21Sønene hans Sela Judason var Er, far åt Leka, og Lada, far åt Maresa, og dei ættene som høyrde til bomullsarbeidar-huset av Asbea-ætti,

22og Jokim og mennene i Koseba og Joas og Saraf, som rådde yver Moab, og Jasubi-Lehem. Men dette er gamle hendingar.

23Dei var pottemakarar, desse folki, og budde i Neta'im og Gedera; dei budde der hjå kongen og var i hans tenesta.

24Sønene hans Simeon var Nemuel og Jamin, Jarib, Serah og Saul.

25Hans son var Sallum; hans son var Mibsam; hans son var Misma.

26Sønene åt Misma var Hammuel, son hans, Sakkur, hans son, og Sime'i, hans son.

27Sime'i hadde sekstan søner og seks døtter; men brørne hans hadde ikkje mange søner, so heile ætti deira aukast ikkje so mykje som Juda-sønene.

28Dei budde i Be'erseba og Molada og Hasar-Sual

29og i Bilha og Esem og Tolad

30og i Betuel og Horma og Siklag

31og i Bet-Markabot og Hasar-Susim og Bet-Biri og Sa-ara'im - det var byane dei åtte, alt til David vart konge -

32med landsbyane som låg ikring, og i Etam og A'in og Rimmon og Token og Asan - fem byar -

33og alle landsbyane som låg ikring desse byane, alt til Ba'al. Dette var bustadene deira, og dei hadde si eigi ættelista.

34Mesobab og Jamlek og Josa, son åt Amasja,

35og Joel og Jehu, son åt Josibja, som var son åt Seraja Asielsson,

36og Eljoenai og Ja'akoba og Jesohaja og Asaja og Adiel og Jesimiel og Benaja

37og Sisa, son åt Sifi, som var son åt Allon, som var son åt Jedaja, som var son åt Simri, som var son åt Semaja -

38desse som her er nemnde på namn, var hovdingar i ættene sine, og lydane deira breidde seg ut og vart mangmente.

39Dei drog av stad burtimot mot Gedor alt til austsida av dalen og vilde finna beite for småfeet sitt.

40Og dei fann feitt og godt beite der. Landet var vidt og romt, og det var roleg og stilt der; for dei som budde der fyrr, høyrde til Kams-ætti.

41Men i den tidi då Esekias var konge i Juda, kom dei som her er uppskrivne med namn, og øydde tjeldbuene deira og hogg ned dei meunitane som var der, og bannstøytte dei, so dei no ikkje er til meir; so busette dei seg der i landet; for der var det beite for småfeet deira.

42Sidan drog fem hundrad mann av dei - av Simeons-borni - til Se'irfjelli, og Pelatja og Nearja og Refaja og Ussiel, sønene åt Jisi, styrde ferdi.

43Dei hogg ned resten av dei amalekitane som hadde kome seg undan; so slo dei seg ned der og hev vorte buande der til denne dag.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Chronicles 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.