1 Chronicles 24NO1938N

1No skal me tala um Arons-sønene og i skifti deira: Sønene hans Aron var Nadab og Abihu, Eleasar og Itamar.

2Men Nadab og Abihu døydde fyre far sin og hadde ingi søner; det var soleis berre Eleasar og Itamar som vart prestar.

3Saman med Sadok av Eleasars-sønene og Akimelek av Itamars-sønene skipa David dei i tenestelag etter yrket deira.

4Men då det synte seg at Eleasars-sønene hadde fleire hovdingar enn Itamars-sønene, skipa dei det so at Eleasars-sønene fekk sekstan hovdingar for sine ættgreiner og Itamars-sønene åtte for sine ættgreiner.

5Det var med lutkasting dei skifte dei, båe ættene; for det fanst heilagdoms-fyrstar og Guds-fyrstar både millom Eleasars-sønene og hjå Itamars-sønene.

6Semaja Netanelsson, som var skrivar og høyrde til Levi-ætti, skreiv dei upp for augo åt kongen og hovdingane; Sadok, presten og Akimelek Ebjatarsson og ættehovdingane åt prestane og levitane var der og såg på. Dei tok ut ei ættgrein for Eleasar og so til skiftes ei for Itamar.

7Fyrste luten fall på Jojarib, den andre på Jedaja,

8den tridje på Harim, den fjorde på Seorim,

9den femte på Malkia, den sette på Mijamin,

10den sjuande på Hakkos, den åttande på Abia,

11den niande på Jesua, den tiande på Sekanja,

12den ellevte på Eljasib, den tolvte på Jakim,

13den trettande på Huppa, den fjortande på Jesebab,

14den femtande på Bilga, den sekstande på Immer,

15den syttande på Hesir, den attande på Happisses,

16den nittande på Petahja, den tjugande på Esekiel,

17den ein og tjugande på Jakin, den tvo og tjugande på Gamul,

18den tri og tjugande på Delaja og den fire og tjugande på Ma'asja.

19Dette var den skipnaden dei skulde gjera tenesta si etter, når dei gjekk inn i Herrens hus, soleis som Aron, far deira, hadde sagt dei fyre etter den fyresegni han hadde fenge frå Herren, Israels Gud.

20Spørst det um dei andre Levi-borni, so var det av Amrams-sønene Subael, og av Subaels-sønene Jehdeja.

21Av Rehabja-sønene Jissia hovdingen.

22Til jisharitane høyrde Selomot, til Selomots-sønene Jahat.

23Sønene [hans Hebron] var Jeria, Amarja, den andre, Jahasiel, den tridje, og Jakamam, den fjorde.

24Son hans Ussiel var Mika; av sønene hans Mika Samur.

25Bror åt Mika heitte Jissia; ein av sønene hans Jissia heitte Sakarja;

26sønene åt Merari var Mahli og Musi, søner åt Ja'asia, hans son.

27Søner åt Merari gjenom Ja'asia, son hans, var og Soham og Sakkur og Ibri.

28Mahli hadde sonen Eleasar; men han hadde ingi søner.

29Til Kis - Kis-sønene - høyrde Jerahme'el.

30Sønene åt Musi var Mahli og Eder og Jerimot. Dette var levit-sønene etter ættgreinene deira.

31Dei og kasta lut for kong Davids augo liksom Arons-sønene, brørne deira, og Sadok og Akimelek og ættehovdingane åt prestane og levitane - hovdingen for kvar ættgrein so vel som den yngste samættingen hans - var med og såg på.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Chronicles 24.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.